Slørskyer

Ei varmegrad, skaresnø, slørskyer og fjørskyer som dekker det meste av himmelen, flau vind, turt, god sikt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Delvis skya

Null grader no i kveld, stilt og lettskya. Morgonen var delvis skya, midt på dagen kom ei snøbye, i låglandet våt snø som ikkje la seg. Stort sett stilt og for det meste opplett i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Stormar

November er ein månad då det ofte førekjem stormar. Svinøya ligg nær Stad og ligg utsett til. Målingar i perioden 1957-2007 viser at 97 gongar har vinden nådd styrke full storm ein eller annan gong gjennom døgnet. Det vil seie at når vindstyrken har nådd maksimum har middelvinden for ein periode på ti minutt vore oppe i full storm eller enda meir. Det tyder at full storm førekjem rundt to gongar i ein typisk novembermånad. Det er likevel slik at det bles storm berre ein mindre del av tida i desse døgna. Mesteparten av tida har det nok blese kuling.
I 18 døgn gjennom desse 51 åra har vinden vore oppe i sterk storm. Altså om lag ein gong kvart tredje år. Ein av desse gongane vart det målt vindstyrke orkan. Slike vindstyrkar er det helst når vinden bles mellom vest og sør. Saman med slik vind brukar det å kome rikeleg regn inn over land. Temperaturen i stormane brukar å ligge rundt normalen for november. Stormar brukar det å vere i møtet mellom varm og kald luft. Inne over land heng stormar likevel saman med temperaturar over normalen. Roleg vêr, spesielt når det er lite skyer, gir avkjøling nær marka.
Det var spesielt på 1970-talet og 1980-talet at det var mykje stormar i november. I denne perioden var det også mange kalde vintrar. Kulde gir skjerpa temperaturmotsetnader, som igjen gir kraftige lågtrykk. Når isen og kulden er langt vekk manglar ein ingrediens som skal til for å gi sterk vind. Det ser ut til at dette betyr meir i november enn seinare ut over vinteren.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Opplett

Tre varmegrader, svak vind, for det meste overskya, regn av og til.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

Fem varmegrader, sørvest liten kuling, regn.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Tre varmegrader, perioder med regn, overskya, svak vind frå sørvest. Snøen har sekke i hop, trea står mørke og utan snø. I går var det fire varmegrader om kvelden, og det var det i dag tidleg også. Det bles liten kuling frå aust seint i går. I dag tidleg var det god sikt, og fjelltoppar var synlege.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Plussgrader

To varmegrader, spreidde sluddbyer, men for det meste opplett. Skya eller overskya, vestleg drag i skyene, flau vind. 32 cm snø nede ved hovudvegen. Minst 40 cm oppe i Hatlen.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snøvêr att

No midt på dagen har det på nytt byrja å snø. Snøen dett rett ned, kanskje er det flau vind. Ei og ei halv kuldegrad. I natt var det ned til ni kuldegrader, truleg på det kaldaste seint i går. Før i dag har det vore fint, overskya med god sikt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kulde

Åtte og ei halv kuldegrad i kveld. Stjernklart. Det ligg minst ein halv meter snø på marka. Svak vind frå aust.
Vêret roa seg natt til i går. I går om morgonen var det delvis skya opplett. Dagen vart fin. Nærare kysten kom det nokre lette haglbyer om kvelden. Utan pålandsvinden kjem ikkje byeskyene langt inn over land. På Vartdalsstranda var det i overkant av ti centimeter snø. Men denne var fast og bar lett ein skigåar.
Skiføret har vore flott. God gli og snø som bar godt, og som det gjekk godt å styre i. Småelvane oppe i høgda var tilfrosne. Nordleg svak vind på utsette stader. Og solskin der sola enno når.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snøkave

Det har snøa i heile dag, og blese liten kuling eller frisk bris. No i kveld er det null grader, og 40 cm snø på marka. Vinden ser ut til å kome frå vest-nordvest slik som dei siste dagane. Retninga skyene går er vanskeleg å sjå når det snøar heile tida.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget