Litt sol i går

I går starta dagen nesten overskya med låge bukleskyer ned i fjella. 12 grader kl 8. Om føremiddagen var det delvis skya, skyene låg høgare enn fjella. Haugskyer og fjørskyer og solskin. Midt på dag skya det over, om ettermiddagen regna det. Nokre skoddedottar la seg i fjellsidene. Rolege vindtilhøve heile dagen. 12 grader om kvelden.
Det har kome 2 mm nedbør til i dag, det som kom i går ettermiddag. Overskya, litt skoddeskyer i fjellsidene, elles er fjella synlege. Flau vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya og opplett

Mykje haugskyer på himmelen i dag, men det har halde seg opplett. Ein del sol. No om kvelden held skyene på og flate ut. Det er skya, fjelltoppane over 1100 moh. gøymde i skyer. Stort sett har underkanten på skyene vore i den høgda, i ettermiddag litt høgare. Om morgonen var det skya, nokre skoddedottar midt i fjellsidene, elles eit høgare skydekke. Temperaturen siste natt ned i +8. Rolege vindtilhøve i dag.
4 mm nedbør siste døgn til i dag tidleg. Det kom stort sett i ei intens regnbye i går tidleg på kvelden. I dag har det vore opplett.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Juninedbøren i indre strok

Sjølv om indre strok av Sunnmøre får mindre nedbør enn midtre hender det ofte at nedbøren på enkelte døgn er større. Vêrstasjonen på Overøye hadde ofte mest målt nedbør på Sunnmøre då denne var i drift. Det hender mindre ofte at Grønning i Valldalen får mest. Dette skjer i blant når vinden på kysten kjem frå nord-nordaust eller nordaust og i tillegg har ein styrke på minst frisk bris. I slike situasjonar har Romsdal meir nedbør enn Sunnmøre, og på Sunnmøre er det fjella i nordaust nær Romsdalsfjorden som får mest. Er vinden sterk nok kjem nedbørmaksimum eit godt stykke inn over land.
Tafjord og Norddal får nesten aldri vesentleg meir nedbør enn andre stasjonar, utifrå ei undersøking av femten junimånader på 80- og 90-talet. Dette er sjølvsagt altfor kort tid til å drage bastante konklusjonar. Derimot viser målingane frå Geiranger og Stranda at desse to plassane kvar for seg i blant toppar nedbørmålingar for enkelte døgn i juni. Ikkje har pålandsvinden vore sterk heller. Det ser ut til å ha vore noko vind frå nord eller nordvest i desse høva, men hovudsaka ser ut til å vere den at det har vore skodde og yr ute på kysten og at den sterkare nedbøren har vore lengre inne.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Skya og turt

+12, ned til +8 i natt, flau vind, skya, rukleskyer og skodde i fjella. Skodda i fjella tårnar seg opp og ligg over 500-700 moh. Kan nok klassifiserast som haugskyer. Dei dreg frå vest-sørvest. Rukleskyene dreg frå nord. Lufttrykket har stabilisert seg etter stigning i går. 0 mm nedbør siste døgn, regndropane i går var ikkje målbare.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+14 1/2 no på føremiddagen. Ned til +5 i natt. Lettskya, fjørskyer og haugskyer, aust-søraustleg drag. Svak vind, solskin. 3 mm regn til i dag, det kom i korte regnskurar i går ettermiddag og kveld.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Ein solskinsdag

+10 1/2 grad, overskya, nokre dropar av og til, men enno turt. Skodde over 800 moh, sør-sørvestleg drag i skyene. Lett bris frå sørvest. Lufttrykket har gått ned og er no på veg opp att. Det har vore mildt i natt, skya og laber bris. Neppe nedbør siste døgn. 1 mm til i går, det kom tysdag.
I går var det sol frå morgon til tidleg på kvelden, knapt skyer, berre nokre små fjørskyer. Om ettermiddagen kom makrellskyer og skyer med linseform høgt oppe dragande inn frå sørvest, etter kvart overskya. Nattetemperaturen til i går var ned til +2. Med strålande sol vart dagen god og varm, men lufttemperaturen var ikkje spesielt høg.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Fuglesongen i juni

Mange fuglar har ungar i reira no, andre, som strandsnipene, rugar på egg. Det er mindre fuglesong no enn om våren, spesielt midt på dagen. Trastane, som song så flittig i april, gir mindre lyd frå seg.  Nokre individ syng flittig, ein måltrast og ein raudvingetrast har sine faste songplassar nær hovudvegen. Desse to individa må vere i ein annan situasjon enn dei som driv og forar ungar. Høyrer også gransongar og munk synge. Svalene gøymer seg ikkje i skogen, og har ikkje same behov for å vise seg med song. Grønsisikane flyg rundt og leitar frø i vegkantane, og hevdar ikkje territorium der.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Litt sol

+11 grader, vest lett bris, skya, haugskyer, nokre regnbyer, ganske intense. Innimellom litt solskin. 10 mm nedbør til i dag morges, like mykje i natt som i går. Tidleg i dag låg nysnøen ned til 700 moh, har trekt seg litt oppover no.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjølig

+5 1/2 grad, ned til +4 1/2 i natt. Stilt, skya, opplett mellom regnbyer, skodde over 800 moh, elles nokre små skoddedottar omkring 200 moh.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Når kjem det mykje nedbør i Stordalen?

I Stordalen vart det i årevis foreteke vêrobservasjonar på Overøye. Dette ligg inne i fjella og viser tilhøva i området mellom Storfjorden og Romsdalsfjorden. Nedbørmengdene på denne stasjonen låg noko over gjennomsnittet for nedbørstasjonar på Sunnmøre. I sume høve fekk Overøye meir nedbør enn dei andre. For junimånadane 1981-1995 er der eit fåtal døgn der Overøye hadde mest nedbør. Nokre av desse gongane var når dei vinden og dei nedbørførande skyene kom beint vestfrå. To andre gongar hadde Overøye klart mest nedbør. Den eine gongen dreia vinden frå nord mot vest, den andre gongen frå nord mot nordaust. Truleg har det begge desse gongane vore mykje meir nedbør i sume fjell på Sunnmøre enn i låglandet, og andre stader i same høgde som Overøye har fått like mykje nedbør. Ei anna forklaring kan vere at Overøye får mykje nedbør over heile spektret av vindretningar frå vest mot nord og nordaust.
Og så er det med Overøye som andre stader. I eit fåtal tilfelle der nedbøren har kome frå ei eller nokre få byer. Og så har akkurat denne nedbørstasjonen vorte treft.
Posta under Klima | Kommenter innlegget