Mildt

+6 1/2 grad, søraust svak vind, stigande lufttrykk, skya, berre markar.
Lettskya første halvdel av dagen. Frisk bris frå søraust i natt. I går kveld skya. Opp mot +11 grader siste døgnet.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Bris og mildt

+6 grader. Har vore opp til +7 denne morgonen. Søraust laber bris, ujamn. Minkande lufttrykk. Delvis skya, berre skyer høgare enn fjella. Skyene driv sakte frå aust-søraust. Framleis er det meste av markane snødekte.
I går skya det til, og i skyminga var det overskya. Seint på kvelden var det atter skya med store sprekker i skydekket.
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lettskya

+4 grader. Lettskya. Berre skyer høgare enn fjella. Dei lågaste skyene driv frå søraust. Høgare oppe er der fjørskyer som flyttar seg lite. Lufttrykket minkar. Svak vind frå søraust. Snødekte markar, minst fem cm.
Har vore opp til +5 og ned til +1 1/2 grad siste døgnet. Fint måneskin om morgonen og mindre skyer enn no. I går kveld skya, men eit heller tynt skydekke.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

+4 grader, skya, opplett, svak vind, stabilt lufttrykk. Knapt ti cm snø. Temperaturen har vore opp til +4 1/2 og ned til -1 1/2 siste døgnet.
I går var det for det meste skya, rolege vindtilhøve med omkring svak vind, meir vind om morgonen. Skyene dreiv sørfrå både dei høgt oppe og dei lågare ned. Alle skyene høgt over fjella.
Kvelden var fin med nesten full måne enno, delvis skya 3 åttedeler skymengd. Mellomhøge skyer som var til dels linseforma.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya opplett

+1 grad. Svak vind frå søraust. Skya, skydekket tynt nok til at fullmånen er synleg det meste av tida. Skyene dreg frå sør. Berre skyer høgare enn fjella. Stabilt lufttrykk.
Opp til +3 1/2 i dag. +3 midt på dag. Opplett og skya heile dagen og natta før.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Opplett etter snøvêr

+1 1/2 grad. Morgontemperatur null. Sørleg laber bris. Lett skya, for det meste fjørskyer drivande vestafrå, og under sundrevne skyer drivande synnafrå. Litt sol i fjella. 17 cm snø på marka. Opplett sidan i natt.
Snøbyene i går kveld heldt fram lenge nok til at snømengda vart dobla.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snøbyer

-2 grader. Flau vind. Fire cm snø på marka. Skya, vestnordvestleg drag i skyene. Fjella synlege opp til 1200 m.o.h. Skoddeskyer sume plassar, ned til 250 m.o.h. Desse driv frå søraust. Lufttrykket er svakt stigande.
Spreidde snøbyer i dag, mest nærare kysten.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt nysnø

-1 1/2 grad. Opp til +1 i dag. Ned til -3 1/2 føregåande natt. Føregåande natt kom det eit tynt snølag, 2-3 cm. I dag var det for det meste skya, stort sett opplett.
No har lufttrykket gått litt ned etter å ha stige. Det er svak vind, og lettskya, spreidde skyer og stjerneklar bakgrunn. Ikkje høge skyer.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Roleg vêr

+1 1/2 grad. Flau vind. Stigande lufttrykk. Skya. Lågaste skyer ned til 700 m.o.h. Fjella synlege opp til 1200 m.o.h. Vått etter regn. Nysnø ned til 400 m.o.h. Opplett sidan i natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om vind i november

Har lagt inn ein graf i katalogen over bilda frå siste haust. Denne viser korleis middelvindstyrken på Svinøya har vore i novembermånadane 1957-2008. Første femten-tjue åra av denne perioden bles det mindre enn seinare. Trenden siste femten-tjue åra har igjen gått i retning mot svakare vindstyrkar. Men sterkare enn første del av denne perioden.
Dette samsvarar med spådommane som kom allereie for snart tjue år sidan om at oppvarminga i Arktis gir mindre temperaturmotsetnader og dermed mindre vind. I alle høve denne årstida. Kanskje er det slik at i november vert det sterk vind når kulden rykker fram og trenger vekk den milde lufta som har halde i stand i sør gjennom hausten. Den aller urolegaste novembermånaden av desse femtito var i 1978. Dette var ein våt og uroleg november i ein våt og uroleg haust. I slutten av månaden overtok kulden, og vinteren var ein av dei kaldaste i denne femtitoårsperioden.
Posta under Klima | Kommenter innlegget