Regn

Nokre regndropar på føremiddagen, men stort sett opplett og turt til midt på dagen, med svak vind eller lett bris. Seinare regn, skodde i fjella.
Kl.20 var det +11 1/2 grad, 6 mm regn i måleglaset, stigande barometer, regn og skodde over 200-400 m.o.h. Overskya og vestleg drag i skyene.
Seinare på kvelden byevêr.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Svaler

Her er mykje svaler enno. I det siste har eg berre sett låvesvaler. Taksvalene reiser allereie i august.
Såg at låvesvaler flaug inn under ein silo i går. Der sat svaleungar på ein bjelke og fekk mat frå foreldra. Ungane var godt flygedyktige og flaug ikring til tider. Dei har nok ikkje vore så lenge ute av reiret. Eit seint andrekull. Frå midt i september vert det færre låvesvaler å sjå, og i slutten av månaden reiser dei siste. Dette er stort sett fuglar på forbireise. Sjeldan eg ser låvesvaler i oktober.
Også på 1970-talet var det slik at det var råd å sjå låvesvaler ut heile september. I 1985-1987 kom tre kjølige og våte septembermånader på rad. Etter det brukte alle låvesvaler å vere reiste allereie midt i september. På 1990-talet normaliserte dette seg att.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Skya opplett

+11 grader, ned til +9 1/2 i natt. Minkande lufttrykk. Flau vind. Skya. Skyene dreg frå nordaust. Bukleskyer og eit høgare skylag. Til dels mandelforma skyer i det nedste skylaget. Berre skyer høgt over fjella.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lett skydekke

+9 1/2 grad, ned til + 9 i natt. Nokre tidels millimeter regn i måleglaset. Dette kom i går kveld. Flau vind, delvis skya. Bukleskyer som ligg i ro, og fjørskyer som dreg frå sørvest. Lite endringar i lufttrykket.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Fuglar i starten av september

Det tek til å verte færre av ymse slags fuglar. Såg nettopp ein grå flugesnappar, og det vert truleg den siste for i år. Høyrde ei strandsnipe i dag. Dei fleste av den arten er også reiste. Andre slags fuglar vert her lenge enno, eller dei overvintrar. Stokkendene på vatnet held seg nok der ei god stund framover, før dei dreg til saltvatn.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Stort sett opplett

+13 grader, opp til +15 1/2 i dag, lette regnbyer i omegna og nokre dropar her. Skya, sørvest drag i skyene, fri sikt til fjella. Lett bris. Barometeret har stabilisert seg etter å ha gått opp før i dag.
I dag har det vore for det meste skya og litt sol. Av og til regndropar, men ikkje målbar nedbør og turt i marka.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+12 1/2 grad, ned til +11 1/2 i natt. Sør lett bris, turt i graset, delvis skya, haugskyer og bukleskyer, sør-sørvestleg drag i skyene. Fritt for skodde på fjella. Lite endringar i lufttrykket siste timane. Berre lite skyer høgt på himmelen.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Delvis skya

Fin kveld med delvis skya og ein del sol. Haugskyer og bukleskyer, alt over fjelltoppane. Også litt skyer høgare oppe. Nokre av desse skyene viser instabilitet i lufta. Trur det var tårnskyer, ein variant av rukleskyer som liknar haugskyer. 1 mm regn i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Spreidde regnbyer

+15 1/2 grad, nesten opp til +20 i dag. Søraust frisk bris no, skya, sørleg drag i skyene, lite av skodde i fjella. Barometeret gjekk ned tidleg i dag. No har det flata ut.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildare og ny tiltjukning

+14 1/2 grad. Litt regn, meir regn lengre vest. Overskya, nokre skoddedottar lavt. Fri sikt til fjella. Sørleg drag i skyene.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget