Delvis skya

+9 grader, ned til +8 1/2 i natt. Delvis skya, tre åttedels skydekke, rukleskyer drivande frå vest, nokre også med utstrekte linseformer. Lufttrykket er sakte minkande. Svak vind. Turt i graset.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

Opp til +17 i dag. +15 grader no i kveld. 1 mm regn i måleglaset om morgonen. Dvs. truleg 5 mm på eit døgn. Om morgonen var det overskya, bukleskyer drivande frå vest under lagskyer. Skodde berre på ein fjelltopp. Sidan har skyene lege over fjella, og frå midt på dag har skydekket sprukke opp. Deretter skya med rukleskyer og bukleskyer på himmelen. Ein del skyer med mandelform. Skyene driv vestfrå, medan vinden på marka no er søraust lett bris. Før i dag for det meste svak vind. Barometerstanden er stabil. Graset turkar fort opp no.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Grått

Spreidt regn i dag. Moderat intensitet. Overskya heile tida. I kveld opplett. Temperatur ned mot +7 om morgonen, opp til såvidt over +10 i dag. Rolege vindtilhøve med flau eller svak vind. Lite skodde i fjella om morgonen og kvelden. Midt på dag skodde over ca. 500 – 900 m.o.h. Det var snø på fjelltoppane om morgonen. Ned til 1150 m.o.h. Skyene ser ut til å ha drive frå sørvest seint i dag. Dei lågaste frå søraust. Om lag 12 mm regn i natt. Dvs. 25 mm på eit døgn. Truleg 4 mm regn i dag. Barometeret har byrja gå ned i kveld.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vått

+9 i kveld. 13 mm regn på eit halvt døgn. Framleis regnbyer. Barometeret gjekk ned om morgonen. Sidan har det endra seg lite.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regn og regnbyer

+10 1/2 grad. Skya, regnbyer, haugskyer og byeskyer. Vestleg drag i skyene. Skodde over om lag 600 m.o.h. Laber bris frå vest.
Om morgonen var det +8, som også var minimumstemperaturen. Då hadde det kome 7 mm regn i måleglaset. For det meste overskya og regnbyer då. Sidan har det vore regnbyer og mest overskya vêr. No på ettermiddagen meir av kortvarige regnbyer med gløtt av blå himmel og kanskje sol i mellom.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Fuglar midt i september

Svalene har vorte færre no. Ser litt her og der. Den største samlinga i dag var på fire fuglar. Verkar også som erlene har vorte færre. Men enno er dei mange. Heipiplerkene har kome ned frå fjella og held seg på markar og nær vegar. Desse vert gjerne verande litt lengre enn erlene.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+12 grader. Opp til +17 i dag. Lufttrykket går ned. Sørvest svak vind. Skya, bukleskyer som dreg frå sørvest og ligg over fjelltoppane. Berre små opningar i skydekket.
Morgonen starta klar, på føremiddagen litt fjørskyer. Midt på dag delvis skya med haugskyer. Etter middag vest eller sørvest lett bris og etter kvart skya. Mykje sol tidleg i dag. Saman med litt vind har dette turka graset.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klart

Ei flystripe, elles klart. +6 grader, ned til +5 1/2. Stilt. Minkande lufttrykk.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskinsdag

+10 grader, opp til +17 1/2. Stabilt lufttrykk, svak vind, klart. Før i dag har det vore lettskya med litt fjørskyer. Desse flytta lite på seg. Sidan heilt klart. Rein luft. Sola har skine i mange timar samanhengande. På det meste klarte fjørskyene å avbleike solskinet litegrann. Det varte ikkje lenge. Vindstyrken har vore opp i svak vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klart

+6 grader, ned til +5 1/2. Stabilt lufttrykk. Nokre skoddedottar i vest, kring 300 m.o.h. Elles klart. Lett bris frå aust eller nordaust.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget