Snøsmelting

Elva har vokse noko, både av regn og snøsmelting. +7 grader. Sørvest frisk bris, svak vind før i dag. Overskya, også overskya før middag. Etter middag kortvarig skya. Spreidt regn i dag. Lufttrykket har stige sidan i går. Stort sett tøya og snøfritt i låglandet.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kaldfront?

+5 1/2 grad i kveld. Lette regnbyer. Regn i fleire timar etter middag. Sørvest frisk bris i fjorden då, skyene kom frå vest-sørvest. Før det sprakk skydekket opp ganske kortvarig, men 7/8 av himmelen var skydekt då. Såg at der var nokre opprevne skyer over det nedste laget av skyer. Dei øvste skyene kom frå vest-nordvest, medan skyene lengre nede kom frå vest eller litt meir sørvestleg.
Eit temperaturfall på litt meir enn ei grad er ikkje mykje, men det kan likevel vere at ein kaldfront har passert. Ein kaldfront om vinteren gir ikkje berre temperaturfall fordi det kjem luft vestafrå, og dette er havluft med høgare temperatur enn lufta over land. I høgare luftlag kan temperaturfallet vere større enn nede ved havnivå.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

+7 grader, sørvest laber bris, regnbyer av og til, overskya eller skya. Tre fjerdepartar av markane enno snødekte. Regnet starta i natt, om morgonen var det eit lett regn, sidan har det vore perioder med opplett.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lagskyer

Månen står høgt i sør og er tre kvart lysande. Og tydeleg å skya gjennom eit skydekke som ser ut til å vere konturlaust. Ikkje nokon ring rundt månen. Dette er lagskyer, eit mellomstadium i framrykkinga av ein varmfront. Vinden bles frå søraust og styrken er til tider kuling, med rennefok fordi det enno ikkje er varmegrader. Lufttrykket har stige, men no ser det ut til at det byrjar å minke.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Omlegging

Tre kuldegrader og for det meste opplett i dag. Skya eller delvis skya. Ei kortvarig snøbye i dag, fleire byer i natt. Litt over ti cm snø på marka. Godt sparkføre. Svak nordavind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordvest

Flau vind. Litt meir i snøbyene som kjem spreidt. Snøen som fell er våt og heng ikkje på trea. Der er det berre vassdropar. Ei eller to varmegrader.Overskya eller skya. Skyene kjem frå nordvest i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vinter

Det har gått ein halv månad sidan sola snudde, og no har det allereie vorte merkbart lengre lyst om ettermiddagane. Men medan sola stig held gjennomsnittstemperaturen fram med å gå nedover i om lag tre veker til. Det er fordi det vert mindre mildvêr i samband med vestavind og nordavind. Havtemperaturen går nedover lenge enno. Sjølv om slutten av januar oftare er kald enn byrjinga er det starten på januar som er tida for kulderekordar. Denne tida kan det vere store svingingar i temperaturen.
Statistikken fortel at vi framleis har det meste av vinterkulde framom oss. Med vinden er det annleis. Det brukar å verte meir og meir vind framover vinteren, men her er toppen nådd ved nyttår. Så nå bør vi allereie ha meir enn halvparten av forekomstane av sterk vind bak oss. Men dette er gjennomsnitt.
Om ei veke er midtvinter nådd i samsvar med tidsrekninga på primstaven. Det passar bra med at vinteren ser ut til å vere på det strengaste då. Kulde seint på vinteren kjennest ikkje like ille fordi det gjerne er mindre vind, mindre nedbør, og kanske sol midt på dag.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Synnavind

Skya over i dag, framleis stort sett opplett i kveld. Det bles synnavind tidleg i kveld, "liten kuling i kasta". Då var det to varmegrader. Skydraget var frå sørvest.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kaldt

Sju kuldegrader og lettskya i dag. Over land er det heilt klart, til havs er det skya, truleg til dels byeskyer. Svak vind, typisk frålandsvind ("skjelle") slik det er i kaldt vintervêr.
I går var det ei varmegrad. Det brukar å verte litt mildare når vinden dreier rett nordleg. Gjennom dagen og kvelden kom det spreidde snøbyer. Vinden var på det meste styrke svak vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kvitt

Overskya, eit dekke av lagskyer, og til dels bukleskyer som tek ned på fjella. Ti cm snø på marka. Flau vind. Opplett.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget