Kjølig og regnbyer

+9 grader i kveld, har vore over +12 i dag, truleg ein solgløtt. +6 1/2 om morgonen, og kjølig det meste av dagen. Spreidde regnbyer, kortvarige og intense. Skya eller overskya, nordvestleg drag. For det meste svak vind. 1 mm nedbør siste døgn til i dag morges. Skodde på fjelltoppane, og nysnø i sume fjell. Ser ut til at regnbyene har vore ujamnt fordelte.
I går var det for det meste opplett, langt mellom regnbyene og lite nedbør. Blå himmel innimellom. Om kvelden var der mykje fjørskyer på himmelen. Nokså utflytande, nesten som slørskyer. Kan vel seie at desse varsla omlegging til meir nedbør.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordaustleg

+8 1/2 grad no i kveld, om lag det same om morgonen. +12 midt på dagen. Nokre tidels millimeter nedbør i går på dagtid, truleg opplett i natt. I dag spreidde regnbyer og berre små mengder, litt meir i fjella. Skodde i fjella over 900 moh havet tidleg i dag, no i kveld berre på dei høge toppane. Skya, haugskyer, byeskyer, bukleskyer og fjørskyer. Svak vind, lett bris meir utsette stader, til fjells nordaust laber bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Når er Ørskog våtast på Sunnmøre?

Har sett på vêrstatistikkar for junimånadane 1981-1995. Det var fleire nedbørstasjonar i drift då enn no. Sunnmørsstasjonane med mest regn var Brandal, Ørsta, Fiskå og Sæbø. Ørskog har middels nedbørmengder for distriktet. Når vêret kjem beint vestfrå får Ørskog mykje regn, men stasjonen på Overøye i Stordalen, som då var i drift, brukte å få enda meir. Fordi der er fjella tett innpå.
Det er i nord-nordaustleg og nordaustleg vêr at Ørskog har fått meir nedbør enn andre stasjonar på Sunnmøre. Det brukar ikkje å kome store nedbørmengder i slike vindretningar, men i juni kan det regne skikkeleg når lufta over land er varmare enn havlufta. Då har det vist seg at Ørskog har rapportert mest nedbør, og vêrstasjonen på Hildre har fått nest mest. Volda og Ørsta er best skjerma mot nedbør i slike situasjonar.
Også i sørvestleg vêr har det hendt at Ørskog har fått meir nedbør enn dei andre stasjonane på Sunnmøre. Då har det vore ustabil luft med enkelte regnbyer, og ei eller fleire slike har treft Ørskog.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Vestavêr

Opplett, vått etter regnbyer, 5 1/2 mm siste døgn. Det meste kom sidan i går kveld. I går var det for det meste opplett med spreidt yr. Overskya til kl 9, vestleg drag, lett bris, skodde i fjella. +9 grader kl 8.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Opplett

Flau vind, overskya, lite drag i skyene, ein del skoddeskyer omkring 300 moh, elles er fjella synlege eit stykke oppover. Opplett, vått i marka, 5 mm regn siste døgn, det meste kom i går kveld. +9 1/2 grad.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vått

Opplett, flau vind, overskya, vått i marka etter regnbyer, 5 mm siste døgn, av dette tre i går og to i natt. Skoddeskyer ned til 200 moh, nokre fjell synlige opp til 600 moh. +10 grader.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Opplett

+8 1/2 grad, flau vind, skya, bukleskyer og rukleskyer, lite drag i skyene. Nokre dottar av skoddeskyer omkring 300 moh. Fjelltoppane frie for skyer. 2 mm regn siste døgn, 1 mm i går og 1 mm i natt. Minimumstemperatur i natt +6 1/2. Lufttrykket har minka sidan i går.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbørfordeling

Har vore inne på klimadatabasen og sett på korleis nedbøren fordeler seg på Sunnmøre. Både i 1993 og 1994 var juni våt og kjølig. Både fordi det berre er to år og fordi desse to åra skil seg ut i same retning går det ikkje an å lage statistikk av dei. Men eit inntrykk gir dei, og når det har vore mykje nedbør vert bildet av nedbørfordeling klarare enn om eg hadde sett på månader med lite nedbør.
Eit snitt av desse to månadane viser at vindretninga i dei lågare skylaga var omkring sørvest halve tida, og at desse vindretningane stod for tre fjerdepartar av nedbøren som kom. På Søre Sunnmøre og i nord kom svært mykje av nedbøren når drifta i skyene var beint sørvestleg, på indre strok kom nesten like mykje ved vestleg drag i skyene. Vêrstasjonar på Søre Sunnmøre fekk mest nedbør totalt, men Overøye i Stordalen hadde også mykje. Det ser ut til at Overøye var den vêrstasjonen på Sunnmøre som fekk mest nedbør når skyene kom beint vestfrå.
At sørvesten dominerte desse to junimånadane betyr ikkje at det var mildt. Sørvesten kjem med luft frå havet, og no er havet kjøligare enn landet. Og i desse tilfella har nok lufta kjeme vestfrå eller nordvestfrå og teke ein sving rundt eit lågtrykk. Nordvesten kan gi mykje nedbør på Sunnmøre, men desse to månadane var slik nedbør nesten fråverande. Derimot kom det litt ved nord-nordaustleg vêr, og i desse tilfella fekk Ørskog mest av stasjonane på Sunnmøre.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Hekketid

Mykje å sjå og høyre av fuglar denne tida. To låvesvaleungar på grusen i dag, men flaug opp gjorde dei. Nyleg komne ut av reiret. I ein forfallen husvegg høyrdest kjøtmeisungar som snart må vere flygedyktige dei også. På hushjørnet hadde eit grå flugesnapparpar laga reir der hjørneborda var fjerna. Grå flugesnappar er ein av dei trekkfuglane som kjem hit sist.
Elles var både munk, bokfink og lauvsongar flittige med songen sin. Der er nok fleire fuglar som syng, men dette var om føremiddagen.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Torevêr

+10 1/2 grad, svak vind, opplett unnateke ei regnbye som ligg minst ei mil mot sørvest. Skya, svakt sør-sørvestleg drag i skyene, skodde i fjella ned til 500-800 moh. Tidlegare i kveld passerte ei torebye lengre vest, hit kom berre litt regn, totalt ein millimeter i dag. For det meste har dagen vore opplett med ein del sol, og langt mellom regnbyene.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget