Søraustleg og overskya

+6 1/2 grad. Ned mot +6 på det lavaste. Stabilt lufttrykk. Flau vind. Overskya, litt konturar i skydekket, dei lavaste skyene driv frå søraust. Berre skyer godt over fjella. Turt i graset.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt og mildt

+8 1/2 grad. Stabilt lufttrykk. Turt i graset.
Opp til +11 i dag. Morgontemperaturen var +7, og føregåande natt ned til +4 grader. Dagen starta lettskya med lett bris frå søraust eller aust. Nokre mandelskyer på føremiddagen, sidan delvis skya med vanlege rukleskyer drivande frå aust-søraust. Etter kvart skya, og til kvelden overskya. Mykje sol, særleg tidleg på dagen. Vinden heldt seg stort sett på lett bris. God turk i dette vêret. Det har halde seg turt, regnet kom nær, men ikkje hit.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskinsdag

+8 grader. Opp til +10 1/2 i dag. Morgontemperatur på 4. Stabilt lufttrykk.
I dag har det vore lettskya med noko fjørskyer på himmelen, sakte drivande sørvestfrå. Etter kvart bortimot klart, med berre skyer att i sørvest. Lett bris frå søraust, i fjorden frisk bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

+9 1/2 grad. Opp til +11 1/2 i dag. Svak vind frå sør. Delvis skya, 3 okta skydekke, rukleskyer sakte drivande frå sørvest, og fjørskyer. Stabilt og kanskje svakt stigande luftrykk. Turt i marka og opplett sidan i går kveld, då det regna nok til å bløyte asfalten.
Morgontemperaturen var på +4. Ein god del sol i dag. På føremiddagen søraust lett bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klar natt og tilskying

+6 1/2 grad. Opp til +7 1/2 i dag, og ned til -1 siste natt. Barometeret har stabilisert seg etter å ha gått opp. Flau vind. Turt.
I går kveld var det stjerneklart. Morgonen var lettskya, etter kvart skya med rukleskyer trekkande frå sørvest. Sidan skya eller delvis skya med bukleskyer som låg høgare enn fjella. No i kveld nesten overskya, sprekker i skydekket langt i vest. Rolege vindtilhøve i dag, men søraust bris meir utsette stader.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Delvis skya

+5 grader. Opp til +8 1/2 i dag. Barometerstanden har såvidt gått ned. Delvis skya og ein del sol tidleg på dagen. Seinare skya. Bukleskyer som stort sett har lege litt over fjella. Flau vind eller stilt i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tur til Liafjellet

Var på Liafjellet i dag. Dette vesle fjellet har god utsikt og ligg fritt. I dag var det vindstilt på fjellet, og vått i graset på den myrlendte austryggen heilt til topps. Skya vêr med rein luft og fritt for skodde i fjella. Dermed god sikt. Såg inn til Torvløysa og Skorene. I nordaust såg eg nokre fjell nord for Molde, og nokre aust for Tresfjorden. Elles var sikta avgrensa til dei nærareliggande fjella vest for Tresfjorden. Utover dominerer Blåskjerdingen og Storfjellet. Vestover er der fint utsyn over Skodje, og lengre ute Godøya og Sukkertoppen. Ser også ein bit av havet i denne retninga. I sørvest går utsikta så langt som til Hareidlandet og fjella på Gurskøya. Inne på fastlandet litt av fjella på Vartdalsstranda. Og i sør står fjella i Sykkylven flott i synsranda. Tjukkaste skyene låg i sørvest. Mot sør stengde fjella for å sjå langt. Ser ut til at lågtrykket ligg i sør i dag.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tilskying

+4 1/2 grad, opp til +6 i dag. Skya, tjukkast skydekke i vest. Rukleskyer og bukleskyer. Berre skyer godt over fjelltoppane. Før i dag delvis skya, fjørskyer drivande sakte frå nord eller nordaust om føremiddagen, i tillegg til rukleskyer på himmelen. Rukleskyer drivande frå søraust om ettermiddagen. For det meste vindstilt i dag, og minkande luftrykk. Noko solskin i dag. Sola gjekk ned i skyer rett før ho skulle gå ned bakom eit fjell for litt sidan.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+0 1/2 grad. Ned til -1 1/2 denne morgonen. Luftrykket er minkande. Stilt, rimfrosne markar og turre vegar. Lettskya, halve himmelen dekt med fjørskyer og litt rukleskyer. Nokre fjørskyer har ei slags meiform, men dei driv baklengs eller sidelengs. Rukleskyene har byrja få mandelform, så då bles det i høgda. Sola byrjar kome fram frå skydekket i søraust.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskin

+5 grader. Opp til +8 i dag. Lite sol på føremiddagen, seinare delvis skya og mykje sol. No er sola attom ei fjellskulder, men skal skine litt til om skyene held seg vekke. Dei komande vekene minkar solskinstida mykje på grunn av fjella. Ein god del fjørskyer på himmelen, litt rukleskyer og litt lågare skyer som er ein mellomting mellom små haugskyer og dottar av bukleskyer. Fri sikt til fjella. Skyene flyttar seg lite. Ved marka er det flau vind. Barometerstanden er no på veg ned etter å ha vore på ein topp før i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget