Våt august

No på den siste dagen i månaden kan vêret oppsummerast. Her i Vaksvika har nedbøren vore over det doble av normalen. Det kjem ikkje berre av at vi har hatt ein våt august i distriktet, men også av at det har regna på nettopp dei vindretningane som gir mykje regn her.
Elles har denne månaden hatt ein del varme dagar, så der treng vi ikkje vere like skuffa.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Grått

Ein grå kveld med lett regn og skoddeskyer kring fjell og dalar. Ikkje lengre bris, flau vind no. I dag kom det 2 mm regn på eit halvt døgn.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lett regn

+12 1/2 grad i ettermiddag.  Frå i går kveld til i dag om morgonen kom 6 1/2 mm regn. Det skulle tyde noko sånt som 23 mm på eit døgn. Det var opplett i dag morges, og så og seie overskya med ein bakgrunn av slørskyer og ein del bukleskyer under. Så tjukna det til med lagskyer over bukleskyene, som dreiv vestafrå, og ikkje lenge etter regna det smått. Sidan har det regna jamnt men lite saman med ein bris frå søraust. Først ut på ettermiddagen regna det tettare. No om ettermiddagen er det overskya og regn med skodde til dels ned til 400 m.o.h. Men fleire av dei høge toppane er synlege. Barometeret har byrja å gå ned.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn i heile dag

No i kveld +10 grader, svak vind, overskya, regn, sørvestleg vêr. Lufttrykket har stige litt. Skodde i sume fjell, ned til under 500 m.o.h. Men nokre av dei høge fjella er synlege. Opp til +12 i dag. 17 mm regn på eit og eit halvt døgn. Det meste har kome i dag. Mykje meir regn litt nærare kysten.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om flaumar i august

August er ein månad med moderat normalnedbør samanlikna med tida september -januar. Og ikkje er den totale nedbørmengda så variabel som i februar-mars, som sume år er svært turre og andre år har mykje nedbør. Men døgnnedbøren kan vere svært stor i august.
Medan dei store nedbørmengdene om hausten og vinteren helst kjem i sørvestleg vêr har store nedbørmengder og flaum i august oftast kjeme i vestleg og nordleg vêr. Om sommaren er lufta over land varm og inneheld ofte rikeleg fukt. Det som då skal til er kjøligare luft frå havet som løftar denne opp. Havlufta er også rimeleg varm om sommaren, og inneheld rikeleg fukt. Denne lufta vert også pressa opp over fjella fordi vind frå vest og nord er pålandsvind. Styrken på vinden i desse tilfella har vore kring liten kuling, stiv kuling om det var sist i månaden. Her brukar eg observasjonar på Svinøya for å vurdere vinden si retning og styrke.
Mine eigne målingar viste 64 mm regn på eit døgn midt i denne månaden, og det er mykje. Nokre døgn etterpå hadde Ålesund langt meir regn, og det er sjeldent mykje.
Har sett på observasjonar som er gjorde på Sunnmøre i over femti år. Det viser seg at flaumane kjem når vinden kjem frå sektoren frå sørvest til nord-nordaust. Seks tilfelle med mykje nedbør peikar seg ekstra ut.
13. august 1962 vart det målt 75 mm regn i Ørsta. Skodje hadde nesten like mykje. Døgnet før hadde vinden dreia frå sør til vest, med temperaturfall og tjukk nysnø i fjelltoppane.
31. august 1964 vart det målt 87 mm regn i Ørsta og nesten like mykje på Linge. Dette døgnet vart det målt mykje nedbør på mange målestasjonar både i midtre og indre strok.
22. og 23. august 1980 vart det målt mykje regn på ein del av målestasjonane i midtre strok. Regnet den 22. ga Barstadvik, Nordre Vartdal og Vartdal den største flaumen i det 20. hundreåret. Vind frå nord-nordvest førte til at medan det regna moderat langs Vartdalsstranda kom det store mengder ei halv mil lengre inne. Flaumen var størst om morgonen, og dei store nedbørmengdene vart fordelte på to døgn. Ørsta hadde 76 + 68 mm, og Fiskå 111,5 + 55,5 mm.
2. august 1989 vart det målt 75 mm regn på Brandal i nordavêr. Kanskje var nedbøren størst i midtre og sume stader i ytre strok?
7. og 8. august 2000 vart det målt mykje regn på Overøye i Stordalen. 55,4 + 78,3 mm på to døgn. Det siste døgnet bles det rundt vestleg heile tida.
15. og 16. august 2003 kom det mykje regn i midtre og indre strok. Vinden kom frå nord eller nord-nordvest. På Ekset i Volda kom det 102,3 mm den 15. Denne staden brukar sjeldan å utmerke seg med mykje nedbør.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Opplett etter kaldfront

+9 grader, ned til +8 1/2 seint på natta. 45 mm regn siste døgn, kanskje 1/2 mm på dagtid i går. Elles kom alt i natt, og truleg seint på natta. Ser på voldveiret.no at der fall temperaturen meir enn fire grader på to timar medan det kom sju millimeter regn. Ser at regnet har drive mot austveggen. Det gjorde det ikkje då det kom mykje regn i vestavêr. Undrast på kva retning dette regnvêret kom frå. Kanskje nord-nordaust. Det kan vere ei forklaring på at her har regna mykje meir enn i Volda.
No er det skya, har vore overskya til no. Litt bukleskyer som driv frå sørvest ligg under lagskyer. Og nedst litt skodde i 400-600 meters høgde. Fjella høgare oppe er skoddefrie. Ved marka er det flau vind. Luftrykket har minka for så å stabilisere seg.
I går var det opp til +17 1/2 grad. Spreidt regn tidleg på dagen, skya opplett midt på dagen, og overskya med lagskyer over bukleskyer på ettermiddagen.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn av og til

+15 grader i kveld, truleg over +20 i dag. Spreidde regnbyer, men berre nokre tidels millimeter sidan morgonen. Svak vind eller lett bris frå sørvest. For det meste skya i dag. Sørvestleg drag i skyene. Fritt for skodde i fjella til ut på ettermiddagen. Sidan skodde i fjella, men berre over 500 m.o.h. Lite endringar i lufttrykket.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Spreidde regnbyer

Vått i dag, spreidde regnbyer og svak vind. Overskya, drag frå sør-sørvest. 0 1/2 mm regn før kl. 8, totalt 1 1/2 mm på eit døgn. +13 grader no. Ned til +9 i natt. Det tyder på lettskya ein del av natta. Skydekket sprakk i går kveld, og det vart delvis skya. Lufttrykket er minkande no.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vegetasjonen i slutten av august

Vi er i overgangen til hausten. Skogen verkar å ha eit meir haustleg preg enn vanleg denne augustmånaden. Kjem vel av at våren kom tidleg og det har vore mange varme dagar. Rognebæra står raude og lønnefrøa ser modne ut. Blomstane i vegkanten er meir i rute. Dei har si blomstringstid og er lite påverka av korleis det var i vår.
Posta under Planter og dyr | Kommenter innlegget

Fuglar i slutten av august

Fugletrekket er i full gang. Dei fleste grågjess har floge sørover. Dette er eit resultat av fredingstider og jaktformer. På 1960-talet var det i september at grågåsflokkane, som då helst var mindre, for forbi.
Andre fuglar legg ein mindre merke til. Dei trekker gjerne om natta. Og om dagane syng dei ikkje slik som om våren. Dei vert berre meir fåtalige inn til alle er vekke. Der er færre fuglar i lauvverket no enn i byrjinga av månaden, og dei ein ser er ofte meiser som skal overvintre. Såg to buskskvettar i går. Desse kan sjåast til tidleg i september, men er nok allereie fåtalige. Mange av fuglane som blir verande ut over hausten går over frå å ete insekt til å ete frå. Linerler og låvesvaler gjer ikkje det. Likevel vert dei verande lenge enno.
Trastane samlar seg i flokkar denne tida, og kjem frå skogen ut på markar og vegkantar. Som ein liten flokk måltrastar eg såg nettopp. Men trasteflokkane er oftast ei blanding av fleire artar. Svartetrastane flokkar seg sjeldan.
Fuglar som kjem tidleg om våren brukar å reise seint om hausten. Tjelden er eit av unntaka. Ser ut til at dei fleste er reiste no. Ender vert verande. Såg seks ender på eit vatn i går, truleg toppender. Når dei ikkje finn mat i ferskvatn flyttar dei berre til sjøen.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget