Skya

+9 1/2 grad, opp til +15 i dag. Skya. Eit skylag med underside på 500-700 m.o.h. dekker himmelen i vest. Til dels skodde enda lågare. I aust er det sprekker i skydekket, og nokre av dei høge fjelltoppane er synlege. Skyene driv sakte frå aust-nordaust. På marka er det flau vind. Før i dag lett bris eller svak vind. Litt sol har det vore. Opplett sidan i natt, men har sett det regna lengre vest før i dag. Barometeret går opp. Vegane er turre. Framleis vått i graset.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Opplett

+10 grader, ned til +9. Har vore opplett i timevis, men asfalten er enno våt. 8 mm regn i natt, 23 1/2 mm siste døgn. Flau vind, skya, bukleskyer som ligg nesten i ro, og skoddeskyer som til dels ligg ned til 200 m.o.h. Og gøymer alle fjella over 500 m.o.h. Stigande lufttrykk.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

+10 grader, ned til +9 1/2 og opp til +12 1/2 i dag. 15 1/2 mm regn på eit halvt døgn. No i kveld er det overskya, tungt vêr, vestleg drag i skyene, skodde over 400 m.o.h. Laber bris. Barometeret har såvidt teke til å stige. Regnbyer, varierande intensitet frå sterk til moderat. Men det regnar heile tida. Opplett ei stund midt på dag og gløtt av blå himmel då. Samstundes var der mykje bylgjeforma rukleskyer på himmelen og haugskyene og byeskyene tårna seg fort opp. Regnet kom for fullt att ut på ettermiddagen.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

+11 1/2 grad. Regn frå kl. 8. Overskya, fjelltoppane framleis synlege. Lett bris frå sørvest. Minkande lufttrykk. Kl. 7 var det skya, bukleskyer drivande frå sørvest og høgare oppe rukleskyer drivande vestafrå. 33 mm regn til i dag tidleg. Det meste, 30 mm, kom i går. 3 mm i natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Overskya

+10 1/2 grad, ned til +9 1/2 i natt. Overskya, bukleskyer drivande frå ves-sørvest, skodde på nokre av dei høge toppane, berre over 1200 m.o.h. Opplett, litt regn lengre vest. 1 mm regn i natt, 3 mm siste døgn. Våt asfalt. Stabilt lufttrykk. Stilt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mellombels opphald

+10 1/2 grad, opp til +15 1/2 i dag. Delvis skya og litt sol før middag, sidan tiltjukning. Såg makrellskyer på føremiddagen, litt etter linseforma skyer, og midt på dag var regnet kome. 2 mm til i kveld. Regn av og til og for det meste overskya i kveld. Svak vind og små endringar i luftrykket.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Opplett

+9 1/2 grad, ned til +8 1/2 i natt. Nokre tidels mm regn sidan i går kveld, totalt litt over 5 mm siste døgn. Skya, sakte sørvestleg drag i dekket av haugskyer og bukleskyer. Tildels skodde i fjella ned til 500 m.o.h. Men toppar opp til 1300 m.o.h. synlege. Opplett, flau vind, vått i graset og på asfalten. Lufttrykket har stige for no å flate ut.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

+11 1/2 grad. Opp til +13 1/2 i dag. Vestleg svak vind, skya, haugskyer, skodde over ca. 800 m.o.h. Opplett, langt mellom regnbyene, stigande lufttrykk.
5 mm regn i dag. Vestavêr, frisk bris her, og liten kuling nedved fjorden. Regnbyer frå morgon til kveld. Fjella skoddefrie tidleg på dag, etter middag litt skodde ved toppane.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya opplett

+13 1/2 grad. Har vore opp til +17 1/2 i natt eller i går kveld. 8 mm regn siste døgn, av desse tre millimeter sidan i går kveld. Stigande lufttrykk. Søraust laber bris. Skya, ikkje skyer ned på fjella. Sørvestleg drag i skyene. Opplett, regn langt vest.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om regnvêr i september II

Har sett meir på situasjonar med stor døgnnedbør i september, og denne gongen på sju tilfelle med mykje regn midt i månaden.
Fire av desse gongane kom det mykje regn i midtre og indre deler av Sunnmøre. Då har det typisk vore vestavêr og kuling.
15. september 1977 hadde Overøye 79 mm regn etter eit døgn med vestleg stiv kuling.
16.-18. september kom eit uvêr som var ekstremt både med omsyn til vind og nedbør. Ein tropisk orkan hadde teke leia nordover midt i Nord-Atlanteren utan å gå så langt vest som desse uvêra brukar. Tropiske orkanar døyr vekk over kjøligare hav, men dersom den varme fuktige lufta frå ein slik støyter i hop med kald luft nordafrå får vi temperaturmotsetnader som er drivkrafta for polarfrontlågtrykka på våre breiddegrader. Og det skjedde den gongen. Det var samanhengande regn i nesten to døgn, og på Overøye vart det målt 177,1 mm på det eine døgnet frå den 17. til den 18. om morgonen. Dette må vel vere den største døgnnedbør som er målt på Sunnmøre. Også Ørsta, Grønning, Tafjord og Sæbø hadde over 100 mm. Då hadde vinden blese frå vest i det føregåande døgnet, og på Svinøya var vinden full storm i gjennomsnitt for heile dagen.
11. september 1991 vart det målt 77 mm regn både i Ørsta og på Sæbø, og nesten like mykje på Overøye. Vinden var vestleg føregåande dag, og dreia nordleg gjennom natta. Ser ut til å ha regna mykje både om dagen og natta slik at regnet først har kome med vestavind og så etter kvart med nordvestleg og nordleg vind. På indre strok brukar det å kome mykje nedbør i smale sektorar av vindretningar. Lengre ute kan det halde fram å regne mykje medan vinden dreier.
14. september 1997 kom det mykje regn berre fire døgn etter føregåande flaum. Det var indre strok som fekk mykje regn, og Overøye hadde klart mest med 106 mm. Kvelden før bles det frå vest, og morgonen 14. var det vest-nordvestleg stiv kuling på kysten. Regnet må ha kome gjennom kvelden og natta sett ut i frå at mest nedbør kom på indre strok.
I statistikken fann eg også tre andre døgn med mykje nedbør midt i september, og i desse kom hovudtyngda nærare kysten.
19. september 1982 hadde Brusdal 69 mm. Vinden på Svinøya kom i heile sektoren mellom sørvest og nordvest, og var i middel frisk bris. Den moderate vindstyrken gjorde sitt til at nedbøren var størst langt ute, og ein plass som Brusdal får kanskje ikkje så mykje nedbør frå ei bestemt retning. Heller meir jamnt frå mange retningar.
16. september 1985 hadde Ørsta 62 mm. Vinden på Svinøya kom i heile sektoren mellom sør-sørvest og rett vestleg, og var i middel liten kuling. Ørsta ligg såpass langt ute at nedbøren kjem frå mange vindretningar.
Til 20. september 1988 kom der mykje regn i ytre og midtre strok. Brandal hadde mest med 99 mm. Vinden på kysten var sørvestleg eller vest-sørvestleg, og sterk kuling i middel.
Posta under Klima | Kommenter innlegget