Skya opplett

Svak vind frå aust, +9 1/2 grad, skya, bukleskyer, rukleskyer og fjørskyer. Dei låge skyene ligg i ro, høgast oppe dreg skyene frå nord-nordvest. Skodde på sume toppar, men ikkje dei høge. 1/2 mm regn siste døgn, dette kom i byer i går.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordaustleg

Fredag bles det frå nordaust, og skydekket var tjukkast innover. Opplett natt, morgon og tidleg på dagen, nokre lette regnbyer om ettermiddagen, men stort sett berre nokre dropar. Om kvelden opplett, tjukkast skydekke innover. Ein del sol på fredag.
Laurdag nordaust bris mange stader, skya, seinare delvis skya, noko sol om ettermiddagen og kvelden, mest i ytre strok. Turt.
Søndag minka nordausten, og om ettermiddagen bles det utafrå, utrøne som er så typisk for fint sommarvêr. Turt og ein del sol. Lite drag i skyene. Delvis skya eller lettskya.
I dag tidleg var det lettskya og kjølig, +4 og flau vind. Har vore ned til +2 i natt. Sidan skya det til med haugskyer, og etter middag kom det regnbyer, mest i indre strok. +10, svak vind og delvis skya no i kveld. Bukleskyer som knapt flyttar seg.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Overskya

Overskya, bukleskyer, nord-nordaustleg drag i skyene, dei lågaste kjem frå nordaust, skodde over 400-600 moh. Svak vind. Yr av og til, 1 mm regn siste døgn, det meste kom i går som regnbyer tidleg på dagen. +6 grader no, ned til +4 1/2.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordavind

Skya, nord-nordaustleg, bukleskyer, rukleskyer og skoddeskyer. Ikkje skodde under 400 moh. Lett bris, +6 1/2 grad, ned til +2 i natt. 12 mm regn siste døgn, 8 av desse til kl 20 i går, og 4 det neste halve døgnet til kl 8. Nysnø ned til 600 moh. Har vore opplett i mange timar no. Vegane er våte. Lufttrykket har minka sidan i går.
I går var det skya eller overskya med regnbyer, iblant litt hagl. Nordleg drag i skyene og for det meste svak vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjølig

Regnbyer, 13 mm siste døgn, om lag halvdelen av dette siste halve døgn, snø ned til 500 moh, skya eller overskya, nordvestleg, svak vind, +4, ned til under +3 i natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

+8 grader, ei regnbye no, svak vind. Overskya eller skya i dag, spreidde regnbyer, lenge opplett midt på dag, vest-nordvestleg drag i skyene. 1/2 mm regn før kl 8 i dag tidleg.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Spreidde byer

Turt på vegane enno, men nokre regndropar har kome, og i fjella var der ei bye for ein time sidan. +7 1/2 grad no, ned til +6 1/2 i natt. Skya, nokre skoddedottar høgt i fjella, vest-nordvestleg drag i skyene. Bukleskyer og rukleskyer med meir. Flau vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Fugleliv i endring

Sætra på Høgebakken ligg 400 moh. Såg tre ringtrastar på sætrevollen i går. Dette er slik det var før. Ringtrastane har reira sine oppe i fjellsida, men sætrevollen er ein god stad å leite etter insekt. Før heldt gjerne steinskvetten seg rundt Høgebakken. No er denne fuglearten vorten sjeldnare, og ein må høgare til fjells for å treffe på slike. I staden sat ein buskskvett og song i toppen av ei to meter høg gran. Buskskvetten minner ein del om steinskvetten, men er mykje mørkare i fargen. Traff aldri buskskvett på Høgebakken før, måtte lengre ned i dalen for å sjå slike fuglar. Buskskvett trivst ved beite og eng der det er ope lende med spreidde busker.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Mykje sol

Pinsa vart fin. Pinseafta var det heilt klart det meste av dagen, berre nokre små skydottar på ettermiddagen. Litt kjølig i lufta etter gråvêret dagane før, og stilt om morgonen. Sterk solstråling gjorde det varmt, og utrøna bles inn mot land om ettermiddagen.
Pinsedagen var det lettskya med litt fjørskyer på himmelen, og sol heile tida til over middagen. Svak vind eller lett bris. Til fjells opp i frisk bris frå sør-søraust. Etter middag skya det over, om kvelden sprakk skydekket litt.
Andre pinsedag starta med skodde fleire stader i mitre strok. Underkanten av skodda låg 100 moh. I ytre strok letta skodda først. Ut over dagen vart vêret fint, med delvis skya, mykje rukleskyer og fjørskyer på himmelen, her og der skodde i fjellsidene.
No om kvelden måler eg +10 grader medan sola enno skin, og det bles ein svak vind. Lufttrykket er minkande.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Bukleskyer

Skya, bukleskyer, +15 1/2, aust lett bris. Tok feil med omsyn til skydekket. No er der ikkje skyer på fjelltoppane, men tidlegare på morgonen låg underkanten på skyene ned til 1300 moh. Då er det bukleskyer. Lagskyene ligg mykje høgare. Etter at skydekket sprakk opp viste det seg også at der er berre eit skylag på himmelen. Ein fin blå bakgrunn i riftene i skydekket. Dette lovar godt sjølv om draget i skyene er vestleg.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget