Vestleg

Fint vêr i går. Sol heile dagen, nesten ikkje skyer, bris frå nordaust, kjølig luft.
I dag starta det lettskya med rukleskyer. Skodde på sume fjell. Midt på dag skya det til med eit lågare skydekke, og no på ettermiddagen er det overskya med skodde på alle fjell unnateke dei lågaste, dvs. over 700 moh. Tidleg om morgonen var det stilt, sidan har det blese sørvestleg eller vestleg lett bris. Litt rimfrost om morgonen. No i ettermiddag +6 grader. Mildare før på dag då sola skein. Gauksyre og skogfiol står i blomst i sørvende skråningar.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordaustleg

+5, sol, delvis skya, nordaust lett bris. Før om morgonen var det +2 grader. God sikt, men skoddedottar her og der oppe i fjella. På Grynyken bles det frisk bris frå nordaust for litt sidan.
I går var det vestleg, for det meste svak vind, nokre lette byer, til dels snø her, men truleg berre regn nede ved sjøen. For lite nedbør til å bløyte vegane merkbart.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskinsdag

I går var det strålande, klart eller lettskya, opp til +13 1/2 grad, og godt og varmt sidan sola skein og vinden for det meste var svak. Etter middag kom nokre små haugskyer. Sesongen for haugskyer om ettermiddagen har byrja. Det er lite fukt i lufta, men stor og ujamn oppvarming av lufta gjer at hauskyene dannar seg. Vinden har kome frå nordaust siste dagane. Tysdag kveld lett bris. Tysdag var også ein fin soldag, med lettskya vêr.
Dei føregåande nettene har temperaturen kome ned mot null grader. I natt har det skya over, og denne morgonen er det +5 grader, overskya, stilt, og vått etter litt regn. Det ligg skodde i eit skar bortafor fjorden.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordaustleg

Posta under Vêr | Éin kommentar

Varmt

I går var det på det meste +18 1/2 grad, delvis skya og ein god del sol. Lett bris som auka til frisk på det meste. Då var det også meir skyer, og temperaturen gjekk litt ned. Lette byer som knapt ga regn om ettermiddagen. Minst ein skikkeleg regnskur om natta.
I dag var det også mildt, men ikkje ekstremt som i går. Skya og +11 midt på dag, +9 no i kveld. Litt sol. Snøen minkar fort. På dyrkamarka inn på fjellet der det låg snø for to dagar sidan gjekk ein flokk på om lag ti linerler.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mild morgon

+13 1/2 grad kl 8 er uvanleg. Før på morgonen var det +10. Skya, både høge og lågareliggande skyer, +10 grader, turt. Ser på fjella at lufta i høgda er uvanleg mild. Elva suser bra. Vårløysinga er i full gang.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tidleg vår

I dag var det over +15 grader. Overskya og nokre regndropar på føremiddagen, sidan skya opplett og for det meste svak vind. Linerla kom i dag. Same for raudvingetrasten. Måltrasten kom for nokre få dagar sidan. Uvanleg tidleg er dette langt frå. Berre litt framom skjema.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tilbakeblikk på mars og starten på april

Mars var ein mild månad i år. Og nede ved sjøen slik som i Vaksvika var det stort sett berrt gjennom heile månaden. Dette er uvanleg. Nokre gongar kom det litt slaps på markane, og ein gong seint i månaden la det seg kvitt ned til sjøen. Men dette for fort, og alle dagar var det berrt på dagtid.
April har starta mild, og snøen forsvinn også litt opp i høgda. No er linerla straks ventande. Ho finn mat på stader der snøen ikkje vert liggande, som på elvesteinar eller i fjøra dersom det kjem mykje snø. Linerla toler snøfall, og kjem medan det enno kan ventast snø. I april brukar det ofte å kome snørier, og erleria er eit gammalt namn på ei snøri midt i april.
Utviklinga har gått mot eit mildare klima også for april. Våren kjem tidlegare. Det har også gått mot meir ruskevêr om vårane. Oftare enn før bles det, både tidleg i april og midt i månaden. Unnataket er slutten av månaden. Fordi våren kjem tidlegare kjem også det fine maivêret tidlegare. Dette verkar i motsett lei, slik at slutten av april no gjerne får vêr som før var typisk for mai, med høge temperaturar og lite vind. Utrøna som brukar å blåse i mai har sterk samanheng med sola si høgde på himmelen, og også med snødekket på land. I april vert ikkje denne vinden sterk sjølv om vêrlaget har vorte litt mildare.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regn

Overskya, sørvestleg, fjella skoddefrie, lett regnvêr, våte vegar, +7 grader, svak vind. Mest berrt under 250 moh, mest snødekt over.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

Over ti varmegrader i dag. No i kveld +6. Flau vind om morgonen, seinare lett bris frå sør. Om morgonen delvis skya, seinare skya. For det meste opplett. Om ettermiddagen nokre regndropar.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget