Sludd

Overskya, +2 grader, flau vind, lett snøvêr frå eit nedbørskylag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildare

+3 grader, svak vind, overskya. Litt sol før i dag, i skya vêr. Snøen byrjar sige i hop. Kanskje ein halv meter no. Det var enno litt snø i lufta i natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Overskya

-2 grader om morgonen, 0 grader om dagen, flau vind, overskya, vestleg, spreidde skoddedottar omkring 300 moh. Nokre lette snøbyer sidan i går.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordavinden og nedbøren

Nordavinden bles skrått inn mot kysten på Sunnmøre. Pålandsvinden gir nedbør, og om vinteren kjem denne i byer fordi havflata har relativt høg temperatur. Effekten av pålandsvinden er så sterk at det meste av nedbøren fell i midtre og indre strok. 10 – 20 millimeter er det vanlege om nordavinden får halde fram eit døgn. Om vinteren brukar dette å kome som snø, då vert det 10 – 20 centimeter. Ytre strok får halvparten eller tredjeparten. Nedbøren som kjem innafor dei første fjella nordavinden møter vert nokså jamt fordelt. Snøbyene spreier nedbøren langs rutene sine i staden for å legge att mykje på bestemte stader. Likevel viser det seg at nedbøren er størst i fjella. Geiranger er mellom dei stadene som får rikeleg nedbør. Der har nordavinden passert så mange fjell at mykje nedbør bør ha falle ut på vegen. Men i Geiranger er fjella så bratte og nære at fjorden får den same nedbøren som fjella får. Nedbør som vert utløyst over fjella har kort veg med vinden og ned i bygda.

To vêrstasjonar på indre strok merker seg ut med mindre nedbør enn andre målestasjonar i fjordstroka. Litt over halvparten ser det ut til ut i frå ei gransking av nokre typiske situasjonar. På Stranda går vinden nokså rett inn fjorden. Stranda har ei lang strekning av fjorden rett i nord, noko som gjer at byene går forbi medan dei legg frå seg moderate nedbørmengder. I Norddal ligg fjorden på tvers av denne retninga. Fjella på nordsida ligg eit godt stykke unna. Dette kan vere ein grunn til at nedbøren i nordavind er mindre enn dei næraste stadene med vêrobservasjonar.

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Snøvêr

+ 0 1/2 grad. 45 cm snø. Opplett. Svak vind. Skya, sol. Det snøa mykje i går kveld. Lite gjennom natta. I føremiddag har det på nytt snøa mykje. Det var -2 grader i dag morges.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lette snøbyer

Null grader, minst fem cm nysnø sidan i går, flau vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lett skya

-1 grad, nokså tynne skyer over det meste av himmelen, svak vind. Ned til -7 gader i natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren i nord-nordvestleg vind

Vind frå nord-nordvest går nesten beint inn mot Sunnmørskysten slik at lufta vert kraftig heva og nedbøren vert ført langt inn. Nokre stader er nedbøren  mindre enn i nordvestleg vêr. På Ekset i Volda og på Hustad ved Sæbø har nedbøren vore målt lenge. Det ser ut til at vinden går beint inn Hjørundfjorden og at dette gjer nedbøren moderat nær fjorden. I fjella til sides for Hjørundfjorden er nedbøren stor mange stader. Og kanskje er det slik at luftstraumen som går inn fjorden vert tvinga til vêrs inne i enden og gir frå seg mykje nedbør der? På Ekset er det kanskje slik at vinden kjem inn Ørstafjorden og går over det låge eidet mot Voldsfjorden? Eit blikk på kartet kan gi sånne idear. Kartet seier lite om terrengpåverknad i mindre skala. Målestasjonen på Velle i Ørsta fekk mykje nedbør i denne vindretninga. Der har luftstraumen fått eit løft i fjella mellom Vartdal og Ørsta. Stranda får mindre nedbør enn i nordvestleg vind. I Geiranger derimot kjem der meir nedbør når vinden dreier frå nordvest til litt meir nordleg. Då får dei to stadene i blant like mykje. Kanskje kan nord-nordvestleg vind gå inn fjorden forbi Stranda for så å møte fjell som tvingar luftstraumen til vêrs utafor Geiranger?

Som for andre vindretningar med pålandsvind vert det slik også i nord-nordvestleg vind at største mengdene nedbør fell nærare kysten når nedbøren er samanhengande nokre timar, medan byene fører nedbøren lengre inn. Byene fører mykje nedbør heilt inn i Tafjorden, og denne årstida kjem nedbøren som snø i alle høve der inne. Nedbørstasjonen på Grønning i Valldalen verkar derimot litt skjerma i dette vêret. Kanskje har byene passert så mange fjell at nedbøren har falle ut før, eller kan det vere at fjella tvingar byene til sides?

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Delvis skya

Før i dag var det kortvarig lettskya og ein del sol. Det har sakte skya til vestfrå. Bukleskyer  i høgde over fjelltoppane dekker no tre fjerdepartar av himmelen. Lett bris. -1 grader.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snø

Det kom tjue cm snø frå i går kveld og fram til i kveld. Vestavêr og snøbyer. Overskya eller skya. Opp i bris i byene, elles svak vind. Ei kuldegrad i dag, to no i kveld. Mindre snø lengre vest. Nordre Vartdal har fått fem cm.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget