Klar kveld

+4 1/2 grad, overskya, lagskyer, svak vind, opplett, minkande lufttrykk sidan i går ettermiddag. Har vore ned til +0 1/2 i natt.
I går var det regnbyer i stilt vêr, solgløttar frå midt på dag, siste regnbya tidleg ettermiddag. 4 mm etter kl. 8. Ut på ettermiddagen klarna det sakte opp. Noko sol om kvelden i delvis skya vêr. Seint om kvelden lettskya med skodde på sume fjell. Elles var himmelen klar med fint måneskin.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snø og regn

+0 1/2 grad. Dette er også minimumstemperaturen i natt. For ein halv time sidan snøa det. No regnar det. Det ligg våt snø og tynger graset. Kan sette snødjupna til 2 cm. Asfalten er snøberr og våt. Tippar snødekket ligg ned til 100 m.o.h. Stabilt lufttrykk og rolige vindtilhøve. Seint i går kveld var vêret lettare med måneskin. Sidan rikeleg nedbør i natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjølig og regnbyer

+4 1/2 grad, skya med drag frå vest-nordvest, ein solgløtt, fjella gøymde over 800 m.o.h. Skoddedottar ned til 300 m.o.h. Svak vind.
Har vore regnbyer i dag, og regna gjorde det også sist natt. 16 mm siste 23 timar. Det har vore overskya eller skya, og nesten ikkje sol i dag før no. Barometerstanden har stige.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Trekkfuglar

Sett ei låvesvale og to eller tre linerler i dag. Kanskje dei siste av desse artane i år? Såg også ein stareflokk. Desse klarer seg godt framover og kan vere her lenge enno.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Ein halv dag opplett og regn att

+2 grader og regn om morgonen. Sidan skya og litt sol. Flau vind eller stilt.Opp til nesten +9 i dag. Opplett til tidleg ettermiddag. Så litt lett regn og opplett att. Frå ut på ettermiddagen jamnt regn. No +4 1/2 grad og minkande lufttrykk. Flau vind. Sidan i går kveld til kl. 17.30 i dag regna det 22 mm.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kvite fjell

+5 grader, for det meste opplett, spreidde byer. Skya, stilt. Lufttrykket har stige, men ser ut til å flate ut. Har vore nesten opp i +7 grader i dag. 4 mm regn etter kl. 14. 13 mm sidan kl. 7. På to kjølige døgn har det kome 56 mm regn.
Fjella står nesten drivkvite over 700 m.o.h. Lågare nede er snødekket tynt. Kan fundere over kor mykje snø der er til fjells rundt 1000 m.o.h. 56 mm regn tilsvarar 56 cm turr nysnø. No vil nedste delen av eit slikt snølag sekke i hop av vekta av det oppå, om enn lite i starten. På den andre sida aukar nedbørmengda til fjells. I går bles det, og det må ha gjort at snøen har drive. Dermed ujamn fordeling og ihoppakking. At fjella står drivkvite kjem av at det har blese lite i dag, slik at dei oppstikkande steinane vert dekte av snø. Tippar der er 50-70 cm snø i fjella.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Langvarige byer

+6 grader, flau vind, skya eller overskya. Skodde over 600 m.o.h. Skoddedottar ned til 200 m.o.h. Skyene dreg frå vest-nordvest. Farta i skyene har minka, og dermed vert det få byer som brukar lang tid på å passere. Frå kl. 7 til kl. 14 regna det 9 mm. Lufttrykket er aukande.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Byer og kjølig

+ 4 grader, regnbyer, overskya eller skya, svak vind. 13 mm regn frå seint i går til kl. 10. Skoddeskyer over 300-600 m.o.h.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Framleis byer

Ei regnbye akkurat no, og +2 1/2 grad. Då snøar det langt ned. Sidan i går kveld har det regna 30 mm. Vinden ser ut til å ha minka.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Siste svalene?

Såg tre låvesvaler i dag. Andre slags trekkfuglar kan vere her lenge enno, men svalene passar ikkje til dette vêret.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget