Frost

-1 grad. Ned til -1 1/2. I går var det opp til +4 1/2. Framleis lettskya med nokre få skyer høgt oppe. Rolege vindtilhøve. Minkande barometer.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

0 grader. Stilt. Lettskya, bortimot klart, berre litegrann fjørskyer. Barometeret har gått litt ned. Litt rim på marka, men stort sett turt.
Posta under Vêr | Éin kommentar

Klart

+0 1/2 grad. Ned til 0. Stilt. Stigande lufttrykk. Klart.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+4 1/2 grad. Har vore ned til +2 1/2 siste døgnet, truleg i natt. Morgontemperatur +5. Fint og stjerneklart då, månen minkande og litt meir enn halv.
No er det aust svak vind, lettskya med fjørskyer på ein åttedel av himmelen. Bortimot klart altså. Lufttrykket er stigande.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt igjen

+10 1/2 grad. Skya, med bukleskyer eller haugskyer på nesten halve himmelen. Desse ligg godt over fjella og driv sørfrå. Elles ein god del fjørskyer. Ser ut til at dei flyttar seg lite. Ein del sol i dag. Søraust svak vind. Lufttrykket endrar seg lite. Turt. Opp til +11. Ned til -2 1/2 siste natt. Natta var truleg delvis skya. Morgontemperatur +1.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

Lettskya eller borimot klart i dag og i kveld. Nokre timar med solskin. -3 grader om morgonen, som var lågaste temperaturen siste døgnet. Opp til +2 1/2 i dag, og -1 i kveld. Aust eller søraust lett bris, seinare svak vind. Lufttrykket har byrja å minke.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Siste trekkfuglane

Ser ein god del trast for tida. Svartetrast, gråtrast og raudvengetrast. Ein del av desse satsar på overvintring, men særleg raudvengetrastane kjem nok til å reise sørover.
Posta under Fugler | Kommenter innlegget

På Skurfjellet

Var på det lave (620 m.o.h.) Skurfjellet i ettermiddag. Sør laber til frisk bris på toppen. Temperaturen null eller såvidt under null. Kaldt, men stort sett var det lunt og lite vind i marka nedafor toppen. Såg ei rype, og litt småfuglar nede i skogen. Snøflekkane var harde, gode å gå på der det var flatt, skumle i skråningane. Blankis på små parti som har vore våte. Myrane faste av frost. Elva litt vanskeleg å passere, sjølv om ho var lita. Is på steinane i vassflata.
God utsikt, særleg mot sørvest, ei rad med fjelltoppar, m.a. Smørskredtinden, Brekketinden, Dalmannshornet, Brunstadhornet, Vellesæterhornet, Regndalstindane, Blåbretindane og Ramoen/Jønshornet. Ser litt av havet vest for Gamlemsveten.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Sol og kjølig vind

+2 1/2 grad. Opp til +4 1/2 i dag. Lufttrykket har stabilisert seg. Aust lett bris som det har vore i dag. Lettskya med ein god del mellomhøge eller låge skyer (men høgt over fjella). Før i dag lettskya med stort sett fjørskyer, og sol dei timane sola har nått til.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+1 grad, som er det kaldaste siste døgnet. Lettskya, ein åttedels skydekke av tynne skyer. (Skymengd skal reknast i åttedeler fordi ein ser på himmelen og halverer denne tre gongar når ein prøvar å gi anslag). Det var lettskya med ein del tynne skyer i går kveld også. Vinden no er aust lett bris. Lufttrykket er stigande.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget