Austavind

Overskya, eit dekke av lagskyer, aust lett eller laber bris, +12. Det har kome 3 1/2 mm regn siste døgn, alt dette kom tidleg på dagen i går i form av regnbyer. Elles var det ein del sol innimellom i går.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

Siste døgn 12 1/2 mm regn. Av dette 1 mm på eit halvt døgn i går, resten i natt, truleg som byer. Greit at det regnar mest om natta. Men no held regnbyene fram ut over føremiddagen. Det var + 6 1/2 grad kl. 7, ned til + 41/2 grad i natt. Då har det kome meir snø i fjella. Elles er det flau vind, overskya, og ein god del lave skoddeskyer.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

+10 1/2, skya, vestleg drag, berre skyer over fjelltoppane, flau vind.
I dag for det meste opplett og skya, gløtt av sol sume tider, spreidde regnbyer. I går kveld og i natt regna det mykje. 41 mm på eit døgn, derav 10 mm på første tolv timane, og av dette igjen det meste på ettermiddagen/kvelden. Så kom det 31 mm på tolv timar i natt. Vestavêret gir mykje nedbør i Vaksvika, og truleg aukar nedbøren opp etter dalen. Bygder lengre vest, som Volda og Vartdalsstranda, har langt mindre nedbør i vestleg vêr. Ein titt på voldaveiret.no stadfesta det denne gongen. Vestavinden set nedbøren langt inn over land, og på Sunnmøre er det ikkje langt inn til dei inste fjordane.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Fuglane i skogkanten

Kunne følgje med på fuglesongen rundt ei dyrkamark i dag. To bokfinkar song på kvar sin plass med knapt hundre meters avstand. Elles høyrde eg berre ein av kvar art. Gransongar, gulsongar, munk, svartetrast og måltrast let songen sin høyre. I tillegg høyrde eg stemmene til gråtrast og grønsisik medan dei flaug omkring.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Regn

Regn, +9, overskya, svak vind, skoddeskyer over fjorden ned til 50 moh. Elles skoddedottar i ulike høgder, og skodde på høgaste fjelltoppane. 2 mm regn sidan i går.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt regn

+12 grader, flau vind, overskya, opplett, turt, regn nokre mil lengre vest. Fjella skoddefrie.
I dag har det vore for det meste skya, litt sol midt på dag, av og til nokre dropar. 1 mm i målebegeret etter at det regna av og til i går kveld.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Siste trekkfuglane

No byrjar rognetrea å blomstre, medan heggetrea framleis står i full blomstring. Snart er det sommar. Fyrste prestekragane blomstrar, og løvetanna står fulle av frø i låglandet. Då kjem grønsisikane og forsyner seg med løvetannfrø langs vegkantane.
Høyrde ein blåstrupe synge i dag. Fuglen sang oppe i lufta medan han dala ned i krattet. Oftast syng han likevel sitande i buskene. Blåstrupen trivst best i myrlendt krattskog opp mot fjellet, og er ein av dei fugleartane som kjem aller sist hit til landet. Det er naturleg etter som det ikkje er dei snaublesne rabbane eller dei bratte fjellsidene som trekker denne fuglen til seg.
Posta under Planter og dyr | Kommenter innlegget

Skya

I dag overskya med ei bleik sol som skin gjennom. Ser ut til at eit dekke av lagskyer ligg over haugskyer. +16, svak vind. Om morgonen var det +9, skya med både fjørskyer, rukleskyer, bukleskyer og skoddeskyer. I går var det delvis skya eller skya med haugskyer på himmelen. Om kvelden skya med bukleskyer.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt regn og ein god del sol

I dag overskya. Skoddeskyer dekker mykje av himmelen, og tjukkast ut over fjorden. Underkant på minst 250 moh. +9 grader, svak vind, turt.
 
I går var vêret fint, og finast i ytre og midtre strok. Mykje sol. Mykje haugskyer inn over land, og spreidde regnbyer i indre strok. Turt i mitt måleglas. Temperaturen var +18 kl. 17.
Dagen før var der store haugskyer om føremiddagen, og det regna ei stund om dagen. Bløytte underlaget, men ikkje stort meir. Det som eventuelt kom i mitt måleglas rakk å turke opp, for eg kontrollerte ikkje mengda før eit døgn etterpå. Torsdag kvelden dreia vinden nordaust og det letta til delvis skya eller lettskya.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya dagar

For det meste skya siste dagane. Spreidde byer i går. Her traff ikkje nokon av byene skikkeleg, det kom 0,1 mm i ei regnbye på ettermiddagen. Om kvelden vart det lettare, og i natt har vêret vore fint.
No er det +10, flau vind, skya, haugskyer og litt fjørskyer. Ein god del låge skyer har kome inn. Desse ligg med underkant på 700 moh. Nokre tårnar seg opp, andre er så små at fjelltoppane stikk oppom. Skyene flyttar seg sakte frå vest. Lufttrykket endrar seg lite.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget