Regnbyer

+8 grader, skya eller overskya, vestleg, lett bris, regnbyer. Skodde på dei høge fjelltoppane, litt skodde lengre nede i fjella også. Tjukk nysnø over 1100 m.o.h. 64 mm nedbør på eit døgn.  Regnbyene har vore intense og mange siste døgnet.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Det har regna rikeleg dei siste døgna, med 36 mm frå mandag kveld til tidleg i dag. Temperaturen har falle litt, og over 1300 m.o.h. har det kome eit tynt snølag.
Samla sett har denne sommaren vore varm og til dels turr.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Fuglesongen i byrjinga av juli

No har fuglesongen stort sett stilna av, sjølv om den nok enno kan høyrast i tidlege morgontimar. Høyrde gauken gol sist for tre dagar sidan. Songen til gransongaren høyrde eg enno ofte fram til denne veka. Ein og annan trast song litt første veka i juli, og til fjells høyrdest snøsporven sin song i korte strofer.
Mange av fugleungane frå i fjor er forlengst flygedyktige no, mellom anna raudvingetrasten sine ungar, som eg såg for ei veke sidan.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Regn

Morgontemperatur på +11 1/2. Flau vind. Overskya, skodde ned til 100-150 moh. Skodda låg enda lågare ned seint i går.
I går var det overskya, regn om natta, lett regn ut over dagen, opplett om kvelden. Totalt kom det 6 mm, truleg 5 mm til i går og 1 mm til i dag.
Dagen før var vinden nordaustleg. Turt og noko sol.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nokre regndropar

Ned til +11 i natt, opp til +16 i dag. Delvis skya, seinare overskya og lett regn, men heile tida turt på marka og ein lett bris frå aust eller nordaust. Om kvelden skya, opplett. For det meste skodde på dei høge fjella. Litt før regnet kom dukka det opp rukleskyer på himmelen. Desse drog frå sørvest medan skyene under drog frå nordaust. At skylaga dreg i motsett lei heng gjerne saman med litt ruskete vêr.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skylag rundt fjella

Ned til +10 i natt, overskya frå morgonen til midt på dag, eit skylag som låg ned til 500 moh. om morgonen og heva seg til over 700 moh. etter kvart. Nordvestleg drag i skyene, seinare på dag skya eller delvis skya, skyene dreg frå aust no om kvelden, ein lett austleg bris eller svak vind her i dalen. Litt kjøligare luft, maksimum kanskje +18 i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Enda ein soldag

Dagen starta overskya med eit skoddelag rundt fjellsidene. Det hadde yra nok til at asfalten var våt, men ikkje meir. Asfalten turka fort opp att. Skydekket, eit lag bukleskyer med underkant på 800 moh, sprakk opp på føremiddagen, og sidan har dagen vore lettskya med sol stort sett heile tida. For det meste lett bris eller svak vind opp dalen frå sjøen. Maksimumstemperatur litt over +20. Dei få skyene på himmelen tok meir form av haugskyer ut på dagen, og låg for det meste i aust. No på kvelden har skyene på nytt flata ut, men ligg over fjella no. Over det lågaste skylaget har himmelen vore heilt klar.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir finvêr

I går gjekk temperaturen ned i +13 1/2 om natta, og opp i +25 1/2 (minst) om dagen. Strålande vêr med sol frå morgon til kveld. Lite skyer.
I dag var temperaturen ned i +11 tidleg om morgonen etter ei klar natt. Dagen vart delvis skya med haugskyer, mest innover. Seinare tok bukleskyer over. Desse ligg rundt 1000 moh. Ikkje like varmt som det har vore i det siste, maksimumstemperatur så vidt over +20. Stilt om morgonen, seinare bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Disigt

Enno ein varm dag. Ned til +13 i natt, i dag kanskje like varmt som i går, då det var opp i +24 1/2 grad på det varmaste. Litt disigt i dag som i går. Lettskya i dag også, enda mindre skyer enn i går. Då var det ein god del haugskyer i aust, elles nokre haugskyer i sørvest. I dag nokre haugskyer i aust, og litt i sørvest. Lett bris opp dalen på dagtid i dag som i går.
I går kveld var det ein del makrellskyer på himmelen. Dei trakk frå nord eller nordvest. Dei hadde ikkje preg av opptrekk, og i dag kan det fastslåast at noko opptrekk var det ikkje. Godvêret har halde fram.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren vest og nord på Sunnmøre

Eit tilbakeblikk på tida 1981-1995 viser at nokre få junidøgn desse åra hadde Ekset i Volda mest nedbør av målestasjonane på Sunnmøre. Der er lave fjell rundt Ekset. Andre stader i Volda har høgare fjell, og sikkert meir nedbør. Der er vanskeleg å finne noko spesielt ved dei gongane Ekset skilta med mest nedbør. Lettare er det å sjå kva som merker seg ut ved vêrstasjonen på Fiskå. Der hende det oftare at nettopp den stasjonen hadde mest nedbør, og då var det vindar mellom sør og vest som dominerte.
Svinøya har lite nedbør fordi der manglar fjell. Nokre få gongar har likevel Svinøya fått meir nedbør enn dei andre stasjonane på Sunnmøre. Dette er truleg resultat av lite pålandsvind, enten fordi det er stilt eller kanskje vinden bles langsmed kysten frå nordaust. Desse gongane er nedbøren liten over distriktet.
Brandal har mykje nedbør. Vêrstasjonen som var i drift der hadde meir nedbør enn andre stasjonar på Sunnmøre sume av dei mange gongane det bles frå sør-sørvest. I blant hadde Brandal også mest nedbør når vinden kom frå sørvest.
Nokre få gongar har Ålesund fått meir nedbør enn dei andre målestadene. Truleg førekjem dette ved sørvestlege vindar. Brusdal har i blant meir nedbør enn dei andre stasjonane, og der ser det ut til å ha vore nordaustleg vind i nokre tilfelle. Elles kan det kanskje hende ved sørvestlege eller vestlege vindar også, men i så fall ved moderate vindstyrkar.
At Vigra får mest nedbør hender sjeldan. Men det førekjem, og då er det truleg som for Svinøya, at det hender når vinden er svak eller bles langs kysten. Hildre får oftare mest nedbør. Der er det tydeleg at det er ved nordaustlege vindar at denne stasjonen får mest nedbør av målestadene på Sunnmøre. Men det skjer også ved andre vindretningar.
Posta under Klima | Kommenter innlegget