Kuling, turt og kjøligare

+3 1/2 grad. Om morgonen var det +8. Temperaturen går nedover. Lufttrykket er stigande. No er det klart. Dagen var delvis skya og etter kvart skya, ei stund nesten overskya. Relativt tynt dekke av høgtliggande skyer. Om morgonen bles det søraust liten kuling, sidan for det meste frisk bris. No laber bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om oktoberdøgn med mykje nedbør, II

Har sett nærare på nedbørstatistikkar for Sunnmøre dei siste femti åra. Mellom tilfella med mykje nedbør midt i oktober fins det mange slags situasjonar med omsyn til vindretningar. Sume gongar sørvestleg, andre gongar vestleg, nokre gongar nordleg, og til dels vind frå nord-nordaust. Og sjølvsagt situasjonar der vinden har dreia over ein brei sektor av desse vindretningane. Vindstyrken ser derimot ut til å vere nokså lik, sterk i alle tilfella, frå stiv kuling til liten storm.
Dei grafiske framstillingane, som er å finne på bildesida, viser at dess sterkare pålandsvind dess lengre inn fell hovudtyngda av nedbør. Dreiar vinden frå vest til nord får indre strok mest nedbør. Vestleg og nordleg vind gir mest nedbør langt inne i fjordane, men inste stroka får mindre enn midtre strok. Sørvestleg vind gir mindre nedbør i indre strok enn i midtre og ytre.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tur til Giskemonibba

Gjekk på Giskemonibba søndag. For det meste snøberrt, men lunare plassar i same høgde låg det snøflekkar. Litt is på deler av vatna. På toppen av Giskemonibba var det sør-søraust frisk bris. Tok ei lettvint temperaturmåling og kom til at det var +9 grader på toppen. I så fall minka temperaturen nesten ikkje med stigande høgde opp til dette nivået. Vindkjølingstabellar viser at +9 grader saman med vindstyrke 11 meter pr sekund tilsvarar minus to grader i heilt stilt vêr. Solskinet som var fekk liten effekt fordi vinden straks fjernar oppvarma luft frå kleda. Kan kanskje seie at situasjonen tilsvara null eller minus ei grad i stilt vêr utan sol. Dette er ikkje så ille, men det var betre å vente med å raste til ein lunare stad enn på toppen. Såg elles ei ørn letta frå ein skrent og forsvann fort ut av syne. Såg ikkje kva art det var, men staden tyder på kongeørn. Der låg att rjupefjør på skrenten.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

+10 grader. Turt. Skya, bukleskyer, rukleskyer og fjørskyer. Eit nokså tynt skydekke. Skyene driv sørfrå både høgt og lågt. Små endringar i lufttrykket. Lett bris frå søraust.
I dag har det vore opp til +11 1/2 grad. Morgontemperatur +10 1/2. I natt opp til +12 1/2. Litt sol i dag, helst tidleg på dagen.
I går kveld var det delvis skya eller lettskya, skyene dreiv sørfrå. Fint fullmåneskin og laber bris frå søraust.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Liten kuling

+10 grader, frisk bris eller liten kuling frå søraust, lettskya, to okta skydekke, bukleskyer og rukleskyer, til dels med mandelform, berre skyer høgare enn fjella. Dei lågaste skyene driv frå søraust, høgare oppe driv dei sørfrå. Lufttrykket går ned. Turt sidan i natt, då det regna litt. Det har vore opp til +11 i dag, og delvis skya. Tidleg på dagen +9 1/2.
I går var det også opp til +11 grader. Skya eller delvis skya og noko sol. Turt heile dagen.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Bris og turt

+8 grader, har vore mildt i natt, med opp til +10. Søraust lett eller laber bris, turt, skya, bukleskyer drivande sørvestfrå. Dei ligg godt over fjella. Minkande lufttrykk.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mandelskyer

+3 grader, ned til +2 i natt. Litt rim i graset, elles turt. Aust svak vind, lettskya, høge skyer som dekker over halve himmelen. Mest fjørskyer, i sørvest mange små mandelskyer. Lufttrykket har minka. Ser ut til å gå mot vind og tilskying.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskinsdag

+4 1/2 grad, klar himmel, berre skyer langt vest, svak vind frå aust, lufttrykket minkar etter å ha stige før i dag.
Opp til +9 i dag, ned til 3 tidleg på dagen. Lettskya med nokre fjørskyer, sola har skine frå soloppgang til solnedgang. Søraustleg bris i fjorden.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+3 1/2 grad, som er lavaste i natt. Nesten klart, berre nokre få små skyer på himmelen. Flau vind, jamnt lufttrykk.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya, stort sett turt

+6 1/2 grad, opplett, turt, stigande lufttrykk, søraust svak vind.
Lettskya og +1 /2 grad om morgonen. Ned til 0 grader om natta. Skya fort til, føremiddagen skya med søraust lett bris, midt på dag nokre dropar, men turt underlag heile tida. Resten av dagen overskya med litt nedbør inne i fjella, turt i låglandet. Har vore opp til +7 grader i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget