Kaldfront

+14 grader, svak vind, skya, eit lag med tjukke skyer som ligg høgare enn fjelltoppane. Haugskyer som liknar litt på bukleskyer. Over dette skylaget er det blått og knapt fjørskyer å sjå. Skyene driv sørfrå. Det kom 4 mm regn i natt. Ein kaldfront har truleg gitt alt regnet på kort tid. Asfalten er turr att. Temperaturen har vore ned i +13 1/2.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Varmt

I kveld er det +24 grader, sør laber bris, skya. Låge skyer, bukleskyer og haugskyer, dekker det meste av himmelen, men ingen av fjella. Over desse skyene dekker fjørskyer og makrellskyer det meste. Alt av skyer dreg frå sør-sørvest. Vanskeleg å seie kva maksimumstemperaturen har vore i dag, trur det er +28. Barometerstanden er dalande.
Før i dag har det vore for det meste skya, litt sol, og mest høge skyer.
I går kveld var det +20 grader ei stund, og vinden kom opp i frisk bris. I dag tidleg var asfalten våt, men ikkje vatn i måleglaset. Kanskje ein tidels millimeter regn.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

På Høgsvora

Var på Høgsvora i ettermiddag. På toppen sør liten kuling eller frisk bris. Overskya unnateke langt nord der himmelen framleis var lettskya. God sikt til alle fjelltoppar unnateke i sørvest, der toppane på Råna/Regndalstindane var nesten borte i dis eller regndropar. Nysnøen som kom i fjella før helga var for det meste borte, men på nokre toppar, m.a. Storbua, var der framleis att nysnø.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

I kveld er det +17 1/2 grad, sør lett bris, overskya, bukleskyer, opplett og endeleg turt i graset. Lufttrykket er minkande. Det var mykje sol på føremiddagen, sidan skya og litt sol til etter middag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

Fin morgon med sol sidan kl. 7, lettskya, tynne knapt synlege fjørskyer ut over ein del av himmlen. Berre i vest nokre striper av tjukkare skyer. Skoddedottar kjem drivande ut over fjorden i 200 meters høgde og løyser seg fort opp. Tyder vel på søraustleg bris i høgda.
Enno er lufta kjølig. Temperaturen har vore ned til +6 i natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Augustregn

På åtte døgn har her kome omkring 180 mm regn i måleglaset mitt. Dette er eit uoffisielt og litt upåliteleg tal, men i august er det enklare å måle nedbør enn i årstider med snø og drev, eller stor fordamping. Første ti dagane av august var nedbøren liten. Enno står det att nesten to veker av månaden. Korleis den totale nedbørmengda for august kjem til å verte i år er sjølvsagt uvisst. Men normalmengda er allereie passert. Ved å sjå på nedbørnormalar for Ørskog og for Overøye, og å ta med erfaringar frå mine eigne målingar, går det an å gi eit kvalifisert tips om kva som er den normale mengda her eg måler. Truleg må eg rekne 130 mm for nær normal augustnedbør.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Endeleg turrvêr

Føremiddagen overskya eller skya, spreidde regnbyer og rolege vindtilhøve. Sidan delvis skya eller lettskya, mykje sol, og lett bris frå vest eller sør. Berre haugskyer ei stund, men frå i ettermiddag også fjørskyer på himmelen. Desse driv vestafrå medan haugskyene stort sett ikkje flyttar seg. Men dei er med på å lage vind under seg.
Det kom 8 mm regn frå ettermiddagen i går til morgonen i dag. Sidan 1 mm på dagtid. +16 grader no i ettermiddag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vått i dag også

+12 no i ettermiddag, opp til +13 1/2 i dag. Regnbyer, 14 mm frå i går kveld til i dag om morgonen, 11 mm i dag til i ettermiddag. Overskya i dag, vestleg skydrag, skoddeskyer ned til 400-600 m.o.h. Vestleg svak vind, opp til laber bris nede ved sjøen før i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Til fjells

Var på Skåla i Loen i går. Nysnø over 1500 m.o.h. På toppen 10 cm snø. Det gjekk greit å gå i lave skor. Der var litt regn i lufta, og ein laber bris frå aust eller sør. Nokonlunde sikt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kort oppklarning

Regnbyene heldt fram på fredag. Vinden minka etter kvart. På eit halvt døgn til fredag kveld kom det 31 mm, så letta det, slik at trettiein millimeter vart den totale nedbørmengda på eit døgn fram til laurdag morgon.
På fredag var det berre såvidt det var gløtt av sol. Oppklarninga kom natt til laurdag med lettskya vêr. Oppklarning om natta tyder avkjøling, og sidan sola ikkje slapp til om kvelden kom temperaturen ned til +4 om natta. Laurdag morgon skya det til før sola slapp til på rett. Kl. 7.30 kom meiskyene vestafrå, deretter skya det fort over, særleg i sør. På Sunnmøre kom det litt regn ut på dagen, medan det kom meir i Nordfjord, og allereie midt på dagen.
På eit og eit halvt døgn fram til søndag kveld har her kome 14 mm regn. Kanskje særleg sist natt, men også nokre byer i dag. Vind har det vore lite av i dag. Midt på dag dreiv skyene frå sør-sørvest. Høgare på himmelen var der mykje fjørskyer. Desse dreiv frå aust.
No i kveld er her +12 grader, overskya opplett, vått i terrenget og skoddeskyer til dels langt ned.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget