Delvis skya

Enno ein fin og nesten varm dag. +10 1/2 no i kveld, overskya og nokre regndropar. Lett bris frå søraust.
Før i dag delvis skya med haugskyer som dekte mindre enn halve himmelen, og mykje sol. Regnet som kom siste natt utgjorde om lag 0,1 mm. Det turka fort opp. I ettermiddag skya det til, først litt bleik på den tidlegare blå bakgrunnen, så rukleskyer, og så ganske fort overskya.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt regn

+7 1/2 grad, vått etter litt regn, skya, klart langt i sørvest, elles overskya. Sakte drag i skyene frå sørvest. Flau vind.
I går var det vind frå sør, for det meste svak vind eller lett bris. Oppe på Vestrefjellet bles det sør-sørvest laber bris om kvelden. Høge temperaturar og litt sol. For det meste skya. Ein kort regnskur om morgonen, seinare utrygt men stort sett opplett. Ustabil luft i høgda, disig, haugskyer og opptårna rukleskyer.
Laurdag var det også høge temperaturar, bris frå sør, lettskya og disig. Mykje sol. På Årskogfjellet bles det frisk bris på toppen og liten kuling på utsette fjellryggar.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

Mildt i dag, +15 no i kveld, sørleg lett bris, overskya, sørleg drag i skyene, turt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mild natt

Overskya, sørvestleg, +11, opplett, turt, ikkje skodde på fjella, svak vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tynne skyer

Det held på og skyar til høgt oppe. Eit tynt skydekke med lite formasjonar. Ser ut som blanding av fjørskyer og slørskyer. Har nettopp sett makrellskyer også. Ser ut som dei kjem frå nordvest. Der er også skyer med eit flat linseform.
No +3 grader, ned i +1 i natt. Flau vind. Natta har truleg vore lettskya.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vestleg

Yr frå seint på natta til føremiddagen, totalt 2 mm. Sidan delvis skya, haugskyer, no i kveld lettskya. Opp til +12 i dag. For det meste vestleg svak vind.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skiftande skydekke

Opp til +15 i dag, og mykje sol. Perioder med lettskya både tidleg og seint på dag. Skya om ettermiddagen, rukleskyer som drog sørvestfrå. No delvis skya. For det meste svak vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Oppklarning

Lettskya, +2, skodde på sume fjell, skyene dreg frå nordaust. For ein time sidan var det skya, berre klart i aust.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Stort sett opplett

+6 1/2 no i kveld. Overskya, opplett, flau vind. Skodde over om lag 800 moh. Sprekker i skydekket ei kort stund i ettermiddag, elles overskya heile dagen, og nokre yrdropar på føremiddagen. Men turre vegar heile tida.
Oppe på Halvardsfjellet bles det flau vind frå nord.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Grått

Overskya med bukleskyer ned til 800 moh. Opplett, flau vind, turt, +5 grader.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget