Tur til Snaufjellet

Var på Snaufjellet i går. Stilt eller flau vind på toppen. Mildt og solskin. Disig. I aust låg nokre få haugskyer, i vest låg skoddeskyene litt inn om kysten. Toppen av Godøya stakk opp, såg ut til at overkanten av skodda låg på 300 moh. Skoddeskyene låg langt inn om til dømes Gamlemsveten.
Til fjells var der heilo, heipiplerke, bergirisk og steinskvett. Steinskvettane hadde fått ut flygedyktige ungar, og det såg ut til at paret hadde delt opp flokken. Hannen med minst ein unge ein plass, og hoa med minst ein unge lengre oppe i fjellet.
Av fuglesong høyrdest måltrast og gransongar i skogen, og fleire lauvsongarar og bokfinkar. To rugder ute og flaug før solnedgang. Såg elles ein hare på turen.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Skoddeskyer

I går ein varm lettskya dag med mykje sol frå føremiddagen til solnedgang. Opp til +25 grader. Lett bris opp dalen om ettermiddagen. Lite drag i haugskyene, som mest låg i aust og nordaust, og som til dels tok ned på høgaste toppane.
I dag +19 kl 8, ned til +13 i natt. Lettskya, fjørskyer og eit lag skoddeskyer som no ligg over fjorden 100-300 moh, og som i natt har lege her inne i dalen også. Svak vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Fuglesongen i slutten av juni

Enno høyrest ein del fuglesong om dagane, sjølv om det er mest av denne tidleg om morgonane. Lauvsongar, gransongar, munk, buskskvett og gauk har enno ikkje slutta med synginga eller galinga si. Midt på natta er det få fuglar som syng. Av unntaka er måltrast, raudvengetrast og raudstrupe.
Andre fugleslag er ute og flyg enkeltvis eller i flokkar. Små flokkar av grønsisik langs vegane er vanleg no. For tida er det frøa frå småsyra som lokkar mest.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Torevêr

Varmt i går, +20 kl 8 og +24 kl 20. Skya om kvelden, seint i går kveld kom eit torebye.
7 mm regn i måleglaset til i dag. Turt heile dagen, nokre få gongar har dropar vore merkande. For det meste skya, ein del sol. Varmt i dag også. +22 kl 19. På det lågaste var temperaturen ned i +15 siste natt. Rolege vindtilhøve i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir varme

I dag var det +20 kl 8 og +24 kl 20. Lettskya og ein god del sol tidleg på dag, seinare delvis skya, seint om kvelden skya. Berre skyer høgt over fjella. På Viset bles det lett til laber bris om morgonen, elles rolige vindtilhøve. Turt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+15 grader før kl 7, stilt. Lettskya, eit tynt lag høgt oppe som dekker mykje av himmelen, mellomting mellom fjørskyer og slørskyer.
I går lettskya og varmt, sol det meste av dagen, om kvelden bleikna sola då det drog til med slørskyer vestfrå. Lite vind.
Laurdag sol heile dagen, varmt, +24 grader midt på dagen, truleg ikkje stort meir i maksimumstemperatur. Oppe i høgda bles det sør lett bris den dagen, nede i dalen mindre vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Heitt

Varmt i går. Over +21 kl 8, og over +20 til langt på kveld. På Viset var det oppe i +31. Lettskya og sol stort sett heile dagen i går. Det kom litt skyer torsdag kveld, så natta i går var ikkje heilt klar. Der var litt haugskyer eller rukleskyer frå morgonen av. Nokre små haugskyer ut over dagen, og etter kvart litt fjørskyer i vest.
Siste natt har temperaturen vore ned i +13. No kl 7 er det +17, skya, rukleskyer og fjørskyer. Sola stod opp 6.30, men er knapt synleg. Stilt. Skyene flyttar seg knapt, sakte frå sørvest.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Varme

I går var det på det meste litt over 20 grader, og sol heile dagen. Berre sovidt snev av haugskydanning, og nokre små fjørskyer.
I dag var det +19 kl. 8, no kl. 19.30 er det +23 1/2. På det meste over +26, det vart rapportert frå Viset. Lett bris, klart. Klart også om morgonen. Nokre haugskyer midt på dag og ut over ettermiddagen, på det meste mindre enn ein åttedel (1 okta) av himmelen dekt, og sol heile dagen.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren kring Hjørundfjorden og Ørstafjorden

Nedbørstasjonane på Hustad ved Sæbø og på Velle i Ørsta er eller har vore av dei som har fått mest målt nedbør på Sunnmøre. Slik desse ligg til, ikkje særleg langt inn frå kysten, og heller ikkje langt nord, er det rimeleg at sørvestlege vindar gir rikeleg nedbør i dette området, og meir enn andre stader på Sunnmøre.

Eit oversyn over nedbøren junimånadane 1981-1995 viser at Hustad i nokre høve var den stasjonen som fekk aller mest nedbør på Sunnmøre, og at dette helst hender når vêret kjem frå sørvest. Også når vêret kjem beint sørfrå kan det hende at Hustad er den stasjonen som får mest nedbør.

Også vêrstasjonen Ørsta-Velle kunne peike seg ut som staden som fekk aller mest målt nedbør på Sunnmøre i liknande situasjonar. Ser vi nøyare på saka viser det seg at dette hende når vêret kom frå sør-sørvest, vest-sørvest eller beint sørfrå. Naturlegvis kom det mykje nedbør når vêret kom direkte frå sørvest også, men stasjonen brukte ikkje å vere nummer ein rangert etter kvar det vert målt mest nedbør.

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Skoddeskyer i går, sol i dag

Lettskya, nesten klart, berre nokre tynne fjørskyer på himmelen. Dei held seg i ro. Solskin og +13 1/2 kl 7.30. Flau vind.
I går var det overskya eller nesten overskya heile dagen. Skoddeskyer som la seg ned til 300 moh. og vart liggande i den høgda mykje av dagen. Svak vind eller lett bris frå sørvest. Turt heile dagen.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget