Regnbyer

+5 grader, regnbyer, flau vind, overskya, ein del skoddeskyer som ligg ned til 200 m.o.h. Fjella til dels synlege opp til 1200 m.o.h. Barometeret såvidt stigande.
Morgonen var lettskya eller delvis skya opplett.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Ruskevêr

+6 1/2 grad. Opp til +9 i går. Ned til +2 1/2 siste døgn. Regnbyer og overskya eller skya. Frisk bris frå sør. Stort sett berrt under 600 m.o.h. Ser ikkje dei høge fjella. Enten snø eller skodde tek vekk sikta. Lågtrykk. Lufttrykket har slutta å gå ned.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mild periode

Siste to vekene har det vore for det meste mildt vêr. Lavare temperaturar berre når det har vore nesten stilt. Moderate nedbørmengder.
I dag mildt, sørleg frisk bris om morgonen, minkande ut over dagen. Regn på føremiddagen.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tur på Grynykjen

Ein morgontur på Grynykjen medan det var turt i marka ga utsyn over sjø og fjell. I sør forsvann fjella langt unna i dårleg sikt, kanskje lett snøvêr. Vinden på kanten var frå sør, laber eller frisk bris. Då var vinden moderat nede i dalen, i alle høve meir ujamn og rolegare mellom kasta. Målte temperaturen på Grynykjen grovt til +5 grader. Om det på same tid var + 7 1/2 nesten 400 meter lågare gir det eit temperaturfall på 0,6 grader pr hundre meter. Ein heilt ordinær situasjon, og så og seie gjennomsnittet.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om oktoberdøgn med mykje nedbør III

Har sett tilbake på nedbørstatistikkar for oktober, og ser denne gongen nærare på tilhøva i slutten av månaden. Dei fleste gongane det har kome mykje nedbør seint i oktober har vinden vore rundt sørvestleg, nokre gongar nærare sørleg, andre gongar nærare vestleg. Desse vindretningane gir mest nedbør sørvest på Sunnmøre, men vest-sørvestleg vind ser ut til å ha gitt aller mest nedbør på målestasjonane på Overøye, og på Velle i Ørsta. Overøye ligg høgt, men terrenget rundt ligg også høgt. Så det kan nok seiast at Overøye er eit lavt punkt mellom fjella og ikkje gir unaturleg høge nedbørtal samanlikna med stasjonar i låglandet.
Ei vidare dreiing av vinden mot nordvestleg gir mest nedbør på indre strok. Eit eksempel på dette frå den tida det vart målt nedbør på Linge viser at ved vest-nordvestleg eller nordvestleg vind fekk denne staden aller mest nedbør av målestasjonane på Sunnmøre. Det siste eksemplet med mykje nedbør i slutten av oktober er eit døgn med moderat vindstyrke frå nord eller nord-nordaust. Då var det Fiskå som målte mest nedbør, kanskje grunna at vinden var ikkje sterk nok til å drive nedbøren lengre inn.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Bris

+5 1/2 grad, som er det mildaste det har vore siste døgnet. Overskya, berre skyer høgare enn fjella. Turt, sørleg bris som er ujamn. Lufttrykket har ikkje endra seg mykje.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tilskying

+5 1/2 grad, som er høgaste temperatur siste døgnet. Sist natt ned til -3. Morgontemperatur +1. Lufttrykket er minkande. Det kjem sume vindkast, vinden kan vel vere lett bris i middel. I dag var det svak vind. Nede på fjorden opp til liten kuling på det utsette partiet. Frå sør eller søraust. Turt. Overskya. I dag var det lettskya. Solskin på der det er mogeleg. Såg meiskyer tidleg på kvelden. Sidan har det skya til sørfrå.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya og turt

-1 1/2 grad. Ned til -3 i kveld. Opp til +4 1/2 i dag. Ned til -2 føregåande natt. Stilt eller flau vind i dag. Lufttrykket har gått litt ned, men små endringar. I dag var det ein del høge skyer drivande sørvestfrå. Ut på dagen lettare skydekke og litt sol. No i kveld og lettskya eller klart og fri sikt til stjernene. Turt i marka.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lett skya

1 grad, opp til +4 i dag, og ned til -2 sist natt. Stabilt lufttrykk. Stilt eller flau vind.
I dag eit lett skydekke av høge skyer som dekte mesteparten av himmelen. Dei dreiv sørvestfrå. Litt sol. Rolege vindtilhøve, søraust lett bris meir utsette stader. Turt. Litt rim sume stader.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Sol nokre timar

+0 1/2 grad. Opp til +4 1/2 i dag. Enda ein lettskya dag med svært lite av høge skyer. Om lag klart. Minkande lufttrykk. Stilt eller flau vind. Elles svak vind nærare fjorden. Litt rim på marka, men for det meste turt. Sol i litt mindre enn tre timar.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget