Bris

+2 1/2 grad no i kveld. Skya i dag og no, lite drag i skyene, litt sol i dag, lett bris frå søraust sidan om morgonen. Turt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

I dag var det null grader om morgonen, og eit høgt skylag som dekte det meste av himmelen. No midt på dag er det solskin, lettskya, +5 1/2 grad, svak vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+3 grader. flau vind. Stort sett klart, berre langt vest er der skyer, ser ut som bukleskyer. Ned til -6 grader før sola stod opp. Svak austavind sume stader. Marka turkar fort no.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskin

Opp til +3 i dag. Lettskya dag med berre nokre tynne skyer her og der. Sol i 11 timar. Lufta er kald, no i kveld er det -2 grader. Sol tok fort nysnøen unnateke i nordskråningane. I kveld er det svak vind. I ettermiddag var det laber bris frå vest eller nordvest nær fjorden.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kulde

Klart unnateke i vest, der det er nokre skoddeskyer, og rukleskyer langt borte. – 5 grader, flau vind. Fem cm snø som kom i natt.
I går kveld var det lettskya og sol. Midt på dagen spreidde lette byer med litt snø og hagl som ikkje la seg på marka. Svak vind. Temperaturen var på det meste +5 då sola skein.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tynt snølag

Null grader, skya eller delvis skya, opplett, flau vind. Nokre få cm snø på marka. Minkar til nesten ikkje noko nede ved sjøen. Snøa tett og vått i går ettermiddag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

For det meste berrt

Har gått ei veke sidan eg skreiv. Mandag var det vestleg, spreidde byer, lite nedbør. Meir nedbør om natta, tysdag morgon var marka kvit, men ikkje ned til sjøen. Tysdag var det nordvestleg, opp i liten kuling nede ved sjøen. Opptårna haugskyer og byeskyer med blå himmel i sprekkene, og nokre haglbyer. Til kvelden eit utstrekt skydekke over heile himmelen. Onsdag var det på nytt nysnø på markane, og denne gongen nesten til fjøra. Nokre regnbyer denne dagen. Torsdag lettskya med sol. Fredag skya eller delvis skya, turt. I går skya, turt heile dagen. I natt kom det regn, truleg som byer.
I dag er det skya opplett, bukleskyer og rukleskyer som dreg vestafrå. Svak vind. Om morgonen var det +2 grader.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Framleis mildt

Overskya, +8, sør lett bris, opplett etter litt regn.
Før i dag for det meste skya, turt til ut på ettermiddagen.
Dei to siste nettene har det vore nedom -1. Mildt for klare netter å vere. I går var det klart, berre nokre tynne skyer høgt oppe. Over ti timar med sol. Dagtemperatur på +7. Svak vind nede i dalen, flau vind inne på overgangen mot Tresfjorden. Lufta var nokså kald i går. Kjende det på sykkeltur. Men når sola skin og det bles lite er dette vêret det mest komfortable.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Sørvestleg

Onsdag kveld fint, i går morgon regn, overskya fram mot middag, delvis skya midt på dag, skya stort sett opplett om ettermiddagen, delvis skya om kvelden.
I dag for det meste skya. Litt sol. Lette regnbyer om morgonen. +5 1/2 midt på dag. Svak vind.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Etter byevêr

+6 grader, skya, bukleskyer drivande frå vest, opplett frå morgonen, svak vind.
Det kom snøbyer i natt, truleg regn nede ved sjøen. Eit tynt lag snø på marka, 1 cm som tøya fort.
I går var det mildt, skya eller delvis skya og ein god del sol. Stilt om morgonen. Ei lett regnbye om føremiddagen, bløytte nesten ikkje underlaget. Ut på dagen svak vind opp frå sjøen. Om ettermiddagen laga det seg haugskyer, nokre vaks godt i høgda.
No byrjar dei å vise seg dei døgnvariasjonane som kjenneteiknar den lyse årstida. Blank sjø om morgonen, så pålandsvind mot solvarme stader. Flate skyer om morgonen, haugskyer om ettermiddagen og kvelden.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget