Turt

+8 grader, sør liten kuling, skya. Berre mellomhøge og høge skyer. Turt i marka, tøya opp til 100-250 moh. Det har blese synnavind sidan i går, liten kuling eller frisk bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

+5 1/2 grad, sørleg laber bris, skya, stort sett opplett. Berrt på markane.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kaldt

Klart om morgonen, sidan lettskya ut over havet, framleis klart inn over land. Seks kuldegrader, søraust svak vind, den vanlege skjella i kaldt vintervêr. På fjelltoppane har det blese i dag, sørleg frisk bris, kanskje liten kuling, etter rennefoket å døme.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordaust

I kveld lettskya, for ein stor del stjerneklart, fire kuldegrader. I dag var det skya eller delvis skya, nordaustleg drag i skyene. Snøbyer til om morgonen. Mindre enn fem cm snø i låglandet. Svak vind eller mindre i dag og i kveld.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir om januarsnø

På Grønning i Valldalen har det vore målt snødjupner frå 1973. Denne plassen ligg så høgt og så langt frå sjøen at snøen samlar seg opp. Gjennomsnittet for 36 år viser at tidleg i januar har snødjupna i middel vore kring 55 cm, og i slutten av månaden kring 70 cm.
Eit gjennomsnitt som dette, utrekna for eit klima som endrar seg, seier litt. Men korleis er det for dei ulike tiåara? Naturlegvis var det meir snø før, sjølv om minkinga i snømengd har vore mindre dramatisk enn i eit mildare klima ute ved kysten. Det var på slutten av 1980-talet og ut gjennom heile 1990-talet at det jamnt over var minst snø på Grønning i januar. Sidan har det vore bort i mot ei normalisering med omsyn til snømengd.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Skya

Regnbyer i dag, skya, tettare skydekke inne i fjella. Ut mot kysten har det vore til dels delvis skya mellom byene. Snøen kjem etter kvart nedover. Rennefok på fjella.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

Nysnø ned om 700 moh. i dag. Minner meir om haust enn om vinter. Regnbyer, overskya, sørvest laber bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Januarsnø

Januar er ikkje lengre slik månaden brukte å vere. Det er sjeldan mykje snø i låglandet. I Ørskog har det vore observert vêr og m.a. snødjupner sidan 1957. Fram til 1970 brukte snødjupna i middel å ligge rundt 30 cm. Så kom det nokre snøfattige vintrar, deretter ein periode frå midt på 1970-talet til langt ut i 1980-åra då det igjen var snødjupner nesten som i 1960-åra. Siste tjue åra har snødjupna i middel vore i overkant av 10 cm.
På Sunnmøre har vi vore vane med at snøen kjem og reiser att i låglandet gjennom vinteren. Ein må opp i høgda for å finne stader der snøen samlar seg opp og veks ut gjennom januar. Før var det også slik i snørike bygder i låglandet. Statistikken for Ørskog gjennom 52 år viser at i middel har snødjupna vore omlag den same både tidleg og seint i januar. Desse tala seier ikkje noko om kva slags snø det har vore. Kan hende har det vore meir kompakt snø i slutten av januar.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Flaum

+8 grader, overskya, sørvestleg liten kuling, regnbyer. Det byrja å regne seint i går. Elvane er store, slik dei er nokre få gongar i året. Ein kombinasjon av regn og snøsmelting denne gongen. Skydekket er høgt. I sjøen er floa høg.
I går var det overskya, lenge opplett, vind frå søraust, for det meste bris. Også dei låge skyene drog frå søraust. Seint om kvelden kom regnet som har vore jamt og stritt. I dag har regnet gått over til byer, og til havs er skydekket innimellom lysare, slik det er når det dannar seg haug- og byeskyer i staden for nedbørskyer.
Laurdag bles det friskt frå sør, lettskya om morgonen, sidan skya det over, og om natta kom det regn som ga seg neste morgon.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Måneskin

Skya eller delvis skya i kveld. Eit lag med haugskyer som er utstrekte og minner litt om bukleskyer. De driv frå sørvest. Heilt klar himmel oppom desse. Temperaturen har vore rundt sju varmegrader i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget