Framleis klart

-4 grader, aust laber bris, klart. Stigande lufttrykk.
Har vore klart sidan i går, og ned til -8 i natt. Før kl 7 var det -7 grader og flau vind. Vindauken har gjort at temperaturen har stige nokre grader.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Klart

-4 1/2 grad. Flau vind, stabilt lufttrykk. Klart. Eit tynt snølag (1 cm) har kome i natt ein gong. Då bles det også litt (bris). Kulden kom i dag. Kl.6 var det -2 grader.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Overskya opplett

+0 1/2 grad. Skya eller overskya. Stilt. Lufttrykket har minka litt. Opplett. Berre markar.
I dag har det vore opplett, overskya eller skya, stilt. Nokre få varmegrader. Morgonen var delvis skya eller skya.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

+2 1/2 grad. Overskya, regn, flau vind, små endringar i lufttrykket.
Har vore opp til +3 1/2 i dag. Lett regn om morgonen, sterkare regn frå litt før middag. Ser ut til å ha regna det meste av dagen. Overskya og tungt vêr med skodde ned i fjella heile dagen.
I går regna det lett på føremiddagen. Ettermiddagen stort sett opplett. For det meste svak eller flau vind. Skoddeskyer ned i sume fjell, og dei høge fjella gøymde i skodde.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjølig regn

+1 1/2 grad. Flau vind, minkande lufttrykk. Overskya, lett regn, ein del skoddeskyer ned til 200 m.o.h. Dei låge skyene driv frå sør-søraust. Sikt ikkje høgare enn 500 m.o.h. Nysnø ned til 200 m.o.h. Truleg glatt på vegane no.
Har vore opp til +2 1/2 grad siste døgnet. Regnet byrja i natt ein gong.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lagskyer

+1 grad, stabilt lufttrykk, stilt, opplett.
Morgonen var lettskya, føremiddagen delvis skya med fjørskyer og etter kvart meir rukleskyer. Ettermiddagen overskya med lagskyer. Rolege vindtilhøve i dag.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Frost

-2 1/2 grad. Har vore ned til -3. Lettskya. Flau vind. Stabilt lufttrykk.
I går var det for det meste delvis skya. Om kvelden skodde i sume fjell. Rolege vindtilhøve.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+1 grad. Stilt. Lufttrykket har gått litt opp. Lettskya. Spreidde skydottar i lågt eller mellomhøgt nivå, men godt over fjella. Dei driv frå nord-nordaust. Det har byrja å fryse i underlaget.
I går kveld kom ei regnbye. Sidan klarna det fort og var lettskya.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Delvis skya

+4 1/2 grad, stigande lufttrykk, søraust svak vind, delvis skya, for det meste høge tynne skyer. Turt.
Opp til +6 1/2 i dag. Litt sol der ho når til.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+4 1/2 grad, svak vind, skya, berre høge og mellomhøge skyer. Dei driv frå søraust. Stabilt luftrykk. Turt og berre markar.
I går kveld nesten klart. Natta og morgonen var lettskya. Ned til +1 1/2 grad.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget