Om oktoberdøgn med mykje nedbør, I

Har sett på statistikkar for nedbøren på Sunnmøre siste femti åra, og sett nærare på tilhøva i første tredel av oktober. Tre tilfelle peikar seg ut med spesielt mykje nedbør på eit døgn. Viser desse i dei tre siste grafane på bildesida. I det siste av desse tre tilfella dreia vinden heile vegen frå sør-sørvest mot vest og over på nordleg. Dette er heile spennet av dei vindretningane som kan gi mykje nedbør på Sunnmøre. Dei fleste stader får mykje nedbør frå ei eller anna retning, og med denne dreiinga fekk alle nedbørstasjonane rikeleg regn. Mest fekk Overøye. Overøye ligg høgt, og i høgda er nedbøren større enn i låglandet. Vestleg vind gir spesielt mykje nedbør på Overøye, men staden får nok mykje nedbør frå ein brei sektor av vindretningar. Mykje tyder på at det er denne staden som får dei største døgnnedbørmengdene av dei plassane som har eller har hatt målestasjon for nedbør.
Nedbørmengda for ein heil månad kjem ikkje berre an på om ein stad er utsett for å få store mengder på kort tid. Staden bør også vere utsett for å få mykje nedbør frå den framherskande vindretninga. Og der er sørvesten. Då får ikkje Overøye spesielt mykje nedbør. Dei største månadsnedbørmengdene brukar kome lengre vest eller sørvest på Sunnmøre.
Nummer to av dei tre grafane som viser døgnnedbør i oktober viser korleis indre strok får lite nedbør frå ei vanleg vindretning. Vinden heldt seg mest sør-sørvestleg, og då regna det mest i midtre og ytre strok.
Den første av dei tre grafane viser ein situasjon då vinden dreia nitti grader, frå vestleg til nordleg. Dette er dei retningane som gir beinaste pålandsvinden. Nedbøren går stort sett forbi ytre strok, som får langt mindre enn midtre og indre.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Klart

+5 1/2 grad. Opp til +7 1/2 i dag. Sola gjekk bakom fjellet for eit kvarter sidan. Lufttrykket er stabilt, har gått litt ned. Klart, unnateke skyer langt vest. Flau vind.
0 grader kl. 7. Ned til -1. Rimfrose gras. Heile dagen har himmelen vore klar unnateke litt skyer langt vest. Svak eller flau vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya

+5 grader, opp til +7 1/2 i dag. Lufttrykket har stige for så å flate ut. Skya, stilt, opplett.
Om morgonen var det yr, overskya med skoddedottar ned til 100 m.o.h. Fjella over 600 m.o.h. gøymde i skyer. Stilt.
Sidan for det meste opplett, såvidt nokre dropar frå ei bye etter middag. Dagen har vore skya med rifter i skydekket. Framleis stilt i vêret. Skodde berre høgare i fjella.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vått

+4 1/2 grad, som også er lavaste temperaturen i natt. Lufttrykket har jamna seg ut. Opplett, vått i gras og vegar. Overskya, rolege vindtilhøve.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

+5 grader, regnbyer, stigande lufttrykk.
Etter ein lettskya morgon kom det meir skyer. Bukleskyer kring 800-900 m.o.h. la seg i fjella, først utafor og etter kvart innover. Etter ei stund viste det seg haugskyer lengre ute. Midt på dag overskya med snev av yr, fjelltoppane gøymde, flau vind. Frå ettermiddagen lette regnbyer, seinare regnbyer.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klart

0 grader, har ikkje vore lavare i natt. Stilt, stigande lufttrykk. Nesten klart, nokre lave eller mellomhøge skyer her og der mot horisonten.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turar til Verahornet og til Grynykjen

Var på Verahornet tidleg på dagen. Solskin og laber bris frå sør-søraust på toppen. God temperatur, men naturlegvis kjølig i vinden. Såg tre rugder enkeltvis i skogen då eg gjekk utafor rås. Dei to siste var i alle høve rugder. Ei havørn sirkla nærare bygda. Elles ser eg at der framleis er litt blomster langs vegane. Den løvetannliknande kystgrisøyre dominerer.
Gjekk på Grynykjen om ettermiddagen. Sør-søraust lett bris der oppe, noko som vel tyder at vinden har minka litt siste timane. Etter kvart har det vorte turt i marka, og fint å gå. Dei einaste blomstane som no er å sjå på slike turar er poselyng/klokkelyng, og dei også er visna nesten alle saman.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Mildt og turt

+6 grader, skya med rukleskyer sakte drivande sørvestfrå. Eit nokså tynt skydekke. Flau vind og turt i marka. Minkande lufttrykk.
Opp til +11 1/2 i dag, sol halve dagen og lettskya, frå midt på dag delvis skya eller skya med mest skyer i sør.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+4 1/2 grad. Lettskya, litt fjørskyer og litt lavare skyer som flyttar seg lite, berre skyer over fjella, 1 okta skydekke, svak vind, minkande lufttrykk, turt.
Har vore ned til +3 1/2 i natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+7 grader, opp til +10 i dag. Luftrykket har byrja å gå ned. Lett bris og stjerneklart, truleg lettskya. Turt.
I dag var det skya eller overskya, eit høgt skydekke av lagskyer og rukleskyer, eller ein mellomting, og litt skyer som låg lågare, men høgt over fjella. Lett bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget