Nedbøren på Sunnmøre i sør-sørvestleg vêr

Sør-sørvestlege vindar kan gi mykje nedbør på Sunnmøre, og då som regel som regn i låglandet, også om vinteren. Denne vindretninga kan sume gongar gi samanhengande regn i meir enn eit døgn, og utan at vinden dreier særleg. Då kan det verte flaum, og sjølv om vinteren er det mildt nok til å gi regn høgt til fjells. Og om nedbøren skulle falle som snø i dei høgaste toppane vil dette vêret gi snøsmelting lågare nede, så flaumen kan likevel verte større enn nedbørmengda skulle tilseie.

Det er fjella sørvest på Sunnmøre som får største nedbørmengdene. På Brandal vart det målt nedbør i ein periode, og det hende at det kom over 100 millimeter på eit døgn i slike høve. Fjella på Hareidlandet gir heving til luftstraumen, sjølv om vinden har passert høgare fjell på vegen. Når lufta vert pressa over fjell vert nedbøren styrkt. Nedbøren dett ikkje berre beint ned på fjellet. Han vert ført med vinden og landar litt forbi fjellet. Slik som på Brandal som har fjell tett i sør og vest.

Lengre inne er fjella høgare, men her har vinden gått lengre over land, og meir nedbør er pressa ut av lufta på førehand. Kring Hjørundfjorden er nedbøren sikkert like stor som på Hareidlandet. Nedbørstasjonen i Bondalen registrerer også mykje nedbør i sør-sørvestleg vêr. Avstanden til fjella er større her sjølv om dei er bratte. Der kan godt vere mykje meir nedbør i fjella rundt enn det som er målt nede i dalen. Lengre vest, kring Austefjorden, Bjørkedalen og Dalsfjorden, er der truleg vel så mykje nedbør.

Nord på Sunnmøre kjem det litt mindre nedbør. Men stader som har fjell ikkje langt unna i sør og sørvest får mykje.

Sunnylven får truleg mykje nedbør. Lengre aust er nedbøren ein god del mindre, i Geiranger kanskje ein tredel av det som kjem lengre vest. Luftstraumen har passert gjennom ytre og midtre deler av Fjordane og møtt stendig høgare fjell. Først ved fylkesgrensa byrjar nedbøren å minke. Berre Tafjord er godt skjerma. Dit kjem det sjeldan nedbør når vinden bles frå sør-sørvest.

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Flau vind

Søraust flau vind, 0 grader, skya, mellomhøge skyer.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Stjerneklart

Klart, søraust svak vind og -2 grader. Før middag var det lettskya, flau vind og +3 grader.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren på Sunnmøre i synnavind

Lågtrykk som går langt nok sør slepp nedbøren frå seg lengre sør i landet. På Vestlandet kan synnavinden gi rikeleg nedbør nord til Stad. På Sunnmøre gir synnavinden frålandsvind og svekka nedbør. Men Sunnmøre er ikkje like godt skjerma som Romsdal. Fjella sør på Sunnmøre, frå Hjørundfjorden og vestover, er til dels like høge som fjella beint sør for dei. I dette området er ikkje nedbøren mykje svekt. Også på ytre strok er der nok fjell til å sette preg på nedbørmengda.
Synnavinden gir ikkje nær til så mykje nedbør på Sunnmøre som sørvesten gir. Heller ikkje varer den så lenge. Enten dreier vinden mot sørvest, eller så gir nedbøren seg etter nokre få timar som regel, i det meste eit halvt døgn. Utsette stader kan få opp mot 20 mm på denne tida. Nord på Sunnmøre kjem det knapt halvparten, og i aust er skjerminga best. Der kjem det nokre få millimeter, eller kanskje ikkje noko.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Lagskyer

+2 grader, søraust flau vind, overskya. Eit dekke av lagskyer over himmelen før middag. Seinare skyer i to nivå, det nedste kan vel kallast bukleskyer. Skyene driv frå sør-søraust. Det held nedbøren vekke. I går kveld var der nokre dropar i lufta, men det heldt seg turt. Framleis overskya i ettermiddag. Ute på øyane har der vore nokre små skoddedottar på toppar og utstikkande pyntar, spesielt på Trælbånausa. Dette turre vêret, med varmegrader og nesten stilt er komfortabelt, men grått.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tilskying

+3 grader, søraust flau vind og lettskya før middag. No er det nesten overskya, men stort sett berre skyer høgt oppe.
I går var det lettskya, +5 grader, søraust svak vind, rennefok på fjelltoppane.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir synnavind

+7 grader, sør liten kuling, skya, stort sett opplett. Det har kome nokre dropar både i går kveld og i dag, men nedbøren er umerkande, og det held seg turt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Komfortabelt

+ 5 grader før middag, +3 etter middag. Stilt og turt. Meir komfortabelt vêr kan det vanskeleg verte i januar. Overskya. Skydekket bremsar temperaturfallet, men noko temperaturfall er ikkje til å unngå i stilt vêr i januar. Såg ein kvitveis i skogen som er klar til å sprette ut. Eit eksemplar med "feil innstilling". Sjølv om det har vore mildt skal norske planter kreve meir varme før dei reagerer med vekst.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjøligare

+5 grader i dag. Sørleg frisk bris. Lettskya. God sikt. Rein luft. Det tyder på at temperaturfallet har vore større i lufta over fjelltoppane enn temperaturfallet på tre grader nede ved fjorden. Her er nokre haugskyer eller bukleskyer. Desse driv frå sør-sørvest. Fjørskyene høgare oppe driv frå sørvest.
I går var skydraget frå sør-søraust. Her i Nordre Vartdal vert vinden uansett tvinga ned dalen enten det er sørleg eller meir søraustleg vind omkring.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

Synnavinden held fram i dag også. Stiv kuling. Dette er ikkje middelvind. Den er svakare. Vinden er ujamn, og det er vindkasta ein legg mest merke til. I dag er det +8 grader. Vinden verkar avkjølande, men den avkjølande verknaden er avgrensa. Det meste av tida er vinden bris, og dette tel meir enn kortvarige kraftige vindstøytar med omsyn til komfort. Vêret i dag tilsvarar i underkant av null grader i stilt vêr. Det er slett ikkje ille når det i tillegg er turt. Skya, berre mellomhøge og høge skyer.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget