Opplett etter regn

Etter varmen i går kom det 4 mm regn i natt. Regnet slutta om lag kl 7. Då var det +11 1/2 grad, flau vind, skya, litt klar himmel i sørvest eller vest. Skyene dreiv søraustfrå. Desse ligg over fjelltoppane, som er skyfrie. Spreidde skoddedottar lågt nede i fjellsider og dalbotnar.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Varmt

Opp til +22 grader i dag. No i ettermiddag +21. Solskin gjennom tynne skyer. Delvis skya, bukleskyer og fjørskyer. Bukleskyene driv sørfrå, og vinden i låglandet er lett bris frå sør. Det har det vore mykje av dagen. Lufttrykket har gått litt opp og ned. Midt på dag regna det litt, men for lite til å vere målbart. Føremiddagen var for det meste skya. God turk i dag. I ettermiddag har det også vore haugskyer på himmelen, så lufta er noko ustabil.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lett overskya

Lagskyer eller slørskyer dekker himmelen denne morgonen. Rett opp anar eg blåfargen gjennom skylaget. Då er det eigentleg ikkje overskya lengre. Ser ut som det held på å bli fint. I stad var der striper av bukleskyer att på himmelen.
+15 grader no, ned til +13 1/2 i natt. Opplett sidan i går, svak vind, lett bris for ein time sidan, frå sørvest. Minkande lufttrykk.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

Det kom 5 mm regn frå i natt til i føremiddag. Av dette kom 4 mm før kl 8, og 1 mm etterpå. For det meste overskya i dag, men midt på dag gløtt av sol. Seinare kom det rukleskyer i revnene i skydekket, og så tjukna det att, men opplett heile tida. Lengre vest ser det ut til at det har kome nokre regndropar. +17 grader i kveld, opp til +19 i dag. Flau vind i kveld, svak vind før i dag, nok til å gi litt turk. Lagskyer og bukleskyer på himmelen, alle fjella skyfrie.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Regn, overskya, aust-søraustleg drag i dei lave skyene, som ligg omkring 600 m.o.h. Sørvestleg drag i skyene høgare opp. Desse ligg høgare enn fjella. Fjella skoddefrie unnateke toppen av Halvardfjellet på 598 m.o.h. +11 1/2 grad, ned til +11. Flau vind. Minkande lufttrykk.
 
Posta under Klima | Kommenter innlegget

På Lauparen

Var på Lauparen i dag. Søraust lett bris på toppen. Sol av og til. Turt i marka langt ned mot dalbotnen. Frå toppen var det god sikt og rein luft. Dei aller fleste fjelltoppar skoddefrie. Eit av unntaka var Kvitegga, som heile tida var gøymd i skodde. Elles la det seg skodde på Venjetindane og nokre andre fjell frå midt på dagen. Ved Jostedalsbreen var nokre av fjella gøymde i skodde heile tida. På Pyttegga var det skodde ei lita stund. Dei andre fjella ved Tafjorden var skoddefrie heile tida. På ytre strok fanst det litt skodde, m.a. nær Gamlemsveten.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt og ein del sol

17 1/2 no i ettermiddag. Opp til +19 1/2 grad i dag. Ned til +9 1/2 siste natt. Skya, bukleskyer og litt haugskyer og fjørskyer. Flau vind.
Om morgonen var det lettskya, frå føremiddagen skya og ein del sol. Turt siste døgnet.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbør tidleg og seint i august

Har sett nærare på korleis nedbøren har fordelt seg i augustmånadane på nedbørstasjonen i Ørskog. På denne plassen har det vore føreteke målingar sidan 1957. Nedbørnormalen for august i perioden 1961-1990 er på 117 mm. Trenden gjennom 52 år viser ein svak auke i augustnedbøren. Eit kjenneteikn ved august er at nedbøren er mykje større i slutten av månaden enn før. I første halvdel av denne perioden, dvs. fram til om med 1982, var nedbøren seksti prosent større i slutten av august samanlikna med første og midtre del av månaden. Seinare har ikkje skilnaden vore like markant, men nedbøren pr døgn har vore tretti-femti prosent større i slutten av månaden samanlikna med første to tredeler.
At auken ikkje lengre er like markant kan ha samanheng med at hausten let vente på seg. Før var siste veka, eller siste ti dagane av august, prega av haust med tidvis nysnø i fjella. I kontrast til fint sommarvêr første to tredeler av månaden.
At finvêret kjem når skulen startar, slik eg nyleg høyrde, hender berre unntaksvis. Det er vanskeleg å finne belegg for dette i nedbørstatistikkane.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Solskin

I kveld lettskya, bukleskyer og fjørskyer, +12 1/2 grad, flau vind.
I dag delvis skya eller til tider lettskya, ein god del sol. Opp til ca. +18. Mest haugskyer på himmelen. Litt fjørskyer av ein sort som ikkje varslar omslag til meir skyer. Siste regnbya kom om morgonen, nokre tidels mm. Sidan opplett, men ei lett bye lengre vest om ettermiddagen. Elles har vinden vore opp i sørvest laber bris i dag. Denne vinden kom av ulik oppvarming i underlaget i solskinet.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Ny kaldfront

+10 1/2 grad, skya, haugskyer på tre fjerdedeler av himmelen, og blå bakgrunn over haugskyene, som driv frå sørvest og ligg høgare enn fjelltoppane. Nokre små skoddedottar i dalbotnen. Flau vind. Gløtt av sol.
Torevêr i natt. 10 mm regn i måleglaset. Det kom også litt regn på dagen i går, men dette var kanskje ein eller to tidels millimeter i spreidde byer.
I går var det skiftande skydekke, for det meste skya, og komfortabel temperatur med litt sol av og til. For det meste svak vind. Til ut på dagen var det haugskyer som til dels utvikla seg til små byeskyer.
Kl 16 i går kom litt makrellskyer på himmelen, kl 17 kom der meiskyer drivande frå sør-sørvest. Sidan kom der meir fjørskyer, og ut på kvelden var der ein bakgrunn av fjør-eller slørskyer over dei lågare skyene. Der la seg også nokre skoddedottar i fjellsider.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget