Lett overskya

17 mm regn på eit døgn. Det meste kom i går om morgonen/dagen, litt i natt. I dag har det vore overskya med lagskyer, på føremiddagen så tynt skydekke at sola skein bleikt gjennom og varma. Tiltjukning ut over dagen. Litt bukleskyer under lagskyene. Laber bris oppe i dalsida om ettermiddagen, svak vind her. +9 grader no i kveld.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oktoberklima på Sunnmøre

No midt i oktober, med typisk haustvêr, er det lite som minner om eit mildare klima. Denne månaden er eit av unntaka som ikkje viser trend mot høgare temperaturar. Målingar på Vigra frå og med 1958 viser stabil gjennomsnittstemperatur desse femt åra, naturlegvis med årlege svingingar. På Vigra kan ein vente rundt +10 grader først i månaden, og under +7 i slutten av månaden. Også skymengda ser ut til å halde seg omkring eit stabilt gjennomsnitt, men talet på klare dagar har gått attende. Til og med nedbøren har minka litt. Dei mest nedbørrike oktobermånadane har kome kring 1970-1985. Elles er det slik at første halvdelen av oktober har vore noko våtare enn siste halvdelen, ein skilnad på ti prosent. Statistikken viser også at vinden har minka gjennom desse femti åra.
At vinden har minka kjem nok av tilvekst av skog og bygningar. Nedbøren og temperaturen må derimot forklarast med utviklinga i større skala. Oktober er så seint at finvêr helst heng saman med låge temperaturar unnateke midt på dag. Men det er ikkje dette som forklarer at det mildare klimaet ikkje har kome i denne månaden.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snø i fjella att

16 mm regn siste døgn. Ut over morgonen jamnt striregn. Mest opplett fram mot middag, og skya, med vest-sørvest drag i skyene. Snø ned til 800 moh. +9 grader midt på dag. Vinden har minka til svak vind. Skodde på dei høge toppane.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Solglytt

Mest opplett i natt. Nesten all nedbøren siste døgn kom før kl 20 i går. I dag tidleg overskya og lett regn som vaks på. Før middag sprakk det opp, med nokre solglytt. Vest-sørvestleg drag i skyene. Berre kort tid før neste regnbya, men mykje opplett. +11 grader i dag. Lett bris. Nysnø over 1300 moh.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regnbyer

Det kom 13 mm på eit halvt døgn til i kveld. No er det +7 og opplett. Skya eller overskya.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regn

For det meste overskya, regn eller regnbyer. 14 mm på eit døgn. Sørvest lett bris, frisk bris meir utsette stader. Skodde på sume fjell, høge fjell som Grytvasstinden til dels fri for skodde. +8 grader.
 
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ruskevêr

Har vore regnbyer i natt. 4 mm i måleglaset til i dag. Mykje opplett i dag. Skya. Spreidde byer. Sørleg bris, kuling utsette stader. Om ettermiddagen regn, men ikkje lenge. Om kvelden vestleg skydrag, skya med bukleskyer og blå bakgrunn. Spreidt regn. 3 mm regn på eit halvt døgn.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mørke skyer

+13 grader om morgonen. 0,3 mm regn i måleglaset frå i går morgon. Mildt og overskya i heile dag. Etter kvart tjukkare skydekke, og spreidde dropar frå middagstida. Lett regn ut på dagen, opplett til kvelden. Til tider har det blese sønnavind, både i går kveld og litt i dag.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opplett dag

Regn i går kveld. Regnbyer til utpå morgonen i dag. 7 1/2 mm til kl 8. Sidan letta det, bukleskyer og seinare rukleskyer på himmelen. Litt sol. Svak vind. Om ettermiddagen tiltjukning med fåreskyer drivande frå vest samstundes som bukleskyene under dreiv frå sør-sørvest. Tidleg på kvelden overskya, +11 grader.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mildt

4 mm nedbør i går morgon, etter regnbyene dagen før. Gårsdagen var fin, lett skya og litt sol før middag. Fjørskyer og slørskyer først på dagen, seinare tjukkare skyer, men opplett. Sør laber bris oppe i høgda.

I dag har det vore mildt, over 15 grader på det meste, overskya om morgonen, litt regn på føremiddagen, men knapt nok til å bløyte asfalten. Seinare skya, sørleg drag i skyene, mest bukleskyer. Lett bris.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget