Mildt

Det kom 5 mm regn i dag fram til kl. 20. Men mildt er det. Og no seint i kveld har vinden spakna litt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

+15 1/2 grad, opp til +16 1/2 i dag. Overskya, sørvestleg, sørleg drag i dei lågaste skyene. Ikkje skyer ned på fjella. Litt regn. Lufttrykket går raskt ned.
 I dag var det turt til føremiddagen, sidan perioder med regn, spesielt tidleg kveld. For det meste bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+11 1/2 grad, ned til +10 1/2 i natt. Opplett sidan i går kveld, 1 mm regn på eit døgn. Sør svak vind. Skya, berre skyer over fjella. Ein del låge skyer, og eit tynt skylag høgare opp. Også skyer med mandelform. Sørvestleg drag i skyene. Stigande lufttrykk så langt, men dette ser ut som ein opptrekkssituasjon.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kortvarige byer

13 1/2 grad, nesten opp til +16 i dag. Sørvestleg, frisk bris i kveld. Lufttrykket er stigande. Opplett i fleire timar og etter kvart turre vegar.
I dag har det vore skya eller overskya, kortvarige regnbyer. Sørvestleg drag i skyene. Mest av haugskyer. Trur eg høyrde tore langt vest ein gong. Totalt kom det nesten 1 mm regn i dag. Nokre gongar ut på dagen var det skodde i fjella, men dei høge fjella har stort sett vore synlege.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om regnvêr i september

September er ein av månadane då det normalt kjem mykje regn. Har vore inne på statistikkane og leitt opp septemberdøgn med ekstra mykje regn dei siste femti åra. Ser ut som der er større sjanse for slik flaumnedbør dersom juli-august har vore varme, dvs. med høg lufttemperatur. Men ein slik samanheng er spekulativ og kanskje tilfeldig. Verkar som det er vind omkring vest eller vest-sørvest som gir mest nedbør på Sunnmøre i september. Denne er meir pålandsvind enn sørvesten, og inneheld meir fukt enn nordavinden når det vert kjøligare i vêret.
No har eg sett nærare på dei fem gongane tidleg i september som ser ut til å ha gitt dei aller største nedbørdøgna på Sunnmøre. 8. september 1966 vart det målt 107 mm nedbør i Ørsta, og 5. september 1970 vart det målt 102 mm same staden. Desse to døgna har vore nokså like. På Svinøya var vinden vest-sørvestleg med dreiing rett vest begge gongane. Første gongen rundt stiv kuling, siste gongen kring liten kuling. Vindretningane tyder på at også Overøye hadde mykje regn, men dette var før det kom vêrrapportar derifrå. Elles ser det ut til at nedbøren var størst i midtre strok.
9. september 1973 vart det målt oppunder 63 mm både i Geiranger og på Sæbø. Ser ut til at det var eit lågtrykk som gjekk inn sør for Stad og ga mykje regn lengre sør. På Svinøya var vinden i middel lett bris, og dreia frå sørvest mot søraust og aust og til slutt nordleg. Geiranger og Hjørundfjorden ligg sør mot fylkesgrensa med høge fjell som gjer at frålandsvind kanskje ikkje gir same effekt som ute på kysten.
9.-10. september 1997 kom det mykje regn i ein vêrsituasjon som liknar dei to første eksempla. Det første døgnet dreia vinden frå vest-sørvest mot vest og var i middel sterk kuling på Svinøya. Mest nedbør fekk Overøye med 80 mm (har ikkje sett gjennom alt av observasjonar). Det neste døgnet minka kulingen litt og dreia frå vest til nordvest. Då fekk Stranda mest nedbør med 63,5 mm.
1. september 2006 regna det mykje nord på Sunnmøre, men nedbøren ser ut til å ha vore lokal, eller avgrensa til ytre strok. Hildre fekk mest med 70 mm. Vigra fekk også mykje. Observasjonane på Svinøya viser sørvest liten kuling.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Tiltjukning

+11 grader, ned til +8 1/2 i natt. Nedbørfritt sidan i går kveld. Nedbør siste døgn 1/2 mm. Sør lett bris, turre vegar og til dels turt i graset. Overskya, sørvest drag i skyene. Fri sikt til fjella. Minkande lufttrykk.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Spreidde regnbyer

+11 1/2 grad kl. 20. Spreidt regn i dag i form av byer. 0 1/2 mm regn i måleglaset. For det meste skya. Haugskyer drivande frå sørvest, og litt skyer høgt på himmelen. Av og til skodde på dei høge fjella. Flau vind no i kveld. Barometeret har stige litegrann i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya

+7 grader, ned til +5 1/2 i natt. Opplett i natt, nedbøren siste døgnet vart den halve millimeteren som kom i går. Stilt. Skya, rukle- eller bukleskyer som dreg frå sørvest. Opningar i skydekket i aust, tettare i vest og mykje linseformer i skyene der. Ein opptrekkssituasjon dette. Men barometeret har ikkje gått ned. Fjelltoppane frie for skodde, men til tider dottar lågare nede. Nokre skoddedottar dreiv ut over fjorden i 200 meters høgde, så litt opp i høgda er der svak vind eller lett bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Stort sett opplett

+7 grader no seint i kveld. Opp til +14 1/2 i dag. 0 1/2 mm regn, som kom om morgonen etter kl. 8. Sidan stort sett opplett. Lufttrykket steig på føremiddagen og har sidan flata ut. Dagen var skya med få solgløttar. For det meste bukleskyer, litt haugskyer. Ein del skyer høgare på himmelen, både fjørskyer og rukleskyer. Ingen av desse hadde formasjoner som tyder på omlegging i vêret. Ut over dagen skodde berre høgt i fjella. Stilt om føremiddagen, sidan svak vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Spreidde lette regnbyer

Kl. 8 var det + 9 1/2 grad. Ned til +9 i natt. 3 mm regn på eit halvt døgn, 9 mm siste 24 timar. Stilt. Overskya, skoddeskyer, bukleskyer drivande frå vest, og fjørskyer. Fjella gøymde i skyer, og til dels skoddedottar ned til 100 m.o.h. Stigande lufttrykk.
Ut over føremiddagen skya, langt mellom regndropane, vått i marka.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget