Vind

Delvis skya, +5, søraust lett bris.
I går var det skya, søraust lett eller laber bris, +8 om dagen, noko sol. Turt. Om føremiddagen litt nedbør som ikkje bløytte underlaget. Elles heilt opplett. Vinden auka og var sterkast i natt.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Marsvêr

No er ei veke av mars tilbakelagt, med relativt høge temperaturar og for det meste turr vind, og ein god del sol. Det er lett å forestille seg at varmen skal kome like raskt som lyset. Slik er det ikkje. Sjansen for solide snøfall er den same ut gjennom heile mars. Det har samanheng med at vinden lettare dreier nordvest når avstanden mellom lågtrykka vert større og høgtrykka gjerne legg seg vest i havet. Havet er kaldt no, og oppvarminga tek tid. Vestavinden vert tilsvarande kald. Og dei høge lufttemperaturane kjem like gjerne tidleg som seint i månaden fordi sønnavinden brukar å vere sterk først i månaden, og mindre sterk seinare.
På andre måtar kan vi vente framsteg. Kuldegradene vert færre etter kvart, og med det går middeltemperaturen litt opp. Og vindstyrken vert mindre. Markert, men skilnaden er ikkje stor. Største framsteget ligg i at sola stig raskare i mars enn i nokon annan månad. Om tre veker står sola høgt og varmar godt om ho slepp til. Og når ho står høgt finn ho lettare sprekkene i skydekket. Då kan det vere triveleg å vere ute på dei lune stadene. Det er gjerne desse stundene ein hugsar, men utslaga på vêrstatistikkane er små.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Turr vind

Etter regnet tidleg i dag har det vore opplett, med søraust frisk bris som minka til lett. +4 no i kveld, +7 om dagen og over +8 på det meste. Ein del sol på ettermiddagen, lettskya no, bukle- og haugskyer som driv frå sørvest.
Var inn på overgangen til Tresfjorden. Der bles det lett bris, men litt hitom var det svak vind. Bra skiføre, klisterføre.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Søraust

Søraust liten kuling, regn, +3, overskya. Regnet starta etter kl. 7.
I går var det +7 om dagen, skya om morgonen, lettskya om ettermiddagen, mange timar med sol, og bris som auka til frisk på ettermiddagen, deretter minka til kvelden. Då skya det også over.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt regn

Opplett etter litt regn i natt. Overskya, og skoddeskyer ned til 200 moh. lengre ute i fjorden. +2 1/2 grad, stilt. I går var det opp til +10, skya før middag og overskya med nokre regndropar etter middag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tøya markar

Søraust laber bris, 5, turt, delvis skya, god sikt.
I går var det skya, opp til +11 i Nordre Vartdal, og sørleg eller søraustleg bris, minkande ut over dagen.
Snøen minkar. Det er ofte høge temperaturar tidleg i mars. Normaltemperaturen stig ut gjennom månaden, men dei fleste år (60 % kanskje) kan høgaste temperaturen registrerast i første halvdel av månaden i dei bygdene der sønnavinden bles friskt og der det ikkje er spesielt lunt og solvarmt. Det verkar bakvendt at høgaste temperaturen kjem tidleg i månaden. Det har samanheng med at vinden enno er sterk no og kan drage nordover luft langt sønnafrå. Utover i mars og april kjem det oftare nordavind. Dette er ikkje så ille som det høyrest, for vinden minkar ut over våren. Byrjinga av mars kan vere kaldaste tida i Arktis. Lengre sør er oppvarminga i gang. Dette skjerpar temperaturkontrastane mellom nord og sør. Derimot er temperaturkontrasten mellom hav og land redusert no. Statistikken viser at starten på mars er ei tid med mykje vind. Ikkje så mykje vind som i desember-januar, men meir enn i deler av februar. Februar kan til dels vere ei tid med roleg vintervêr. Mars startar gjerne med uro, men i alle høve sjansane for storm minkar framover. Elles er det verd å hugse at fem varmegrader og laber bris som det er denne morgonen er nokså kaldt. Turt og lyst og ein fin forsmak på våren, men snøen kjem nok att fleire gongar den neste månaden.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Etter regn

Opplett, overskya eller skya, sørvestleg, +3 1/2, svak vind. Ser ut til at det er utrygt for byer. Det har blese i natt, neppe meir enn frisk bris her. No er det vått etter regn. Truleg ein kaldfront.
Det har kome starar, ein flokk på om lag ti. Det er truleg at dette er trekkfuglar og ikkje overvintrarar.
I går var den første milde dagen. Rett etter middag var det +8, delvis skya og ein del sol, og svak vind som auka til lett bris. Det forekom like høg temperatur i januar, men meir lokalt og i samband med sterkare vind, og knapt nemnande sol.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

Markane er for det meste berre att. Skya opplett, sørleg lett bris, +5. Stort sett opplett sidan i går. Vinden har vore oppe i frisk bris.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opplett

Sør laber bris, opplett, overskya, +3 grader. Det kom litt snø i går kveld. Knapt merkande på marka. Lengre sørvest kom det meir.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lagskyer

Lett overskya, litt for tjukt til å vere slørskyer no, lagskyer har overteke. Eit jamt konturlaust lag som sola skin bleikt gjennom utan at det viser skuggar. Svak vind, -2 grader. I natt var her ned mot -9. Klart då. Fjorten cm snø på marka. På Heimste Skorkja ryk snøen utfor kanten. Sør eller sørvest bris der oppe.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget