Snøbyer

Spreidde snøbyer i dag, skya eller overskya, skydrag frå nordaust eller litt meir nordleg. Svak vind. Fem cm turr snø.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nysnø

Tungt vêr i dag. Regn frå morgonen, lite nedbør midt på dag, no i kveld er marka kvit etter litt snøvêr.
I går var det overskya og opplett med nokre plussgrader.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Berre markar att

Mildt vêr fjerna snøen opp til 200 moh. Lufttrykket har vore høgt i jula, men svak pålandsvind har gjort at det har vore mange grå dagar likevel. I går var det klart. Då kom temperaturen ned i -3 grader. Mild luft i høgda saman med avkjøling grunna oppklarning gjorde at det var ein del skoddeskyer i ytre strok. Vind har det vore lite av i det siste.
I dag er det to varmegrader og stort sett opplett. Skya eller overskya. Bukleskyer som ikkje tek ned på fjella.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Slaps

Eit tynt snørim i graset. +3 grader og opplett.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Byevêr

+2 grader. Spreidde regnbyer i dag, og for det meste overskya. Bris. Det meste av regnbyene har kome nærare kysten.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

+3 grader, spreidde regnbyer sidan tidleg i ettermiddag. For det meste bris.
Seint siste natt regna det. Om morgonen var det opplett, +5 grader, og midt på dag var det kortvarig delvis skya eller skya. Sidan har det vore nokre regnbyer, men mest opplett. Temperaturen har gått ned til +3.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Spreidt regn i dag, 5 grader, svak vind, overskya. Halvveis berrt på markane. På andre sida av dalen ligg markane kvite. Det er ikkje fordi der er nordvendt, for sola gjer liten skilnad no. Det kjem heller av at der er meir skog. Vinden når ikkje like godt til med utskifting av mild luft som fører varme ned til snøen.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Enda mildare

+10 grader, sørleg bris, overskya, bukleskyer som dreg frå sør eller sør-sørvest (sør til vest), og ligg over fjelltoppane. Opplett heile tida frå i går, men av og til nokre regndropar som knapt merkast. Turre vegar, berrt i låglandet opp til 50 moh, ti cm snø ligg att litt oppe i dalen.
I natt bles det kuling frå søraust. Vinden har kome i byer, og kanskje har gjennomsnittsvinden ikkje vore større enn frisk bris, men ein legg mest merke til vindkasta, og det vert opplevd som kuling når vinden i perioder er slik.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildare

+8 grader, svak vind frå sør. Skya, fri sikt til fjelltoppane. Dei nedste skyene, bukleskyer, driv frå sør-sørvest, ovanfor driv fjørskyer frå vest-sørvest. Lufttrykket har minka. Desse teikna tyder på at det kjem regn innan eit halvt døgn.
Meir enn ti cm snø på marka. Dette er skaresnø som framleis ber.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

+6 grader, sør lett bris. Lett skya, dvs. høge tynne skyer over det meste av himmelen. Snøen har vorte kram eit stykke oppover i høgda. Av fuglar har eg sett fuglekonge, granmeis, dompap og gråtrast då eg var opp etter dalen.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget