Skya

+2 grader, litt stigande lufttrykk, svak vind eller lett bris. Skya eller overskya i dag, mellomhøge skyer godt over fjella. Har vore opp i +4.
I går kveld var det stjerneklart, kanskje lettskya. Har vore litt rennefok i natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildvêr

+3 grader. Skya. Berre høge eller mellomhøge skyer. Lett bris frå søraust.
Har vore opp i +4 i dag. I går var det truleg ned i -5. Allereie torsdag kom varmegradene. +1 grad og svak vind før middag. Førmiddagen i går klar over land, om ettermiddagen litt skyer, om kvelden meir skyer.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Moderat kulde

-2 grader, litt minkande lufttrykk, stilt, stjerneklart.
Siste dagane har her vore -2 til -6 og rolege vindtilhøve. Og stort sett klart.
Siste døgnet har temperaturen vore oppe i +1 grad og ned i -5. I går var første dagen her kom ein solstreif i vindusglasa. For det meste klart, men nokre tynne skyer i sør ei kort stund. Desse hadde linseform. Plussgrada var meir eit resultat av litt vind med noko fønverknad. Det var takras og fleire plussgrader på Viset, utan sol, i går. Samstundes var det fire kuldegrader på Sjøholt. Frå Vartdalsstranda kom det rapport om -8 grader same stad som det var -12 eller -11 på fredag. Der var det ikkje føn i denne søraustlege eller austlege vindretninga. Årsaka til dei ujamne temperaturane er at det er relativt mild luft i høgde med fjelltoppane. Kjem denne ned i låglandet stig temperaturen etter prinsippet om at lufta vert varma opp når ho vert pressa i hop. Og då vert ho varmare enn lufta som ligg i låglandet. For denne vert avkjølt ved utstråling til ein klar himmel. I dalar utan ei slik utskifting av lufta held klarvêret fram med å produsere kald luft. Men lufta i høgda sender litt varmestråling ned i låglandet, og med temperaturstiging vert det litt meir av denne varmestrålinga. Derav nokre få grader stiging i temperaturen likevel.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mindre kaldt

-4 1/2 grad, klart, flau vind, minkande lufttrykk. Opp til -3 1/2 i dag.
Temperaturen har vore ned i -15 1/2 grad, truleg fredag. Dermed var torsdag og fredag kaldast hittil i vinter. Stort sett klart siste fire døgna.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir kulde

-14 grader, stigande lufttrykk, flau vind, nesten klart, berre tynne knapt synlege flak eller striper av fjørskyer her og der.
I går var det ned til -15 1/2 grad både om morgonen og tidleg på kvelden. Mildaste det har vore siste døgnet er -10 1/2. Klar himmel i går, og flau vind.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tur til Kjersemfjellet

Var inn på Kjersemfjellet like før middag. På tavla viste termometeret -19 grader då eg starta. Men det var vindstilt. Glei dårleg på skiene, mest pga. kulden. Smurte ikkje, let smurninga frå føregåande turar vere underlag. Dette smurningslaget fungerte fint då kuldegradene var færre. Klart og flott vêr. Godt preparerte løyper.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Desembertemperaturar før og no

No i ein kald vinter kan det vere greit å sjå attende på korleis vintrane var før. Utslaga i temperatur er størst inne over land, men det er vanskeleg å finne stader med ei lang observasjonsrekke. I Tafjord går målingane tilbake til 1954, det vert 56 år. Tafjord er ein spesiell stad klimamessig. Inst på Sunnmøre, men med lite kulde likevel. Dalane stig i bratte trinn oppover, og det hindrar at det lagar seg kalde skjellevindar som kunne drage kaldlufta nedover. Kaldluft frå fjella bles ikkje så lett nedover fordi ho vert varma opp av stigninga i lufttrykket og dermed ikkje blir så kald likevel om ho kjem ned i låglandet. Dei bratte fjella rundt Tafjorden hindrar at lufta frå land kjem ned, og sjøtemperaturen får større innverknad enn ein skulle tru.

Men om Tafjord ikkje er så representativ for sjølve temperaturen bør dei kalde åra vere kaldast der også, til ei viss grad.

Ein graf eg laga viser at dei fem mildaste desembermånadane i 1954-2009 var desse, i denne rekkefylgja: 1972, 2006, 1984, 1959 og 1977. Vinteren 1984-1985 vart ein kald vinter etter nyttår, sameleis med vinteren 1977-78, så desse månadane treng ikkje vere representative for heile vinteren. Det har mange gongar vore eit skifte ved nyåret. I 1995 var det uvanleg mykje snø i fjella på føresommaren, i 1960 uvanleg lite, så vintrane i denne gruppa på fem har vore svært ulike.

Dei fem kaldaste var: 1981, 1978, 1965, 1995 og 1999. Fleire av desse vintrane var langvarig kalde, men i 1981-82 slo vêret om, og siste halvparten av vinteren vart turr og mild.

Med omsyn til trenden viser denne grafen ei temperaturstigning på litt mindre enn ei grad gjennom femtiseks år.

 

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Gammaldags vinter

-14 grader, har vore ned til -15 1/2. Stilt og stjerneklart. Små endringar i lufttrykket.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mellombels tilskying, og kulde att

-14 grader. Temperaturen er på veg ned. Stjerneklart. Flau vind. Små endringar i lufttrykket.
I går var det nesten ned i -14 1/2 grad på det kaldaste, og lettskya eller klart. Rundt -12 til -13 mykje av dagen. I dag skya det til, og føremiddagen var nesten overskya. Og naturlegvis mildare, med omkring -6 grader. Rolege vindtilhøve. Etter middag vart det lettskya og kaldare att.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kulde igjen

-11 grader, lettskya, flau vind, austleg med lett snøfok på fjella. Stigande lufttrykk. Siste snøfall i går seint.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget