Nordvesten og nedbøren

Vind frå nordvest er beinaste pålandsvinden på Sunnmøre. Då vert nedbøren ført langt inn, spesielt når nedbøren kjem i byer og det bles nok. I slike situasjonar er det indre og midtre strok som får mest nedbør. Men også stader som ligg rett innom dei ytre kystfjella får ein del. Ytste kysten får lite. Nedbørstasjonane på Vigra og Hildre syner at det meste av nedbøren går forbi enten det er byer eller samanhengande nedbør. Kjem det samanhengande nedbør, i samband med ein kaldfront eller fordi lufta er fuktig og vert raskt heva i kuling, kjem det mykje nedbør i midtre strok. Noverande eller tidlegare vêrstasjonar i Fiskå, Volda, Ørsta og ved Sæbø ligg alle innafor mindre eller større fjell som har heva lufta og forsterka nedbøren. Vidare inn over land vert fjella stendig høgare, slik at lufta framleis hevar seg inn mot dei indre stroka, der det også er rikeleg nedbør i sånne situasjonar.

Kjem nedbøren i byer, slik det brukar gjere når det bles frå nordvest, kjem det mest nedbør i indre strok. Kanskje er det nedbørstasjonen på Stranda som får mest då. Her har lufta passert fjella mellom Sykkylven og Stranda og fått eit kraftig løft. Ørskog får mykje nedbør i nordvestleg vind. Luftstraumen har passert fjell frå Gamlemsveten og innover, og om fjella ikkje er høge så ligg dei på tvers og hevar lufta.

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Kaldt

Siste dagane lettskya. Inne på Vaksvikfjellet var det -10 grader i går om morgonen. Mykje sol i går, mindre i dag. Nattetemperaturar ned til -9. I dag var det mildare, mest på grunn av skydekket. Kortvarig overskya før middag. Eit lett snødryss frå skyene som kom sakte drivande nordfrå i dag. Flau vind i låglandet. Oppe i skaret mellom Geitnibba og Høgsvora bles det laber bris.
No i ettermiddag har skyene endra seg. Der er både bukle- og rukleskyer, og dei driv nordvestfrå.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbørfordeling i vest-nordvestleg vind

Vind frå vest-nordvest brukar det ikkje å vere så lenge om gangen. Enten dreier vinden frå sørvest og forbi denne retninga og vidare mot nord, eller så dreier vinden attende på sørvest. Nedbøren som kjem frå denne retninga kjem ofte i form av byer, om vinteren gjerne snøbyer. Eller hagl. Andre gonger kjem nedbøren samanhengande frå utstrekte nedbørområde. I desse tilfella kan det kome ein god del nedbør litt innafor kysten fordi pålandseffekten og hevinga mot fjella verkar sterkt. Likevel er nedbøren mindre enn det som kjem ved sørvestlege vindar. Samanhengande nedbør i vest-nordvestleg vind kjem i kaldfrontar eller samanklappa frontar, såkalla okklusjonar. Når nedbøren kan verte ganske stor kjem det av at luftstraumen vert heva mot fjella. Hevinga er størst tett innafor kysten. Då det vart teke nedbørmålingar på Brandal utmerkte denne staden seg med mykje nedbør, også i vest-nordvestleg vind. Brandal ligg bakom fjell i slik vind, og desse fjella når opp i over 600 moh. Det er ei stor heving rett frå havflata. Lengre inne er hevinga helst mindre sjølv om fjella er høgare. Det er langt inn til Tafjorden, og fjella der er berre nokre få hundre meter høgare enn t.d. i Sykkylven. Tilleggseffekten frå fjella på nedbøren vert kalla orografisk nedbør eller orografisk forsterka nedbør. I motsetning til frontnedbør som er jamnare fordelt i rom, og meir ujamnt fordelt i tid. Denne nedbøren kjem i samband med frontar som fylgjer lågtrykka. Det meste av nedbøren vi opplever er ein kombinasjon av fleire høve som løyser ut vassdampen frå lufta og skyene.

Når nedbøren i vest-nordvestleg vind kjem samanhengande er mengda størst i ytre halvdelen av Sunnmøre, men ikkje heilt ytst på kysten. Stader lengre inne i fjordane kan også få ganske mykje nedbør. Som Stordalen. Overøye hadde nedbørmålingar i lengre tid. Der kjem vinden over fjell etter å ha gått over eit lengre stykke med låglendte øyar og til dels fjordar. Lengre inne kjem det mindre, og best skjerma er Geiranger, der vinden har passert mange fjell.

Annleis er det når nedbøren kjem som byer, sjølv om vindretninga og styrken er den same. Då vert nedbøren ført lengre inn, og inste halvparten av Sunnmøre får mest. Byeskyene og haugskyene kjem inn mot kysten, heving mot fjella forsterkar turbulensen, og skyene utviklar seg vidare. Det tek tid før desse skyene er i stadiet der dei gir mest nedbør, og på denne tida har skyene nådd indre strok. Heller ikkje Geiranger er skjerma. Største mengdene i slikt vêr vart gjerne målt på Overøye den tida der vart teke målingar. Denne staden ligg eit godt stykke inn, og hevinga mot fjella er sterk, men vest-nordvesten har heller ikkje passert så mange fjell at nedbøren har falle ut på vegen.

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Kvitt

Eit tynt lag nysnø i natt, 3 cm. Lettskya og sol i dag, -2 grader. Det var ned i -4 i natt. Utflytande fjørskyer dekker mykje av himmelen. I sume fjell lengre vekk finst det skoddeflak høgt oppe. Stilt eller flau vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren i vestavêr

Vestavinden kjem oftast etter at vinden har dreia over frå sørvestleg. Når vinden har vestleg er ofte eit nedbørområde passert, og nedbøren kjem i form av byer. Langt frå alltid. Korleis nedbøren fordeler seg er avhengig ikkje berre av vindretning og styrke. Fjella forsterkar både jamn nedbør og byenedbør. Kjem nedbøren i form av byer slik det ofte hender i vestavind om vinteren, kjem nedbøren langt inn. Fjella ved kysten hevar lufta, noko som gir kondensasjon og snøkrystallar. I ustabil byeluft gir dette forsterka turbulens som utviklar byeskyene vidare. Etter ein time har byeskyene nådd inn til indre Sunnmøre. Det er på indre strok største nedbørmengdene kjem i slikt vêr. På kysten kjem tredjeparten så mykje. I Geiranger ser det ut til at nedbørmengda vert berre halvparten av det som kjem i dei andre bygdene på indre strok. I Geiranger har vestavinden hatt så mange fjell å passere, heilt frå Stadlandet, at mykje av nedbøren har falle ut av skyene på vegen. Elles ligg indre Sunnmøre like langt inn som det som er midtre strok lengre sør på Vestlandet.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Turt

Vêret i det siste har vore turt og til dels mildt. Godt med sol både laurdag og mandag. Laurdag var det mild bris frå søraust. Søndag skya det til med låge bukleskyer som gøymde fjella. Nesten lågt nok nede til å definerast som skoddeskyer.
Mandag vart kald, og i går om morgonen var det -5 1/2 grader i Nordre Vartdal.
I går skya det til med mellomhøge og høge skyer, og om kvelden var det ein utydeleg ring rundt månen på grunn av eit jamnt utflytande skylag.
I dag har det vore skya eller overskya, lite vind, og litt nedbør i form av snø på ytre strok. Framleis turt lengre inne.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren på Sunnmøre i vest-sørvestleg vêr

Vind frå vest-sørvest er til vanleg litt kjøligare enn sørvesten uansett tid på året. Men vest-sørvestleg vind kan også vere mild, og det er då nedbørområda med mykje nedbør kjem. Elles er vind frå vest-sørvest meir prega av byer enn sørvesten.
Vest-sørvestleg vind fører nedbøren lengre inn over land enn sørvesten gjer. Medan dei indre stroka på Sunnmøre får minst nedbør i sørvestleg vêr, er det dei ytre stroka som får minst i vest-sørvestleg vêr. Midtre stroka får mest. Grovt kan det seiast at indre strok får halvparten av den mengda midtre strok får, og ytre strok får tredjeparten. Men også på ytre strok er der fjell som får nedbøren til å auke kraftig. Brandal fekk mykje nedbør i vest-sørvestleg vêr den tida denne vart regelmessig målt. På indre strok merker målestasjonen på Grønning seg ut med like mykje nedbør som på midtre strok. I midtre strok merker Ørskog seg ut med lite målt nedbør. Der kjem vinden frå vest-sørvest beint inn fjorden utan løft over noko fjell.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Mildt

I føremiddag +7 grader, sør lett bris eller svak vind, opplett og skya eller overskya. No i ettermiddag lett regn. Meir nedbør inne i fjella.
I går var det nokre lette dropar, men turt heile tida.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Sørvesten og nedbøren på Sunnmøre

Sørvesten gir mykje nedbør på Sunnmøre. Til dels vert dei største døgnmengdene målt ved sørvestlege vindar. Og sørvest bles det ofte.

Dei største nedbørmengdene legg sørvesten att i midtre strok. Men av dei stadene nedbøren har vorte målt systematisk er det Brandal som har fått mest nedbør i denne vindretninga. Vinden har gått over fjella på ytre Hareidlandet og ekstra nedbør har falle ned både i fjella og på lesida der Brandal ligg. På same måte som ved sør-sørvestleg vind. Lengre sør vert det, eller har vore, målt nedbør ved Fiskå, på Ekset i Volda, på Velle i Ørsta, og ved Sæbø. Alle desse stadene får rikeleg med nedbør i sørvesten, men ikkje spesielt mykje. Truleg er der lokale tilhøve som gjer at nedbøren vert moderat akkurat frå denne retninga. I dette området kan nedbøren godt vere større enn tala frå desse fire stadene tilseier.

Nord på Sunnmøre kjem der også rikeleg med regn i sørvesten. Vigra er flat og får ikkje spesielt mykje. Hildre ligg bakom Gamlemsveten, og truleg er det løftet frå denne som gjer at der kjem meir nedbør enn på Vigra.

På indre strok er nedbøren noko mindre, men også lengst inne, som i Tafjord, kjem der ein del, kanskje ein femdel av det som kjem i dei utsette stroka lengre vest.

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Synnavind

Søraust frisk bris, +5 grader, skya. Synnavind i dag, her i dalen vert denne vinden avbøygd og kjem ned frå søraust. Skyene, det er mest bukleskyer, driv frå sørvest. Høgare oppe er der fjørskyer som driv frå vest-sørvest. Desse ulike vindretningane, der vinden vert stendig meir vestleg dess høgare opp ein kjem, er typisk for lågtrykk som nærmar seg vestfrå. Men lufttrykket er stigande. Det tyder vel at høgtrykket i aust forsterkar seg?
Posta under Vêr | Kommenter innlegget