Snø

+1 1/2 grad. Opp til +5 1/2 i dag. No er det overskya, opplett, stilt. Barometerstanden har flata ut.
I går kveld snøa det. Låg 4-5 cm snø i dag. Ei snøbye til om morgonen. Nede ved sjøen var det lite snø som la seg. Kom 18 1/2 mm nedbør sidan i går kveld. Dette smelta ned i måleglaset i dag.
I dag var vêret bra, opplett og ein kort solgløtt. For det meste skya eller overskya. Rolege vindtilhøve.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt sol

+1 1/2 grad, opp til +7 i dag. 27 mm regn på eit og eit halvt døgn. Mykje av det kom i regnbyene i går. Seint i går regn-og haglbyer. Dagen i dag var lenge fin med skya vêr og litt sol midt på dag. Sidan regnbyer og i kveld sluddbyer. Rolege vindtilhøve heile dagen. Stigande lufttrykk.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Byevêr

+3 grader, skya eller overskya. Vestavêr og byer i dag. For det meste regn i byene, hagl i siste bya. Stigande lufttrykk.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Trekkfuglar

Mykje trast og stare på markane i dag. Trastane er av det små slaget. Mesteparten truleg raudvengetrast. Elles ein del heipiplerker og bokfinkar. Såg ei låvesvale i går, og ein flokk på minst fem av same slaget i dag. Ikkje kjekt for dei med desse regnbyene. Såg ei som søkte ly inne under eit møne i ei bye. Men mesteparten av tida er vêret roleg mellom byene. Kan hende svalene ikkje har energi til å flyge lange strekningar sørover no når det er kjølig og lite insekt å finne. Dei var ikkje så seine i fjor.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn av og til

+6 1/2 grad, stigande lufttrykk, sørvest lett eller laber bris, overskya, vest-sørvestleg drag i skyene, regn av og til, skodde over 700-800 m.o.h. 3 mm regn sidan i går kveld.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildare

+6 grader, opplett, delvis skya, sørvestleg drag i skyene, lett bris. 6 mm regn sidan i går ettermiddag. Noko kom som byer i tidleg på kvelden i går, og noko har kome i ettermiddag. Lufttrykket er minkande.
Seint i går kveld var det lettskya med måneskin. Ut på natta skya det til, og om morgonen var det lett overskya med ein utydeleg måne som viste gjennom lagskyer. Lett regn av og til frå føremiddagen, men for det meste opplett til ut på ettermiddagen. Etter litt regn er det no opplett att.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Trast og andre fuglar

Her har kome mykje trast siste dagane. Truleg slikt som har kome nordfrå det meste. Ser dei flyge omkring i små flokkar, site på markane eller i busker og tre der dei finn bær. Dei fleste er truleg raudvengetrast. Nokre er svartetrast. Av andre fugleslag er her små flokkar med heipiplerker. Desse kjem til å reise første vekene. Såg ei låvesvale i dag. Flaug mest lågt over markane slik ein kan vente i dette vêret. Ganske sikker på at denne vart den siste eg ser i år.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Kjølige regnbyer

+4 1/2 grad, sørvest lett bris eller svak vind, skya, korte solgløttar og spreidde regnbyer, haugskyer og byeskyer på himmelen, drivande frå sørvest eller vest. 26 mm regn sidan i går ettermiddag. Det meste kom i går kveld og i natt. Lufttrykket er stigande. Nokre skoddeskyer mellom 300 m.o.h. og 600 m.o.h. Dei høge fjelltoppane er synlege. Lufttrykket er framleis stigande. Snøen ligg ned til 300 m.o.h. Oppe i 400 m.o.h. er der ti centimeter snø.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Siste erla?

Høyrde ei linerle i går. Vart vel den siste i år. I fjor såg eg ei linerle ein gong i oktober.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Regn

Regnar jamnt i dag. 6 mm sidan i går. +4 1/2 grad. Stigande lufttrykk. Lett til laber bris frå sørvest. Overskya, skodde over 400-500 m.o.h. Tungt skydekke.
I går litt regn, lenge opplett.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget