Nordvest

No har vinden frå vest og nordvest vart lenge nok til at det er luft heilt frå Arktis som kjem inn over landet. Denne er naturleg nok kald, men ferda over hav mildnar lufta nedanfrå, og tilfører fukt samstundes. Vinden frå nordvest kryssar tvers over den milde havstraumen utanfor norskekysten. Er vinden sterk vert tida lufta treng for å passere denne straumen tilsvarande kort. Dermed vert oppvarminga av nordvestkulingen lita. Når vinden dreier beint nordleg kryssar lufta den milde havstraumen på skrå, og spaknar vinden i tillegg vert tida lufta brukar over det milde havområdet tilsvarande lengre. Derfor hender det ofte at temperaturen stig litt når vinden dreier frå nordvest til nord.
På kysten av Møre er det kort veg frå dei ytste øyane og inn til fjella. Nordvesten går beint inn mot land og vert fort bremsa av fjella. Andre deler er norskekysten er meir utsett for sterk vind frå nord og nordvest. I Trøndelag er det langt frå øyane og inn til fjella. Mellom Stad og Jæren bles nordlege og nordvestlege vindar langs med kysten og vert ikkje bremsa opp.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snøbyer

Heile dagen snøbyer, vest-nordvest bris, overskya eller skya. No i kveld to kuldegrader. Enno ikkje ti centimeter snø nede ved sjøen. Kanskje femten centimeter litt høgare oppe.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Novemberkulde

Kalde novemberdagar og netter har vorte sjeldnare. Få stader på Sunnmøre har lange måleseriar som viser minimumstemperaturar. I Tafjord går denne måleserien attende til 1954. Det gir ei rekke på 54 år å sjå på, frå 1954 til 2007. Dei første 40 åra brukte det å vere i middel to døgn kvar novembermånad då temperaturen gjekk ned til -5,0 grader eller kaldare. Særleg på 1960- og 70-talet hende dette ofte. Dei siste ti åra har kulde vorte sjeldnare. Når statistikken syner at det har hendt ein halv gong per månad og år tyder det at dei fleste åra no går utan at novembertemperaturen nokon gong kjem ned i fem kuldegrader.
Tafjordbygda er ikkje av dei stader som utmerker seg med kulde, trass i at ho ligg i indre strok. At det no sjeldnare kjem kulde i november heng mest saman med eit mildare klima, men tilveksten av skog jamnar ut temperaturen lokalt og dempar kuldebolkane.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Ruskevêr

Fire varmegrader, vind frå vest-nordvest, for det meste bris, men kuling når ei ny bye kjem med hagl og regn. Nedbør heile dagen, men mellom byene kjem det berre nokre dropar. Overskya heile tida, ganske mørkt under byene, lysare mellom. Snøen på marka er vekke i låglandet under 100 moh.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Haglbyer

To varmegrader, vestavind med hagl- og snøbyer, for det meste bris. Skya eller overskya, iblant skimt av blå himmel og den typiske forma på toppen av byeskyer. Berr mark, men kvitt på vegar.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt for ein dag

Sørleg bris, +6 grader, opplett sidan seint i går kveld, skya med både låge og høge skyer, sørvestleg drag i dei låge skyene, som ikkje tek ned på fjelltoppane. Lite kvitt att på markane. Stort sett kvitt over 250 moh.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nordavind

+1 grad og snø- eller hagbyer i kveld. Rolege vindtilhøve, men nordavinden når visst ikkje til i Vaksvika.
I går var det tungt vêr, overskya og regnbyer. Sørvestleg vind, liten kuling på litt utsette stader. Slik heldt det fram i natt.
I dag var det litt lettare, skya, nord-nordaustleg vind, frisk bris på litt utsette stader, og langt mellom regnbyene. Om dagen dreia vinden nordleg, og det vart større byeaktivitet.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Sørvest

Fem varmegrader og til dels opplett i dag. Laber bris frå sørvest. I natt har det regna og blese. Vanskeleg å seie kor sterk middelvinden har vore, frisk bris eller liten kuling.
No er sikta god, og fjella synlege nesten til topps. Framleis overskya, men lysare  i skydekket enn i går. Langt opp til snøen.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Grått

I dag har det vore ein av dei grå og triste novemberdagane. Det har likevel vore greit å drive utearbeid. Overskya, lett regn, +5 grader, svak vind, skodde på fjella.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Novembernedbør

Den fritt tilgjengelege databasen til Meteorologisk Institutt er grei å bruke når ein vil ha svar på spørsmål om korleis vêret har vore i distriktet. November er ein av dei fire nedbørrike månadane på slutten av året. Målingar i Ørskog og Volda i om lag femti år viser begge stader at nedbøren er størst i byrjinga av månaden og litt mindre seinare. Truleg har det vore større flaumar (det er helst då, og ikkje når det er kaldt, at nedbøren er størst) tidleg i november. Men det er slik at når det har vore mykje nedbør ein gong så er sjansen større for at det skal kome mykje nedbør ei veke seinare. Og to døgn på kort tid med ekstra mykje nedbør er nok til å gjere utslag på statistikkar som tek med 1500 dagar (50 år x 30 døgn). Og om det same på slump har hendt i fleire av desse åra vert utslaga i statistikken tydelege. Så når ein veit at desember brukar å vere like nedbørrik som november bør ein ikkje vente anna enn at sjansen for nedbør truleg er like stor i siste halvdel av november.
Posta under Klima | Kommenter innlegget