Snøvêr

-1 1/2 grad, snøbyer, flau vind, minkande lufttrykk. Overskya og til dels skoddeskyer i fjellsider.
I dag har det snøa mykje, føregåande natt kom det også ein god del. Snødjupna truleg over 70 cm no.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kulde, og så snø att

-1 grad, som er det mildaste det har vore siste døgna. Minkande lufttrykk.
I dag har det snøa, først eit tynt lag som kom føregåande natt, og så snøbyer frå morgonen av. Det har kome 14 cm snø siste døgnet, og snødjupna no er kring halvmeteren. Dagen har vore overskya, vindtilhøva rolege, truleg nordleg.
I går var det kaldt, ned til -12 grader. På ettermiddagen kl. 15 var det -11 grader. Morgonen var stort sett klar, ettermiddagen lettskya.
Nyårsdagen var klar og kald, ikkje fullt så kald som i går.
Nyårsnatta fin med fullmåne, og eit lett skydekke som sikra at det var nokre få kuldegrader. Og så var det stilt eller flau vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Føremiddag med snøkave

Det snøa frå før det lysna og fram til no. Snødjupna er 44 cm, det er skya, flau vind, temperatur -1 1/2 grad, og lufttrykket minkar. Ein del skoddeskyer litt oppe i høgda.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir snø

-2 grader, flau vind, truleg skya. Trettifem centimeter snødekke.
Tysdag ned til -8 grader før det lysna. Natta var lettskya. Dagen meir skya med nokre kuldegrader.
I går nokre kuldegrader. Snø natta før og av og til om dagen, i moderate mengder. For det meste flau vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kulde og snø

Siste veka var det først moderat kulde, og sidan i går snøbyer.
No er det -1 1/2 grad, 22 cm snødekke, skya, vestleg drag i skyene, og opplett har det vore i meir enn ein time. Fjella er synlege unnateke dei høgaste. Svak vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vindtilhøva på Sunnmøre i desember

Desemberklima

Middelvind på Svinøya over fireårsperiodar 1957-2008

Ein kan spørje seg om det vert meir eller mindre vind i eit mildare klima. I vårt klima bles det mest i den kalde årstida. Det neste ein legg merke til er at det bles mest i milde perioder i den kalde årstida. Dette er ikkje sjølvsagt, men her på Sunnmøre er det slik. Når det er kaldt går lågtrykka lengre sør. Sørover i Europa, og kan hende lengre sør i Noreg også, er det kan hende heilt annleis, og ikkje sjølvsagt at mildt vintervêr gir meir vind. Ein annan grunn til at vi set kulde i samband med rolege vindtilhøve er at kulden over land brukar henge saman med høgtrykk.

Å måle vind over lange tidsrom gir eit problem. Over land kjem der endringar som i sin tur endrar vinden. Tilvekst av skog og bygningar gjer at det bles mindre. Ytst på kysten har vi meir pålitelege og upåverka målingar, særleg på Svinøya. Eg har laga to grafar ut frå vindmålingar i 52 år der ute.
Målingar av vinden der viser at det bles i mykje desembermånadane for omkring tjue år sidan, i ein periode rundt 1990. Også midt på 1970-talet var desembermånadane urolege. Målingane av vindstyrke på Svinøya starta i 1957. Fram til kring 1970 var det ikkje spesielt mykje vind i desember, kanskje heller ikkje i resten av året. Så kom meir urolege og milde vintrar. På slutten av 1970-talet og langt framover 1980-talet var vintrane kalde. Der var færre stormar i desember då, og dei stormane som var kom gjerne tidleg i månaden. Så vart det milde og urolege vintrar. Midt på 1990-talet var så desembermånadane noko rolegare, og om det har blese litt oftare etter den tid så ser det ut til at vi har fått eit litt rolegare klima i julemånaden. Men ikkje like roleg som på 1960-talet.
Det er slik at i ein mild desembermånad aukar gjerne vinden utover i månaden, fordi det vert større temperaturmotsetnader når det går fram mot midten av vinteren. I ein kald desembermånad, som gjerne allereie i starten er rolegare vindmessig, minkar vinden utover i månaden. Kulden forsterkar seg, og lågtrykka vert heldne frå land eller dirigerte lengre sør.
Korleis går det så, om vi får eit mildare klima? Høgare temperaturar gir meir vassdamp og nedbør, og det styrker ulike slags lågtrykk og uvêr. Men lågtrykka på våre breiddegrader er først og fremst drivne av temperaturmotsetnader, og oppvarming i Arktis kan redusere desse. Sume av dei modelleringane og prognosene som er presenterte i media har varsla eit mindre vindfullt klima.
Posta under Klima | Kommenter innlegget

Framleis kaldt

-1 1/2 grad, litt minkande lufttrykk, søraust lett bris. Skya, eit heller tynt skydekke som ligg godt høgare enn fjella.
Vinden er aukande, og det er temperaturen også. Fleire kuldegrader og mindre skyer før i dag.
I går kring -5 grader, delvis skya. Om morgonen overskya og litt snø i lufta, men nesten umerkande.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kaldt

-5 1/2 grad. Har vore ned til -6 1/2. Litt minkande lufttrykk.
I går var morgonen skya, om dagen etter kvart lettskya, og kvelden var stjerneklar. Morgontemperaturen i går var -1, natta før hadde det vore opp i +1 1/2, og vinden var opp i frisk bris.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snødekke og opplett

-0 1/2 grad, som er det mildaste det har vore siste døgnet. Minkande lufttrykk, svak vind, truleg overskya, snødekt mark, kanskje fem centimeter.
Det snøa lett i nokre timar etter det vart mørkt i går.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lett snøvêr

-2 1/2 grad, minkande lufttrykk, søraust svak vind eller lett bris, overskya, lett snøvêr, 1 cm nysnø.
Natta var klar, ned til -8, morgonen var det -5 1/2. Det skya over om morgonen, heile dagen overskya, eit jamnt skydekke. Midt på dag framleis opplett, lett snøvêr lengre vest, og enda lettare snøvêr aust i fjella.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget