Omkring fullmåne

No når det nettopp har vore fullmåne (i går) ville det vere kjekt med klarvêr slik at månen fekk lyse opp i nettene. Men dette ville innebere frost, og det er ikkje berre kjekt. Aller lysast vert det når det ligg snø, men det har også sine føremonar at denne ikkje er komen.
Denne morgonen er så mørk og regntung at det er vanskeleg å merke at månen står høgt og lyser nesten fullt. I går på ettermiddagen var det sprekker i skydekket og opplett slik at månen var synleg rett etter oppgang. Midt på dagen hadde det kome nesten umerkande nedbør som gjekk fort over. Morgonen var delvis skya med høge skyer som dreiv frå nordvest eller vest, så kom der lågare skyer som dreiv frå sørvest eller sør.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Roleg vêr

I går var det lettskya med berre skyer høgt oppe på himmelen, og solskin dei plassane som har fri sikt mot sør. Skyene dreiv lite, og vind var det lite av. Mot kvelden vart det kjøligare, men lite frost sjølv i grunnen. Med lite skyer og lite vind kan ikkje lufttemperaturen halde seg oppe denne tida. Marka misser varme pga. utstråling, og tek varme frå lufta som i sin tur vert kjølt ned. Kjøligare luft vert tyngre og let seg vanskeleg kvervle opp av ein svak vind i høgda. Då vert lufta ved marka fråkopla vinden i høgda og legg seg enda meir til ro.
 
I dag er det fem varmegrader, for det meste opplett, og flau vind. Skyene, som har trekt over det meste av himmelen, og også gøymer dei høge fjelltoppane, driv sakte frå vest-nordvest.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tiltjukning

Dagen starta med sørleg bris, skyer over det meste av himmelen, og turt og mildt vêr. +11 grader før middag. Seinare skya det over, og om kvelden regna det ei stund. No seint har regnet nesten gitt seg.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snaufjellet

Var oppe på Snaufjellet i går. Det heiter slik, med stor S. Toppen ligg 893 moh. Der oppe var det sør frisk bris og nokre få varmegrader. Då kjennest det kjølig, og det var godt å ta på varme klede. Men lengre nede, i dalen på sørsida, var det rett mildt. Kanskje fem varmegrader eller meir, og berre ein vindpust i blant. Og sola varmar enno bra i sørskråningar. Og ho skein mykje av tida.
Det var lettskya i går kveld. Litt fjørskyer. Bukleskyer i sør. Midt på dag dekte dei neste halve himmelen. Tidleg i går var der mykje skyer høgt på himmelen, fjørskyer og makrellskyer og rukleskyer med mandelform.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Austavind

Aust laber bris i dag. Lettskya, berre litt fjørskyer på himmelen. No i kveld delvis skya, rukleskyer, +8 grader. Trass i høg lufttemperatur finst det is på vegane og i marka. Vegane er likevel for det meste turre. At det er is på vegane kjem dels av at den turre vinden dreg både vatn og varme frå vegane. Vatnet vert til damp, og dette krev varme som vert teken frå vegen vel så mykje som frå lufta. Ein annan grunn til at vegen og marka er kaldare enn lufta er klar himmel og utstråling. Himmelen gir nesten ikkje varmestråling attende. Det betyr lite for lufta, for denne sender heller ikkje ut mykje varmestråling. Men underlaget sender ut rikeleg varmestråling, og når det kjem lite attende vert det heile eit minusrekneskap der underlaget taper varme. Midt på dag er det sjølvsagt litt innstråling frå sola, men denne tida på året gjer det lite på seg. Det er likevel nok til at rimet på marka vert teke vekk i sørskråningar.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Novembertemperaturar

På Svinøya har temperaturen vore målt sidan 1955. Korleis har så temperaturen utvikla seg i desse åra? Er der ein trend mot mildare klima i november slik det er på årsbasis? Statistikken viser at siste halvdel av denne perioden på over femti år har vore mildare enn første. Men skilnaden er liten, og kurven ser meir ut som ei skål enn som ei jamt stigande line. Åra frå 2000 og utover peikar seg ut som dei mildaste, men første del av måleperioden, dvs. siste halvdel av 1950-åra fram til 1961 var nesten like mild. I mellomtida var det kjøligare, og kjøligaste perioden var 1965-1973. Dette kan likevel ikkje kallast for kortvarige klimaendringar. Å ta ut periodar på nokre år på denne måten tyder å overlate det meste til slumpen. Eit rekke på ti kalendermånader av same slaget kan godt skille seg kraftig ut frå normalen på rein slump. Men det gir grunn til å vente at kanskje vert også november i år mildare enn slik vi hugsar det frå 1960-70-åra?
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Langt opp til snøen

Mildvêret i helga klarte å ta vekk snøen langt opp i fjellsidene. Etterpå kom det høgtrykk. Sjølv om det er høgtrykk kan gråvêret halde seg lenge denne tida berre det er ein svak pålandsvind. I går var morgonen mørk og fuktig med skoddeskyer og lett regn. Etter kvart ga nedbøren seg, og ut på dagen sprakk skydekket litt. I dag var det klart og fint. I vest låg skodda nesten ned til sjøen medan det var strålande klart over 400 moh. Melshornet på Hareid stakk fint opp over skodda.
Det treng elles ikkje vere pålandsvind for å lage skodde i november. I dag var det stilt. Skodda var der fordi det er mildt i høgda, truleg svak vind frå sør, og kjøligare luft under. Lufta over land vert fortare nedkjølt enn havlufta.
Oppklarning seint på hausten tyder nedkjøling av marka. Denne tek så varme frå lufta, som vert nedkjølt på etterskot. Sjølv om lufta held varmegrader kan det vere rim på marka og glatte vegar. Spesielt asfalten vert raskt avkjølt.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snø

I kveld kom første snøen. 3 cm ute på plenen. Det er +1 grad her på 150 moh. Tvilar på at snøen har lagt seg ned til sjøen. 6 mm i måleglaset i dag tidleg. Dette kom på eit halvt døgn. Kanskje 10 mm siste døgn. No tek eg inn måleglaset. Det fungerer ikkje for nedbørmåling i snøvêr. Og så kan det fryse i stykker om det kjem kuldegrader når det er vatn oppi det. Måleglaset står rett utafor huset. Det er praktisk når eg vil følgje med på regnvêret, men gir visse feilmålingar. Utstyr for nedbørmåling skal stå godt unna hus og tre for mest mogeleg upåverka registreringar. Dobbelt så langt unna som høgda på huset eller treet.
I dag var det litt sol tidleg på dagen. Delvis skya, seinare skya. På føremiddagen såg eg at dei låge skyene dreiv frå sør eller sør-sørvest, skyene over frå vest, og dei høge skyene frå nordvest. Eit synleg varsel om nordlege vindar.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meir vind

7 mm regn på eit og eit halvt døgn. I går på føremiddagen var det opplett, tiltjukning med lagskyer, og bukleskyer under. Mildt. Seinare kom det vind frå sør, og regn. Mot natta dreia vinden vest-sørvest. Morgonen var bra, skya og opplett. Sidan har det regna, etter kvart som byer. No i kveld er det opplett og +6 grader.
Var ein tur til Vartdalsstranda i helga. Der bles det kraftig frå sør saman med eit moderat regnvêr. Torsdag kveld bles det minst like kraftig frå sør. Då var det turt. Det har også vore spreidde lyn siste dagane, helst nær kysten.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Hauststormar

Sønnavinden torsdag var sjeldent kraftig. Vinden kjem ned frå fjella og vert dregen til havs av lågtrykk utanfor kysten. Slik vind er turbulent. Middelvinden er kanskje kuling utsette stader, men styrken i vindkasta er like sterk som styrken i vindkasta når det bles storm på flate stader.
Seint i oktober er sesongen for kuling og storm i full gang. Statistikk viser at det bles meir i november enn i oktober. Det er fordi det bles mindre i byrjing og i midten av oktober. I slutten av denne månaden bles det like mykje som det gjer i november.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget