Hello world!

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!

Posta under Uncategorized | 3 kommentarar

På Auskjeret

Gjekk på Auskjeret i Stordalen 26. september. På toppen bles laber bris frå søraust. Små flekkar av snø mellom steinane, men stort sett turt. I vestskråninga rimete og glatt. Strålande klart vêr og god sikt. Såg mange fjell, og berre Naushornet og eit anna fjell som ligg på grensa til Skjåk hadde litt skodde på seg. Med kikkert fann eg Lodalskåpa litt til høgre for Skorene. Stolshyrna lengre til høgre. Vidare vestover mange av fjella mellom Storfjorden og Hjørundfjorden. Bak om desse stakk Sunndalsnipa ved Austefjorden fram. Vest for Hjørundfjorden var berre Skårasalen, Romedalstinden, Ramoen/Jønshornet og Romestrandhornet synlege. Enda lengre vest viste Melshornet og litt av Hareid og Hareidlandet. I nordvest viste mellom andre Blåskjerdingen, Gamlemsveten og fjella i mellom dei. Såg havet stykkevis mellom kystfjell. I nordaust låg fjella mellom Stordalen, Innfjorden og Måndalen ikkje langt borte. Lengre borte låg Hesten, Finnan, Trolltindane, Breitinden og Vengetindane. Kunne også sjå eit av fjella nord for Isfjorden. Og på større avstand fjell som ligg nord eller nordaust for Molde. I søraust var Geitbotnstinden og Seljebotnstinden ikkje så langt borte. Heller ikkje fjella mellom Stordalen, Valldalen og Innfjorden. Lengre inne var Høgtunga, Illstigfjellet, Trollkyrkja og Muldalsegga godt synlege. Andre fjell som viste att var Torvløysa, Storfjellet, Svartegga og truleg også Karitinden og Høgstolen ved Reindalen. I sør markerte Grøtet seg, men ikkje i himmelsjå.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Brustinden

Var på Brustinden 25. september. Gjekk sørfrå opp i skaret vest for toppen, deretter opp vestryggen. Vått i terrenget, eit tynt snølag og glatt oppe på vestryggen, betre å gå på aller øvste delen. Nokre få centimeter snø ved toppen. Der bles det liten kuling frå aust. Fritt for skodde på Brustinden. Andre fjell i nærområdet hadde litt skodde på seg. Brustinden er eit fjell som ligg fritt og har god utsikt. Trass i skodda var mange fjell synlege, kikkerten viste mellom andre Middagstinden, og langt borte var Juratinden lett kjenneleg. Dei sokalla Sunnmørsalpane var stort sett skoddefrie, og frå Brustinden er mange av desse godt synlege.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur til Middagsfjellet og Sandfjellet

19. september køyrde eg opp på Ørskogfjellet og litt bort om kommunegrensa. Brustinden låg i skodde, så eg gjekk mot Sandfjellet. Overskya og vått i terrenget, men opplett. Ei stund låg det ei regnbye lengre vest. På turen oppover såg eg at skodda senka seg, og då eg nådde Middagsfjellet var der litt skodde, men eg fekk utsikt. Vinden var vestleg. Gjekk vidare opp til Sandfjellet i skodda, og så tilbake ein litt annan veg enn eg kom.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur til Jasvollbotnen

Sykla inn i Stordalen i går. Liten trafikk om morgonen og brå å sykle. Klart unnateke nokre tynne skyer i sør. Solskin frå morgonen til langt ut på ettermiddagen. Stoppa sør for Stordalstunnelen. Der var det mykje å sjå på fjorden. Ein flokk alker, minst ti fuglar av det slaget, og ei lunde. To smålom, måsar av ulik storleik, og ei nise. Sjøen låg still enno.
Sykla vidare til litt oppom Mo. Gjekk skogsvegen oppå høgda, vidare innover lett stigning inn til Botnastølen. Gjekk enno 1-2 kilometer inn etter dalen. Snudde der. Lengre inne var dalen snødekt.
Nokre bjørker var nedbrotne av snøfonn frå i vinter. Temperaturen var fin, flau vind og solskin gjorde det godt å raste. I Jasvollbotnen var der fuglesong av sivsporv, lauvsongar og raudvengetrast, i tillegg til gauken si galing. Høyrde også sisik inni dalen.
Langs skogsvegen song måltrast, gransongar og bokfink, og ei stjertmeisfamilie flytta seg sakte gjennom skogen. Desse har truleg heilt nyleg fått ut ungane.
Mykje blomster har kome til siste dagane. Tiriltunge, raudkløver, kvitsoleie, gjerdevikke og tviskjeggveronika er nokre av dei nye blomstrane for året.
Å sykle innover om morgonen og utover om ettermiddagen på ein soldag om føresommaren har den ulempa at det vert motvind på tilbaketuren. I fjorden ved Stordalstunnelen bles det frisk eller i det minste laber bris. Inne i tunnelen slapp eg vinden, men trafikken er heller ikkje komfortabel. Må stoppe i blant.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Halvardfjellet

Gjekk over Halvardfjellet i går, 24. mai om morgonen. Nesten overskya, svak vind eller lett bris frå nordvest på toppen. Skoddedottar her og der, til dels lavare enn Halvardfjellet. Ei utvikling mot haugskyer fram over føremiddagen. Etter kvart var dei lave skoddedottane vekk, fjella høgare meir gøymde i skyer, og haugskyene store. Samstundes danna det seg rukleskyer av typen fåreskyer høgare på himmelen. Desse varslar gjerne regn. I går låg skyene i ro. Først kom det lette byer inn i fjella, kl. 13 kom første regnbya nede i dalen. Spreidde byer ut over dagen.
Av fuglar eg observerte på fotturen kan nemnast steinskvett, lauvsongar, kjøtmeis, ringtrast og heipiplerke. Gjekk for det meste på berr mark. Oppe på fjellet trakka eg over nokre snøparti som var faste utan å vere harde, etter ei kjølig natt.
Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tur til Grynykjen

Var på Grynykjen 18. mai. Endeleg var det mest berrt nedafor, og ein fin fottur. Turt i skogen til siste halve biten. Oppå bles det ein frisk bris frå nordaust. Nedst i skogen varsla eit par raudvengetrastar at dei hadde reir ein stad der. Vêret var i betring, og dagen etter var det rikeleg sol.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Liafjellet

Sykla utom Sjøholt og gjekk opp på Liafjellet frå sørvest fredag 30. april. Ein grå og nesten overskya føremiddag. Mildt i lufta, vått i skogen. Gjekk oppover til toppen og unngjekk for det meste å trakke på snø.
Ein god del fuglar song, m.a. måltrast, raudvengetrast, gransongar og raudstrupe. Opp mot toppen av Liafjellet var der linerle, heipiplerker og ringtrastar.
På kanten oppe ved toppen bles det laber eller lett bris frå sørvest. Elles rolege vindtilhøve på turen. Bra utsikt. På dei høgaste fjella i sør låg det skodde.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Skurfjellet

Gjekk på skitur i går. Starta på sørsida av dalen to kilometer frå fjorden. Skaresnø innover dalen. Sleit ut klisteret etter kvart, og la på nytt då stigninga starta. Denne turen er lett, med ei netto oppstiging på mindre enn 450 meter. Skurfjellet er 620 m.o.h. Eg gjekk rundt og opp på søraustsida siste stykket. Lett stigning opp til skaret på søraustsida, der det er flatt. Lett stigning vidare til toppen, som ragar femti-seksti meter høgare enn sletta. Sume stader på veg opp til skaret var det gjennomslag i snøen og litt tyngre å gå. Men stort sett ein lett tur.
På toppen bles det lett bris frå sør. Flott solskin var det på heile turen, og stort sett ikkje vind anna enn øvst. Nedrennet gjekk fint. God gli og nok fart. Eg heldt meg litt oppe i lia slik at eg rann jamt nedover. Siste kilometeren var det flatt, og då måtte eg til å stave og gå. Framleis skare då eg kom attende til utgangspunktet.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Skiturar

Gjekk inne på Vaksvikfjellet og Kjersemfjellet i går og i dag. Godt preparerte løyper. Turr snø og nullføre. Ei eller to varmegrader i lufta, men det er nok kaldare nede på snøflata. For det meste lett bris i går og i dag. Smurde voks for nullføre, og det gjekk fint, men mykje voks ga for godt feste på tur nummer to.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget