Sykla inn i Stordalen i går. Liten trafikk om morgonen og brå å sykle. Klart unnateke nokre tynne skyer i sør. Solskin frå morgonen til langt ut på ettermiddagen. Stoppa sør for Stordalstunnelen. Der var det mykje å sjå på fjorden. Ein flokk alker, minst ti fuglar av det slaget, og ei lunde. To smålom, måsar av ulik storleik, og ei nise. Sjøen låg still enno.
Sykla vidare til litt oppom Mo. Gjekk skogsvegen oppå høgda, vidare innover lett stigning inn til Botnastølen. Gjekk enno 1-2 kilometer inn etter dalen. Snudde der. Lengre inne var dalen snødekt.
Nokre bjørker var nedbrotne av snøfonn frå i vinter. Temperaturen var fin, flau vind og solskin gjorde det godt å raste. I Jasvollbotnen var der fuglesong av sivsporv, lauvsongar og raudvengetrast, i tillegg til gauken si galing. Høyrde også sisik inni dalen.
Langs skogsvegen song måltrast, gransongar og bokfink, og ei stjertmeisfamilie flytta seg sakte gjennom skogen. Desse har truleg heilt nyleg fått ut ungane.
Mykje blomster har kome til siste dagane. Tiriltunge, raudkløver, kvitsoleie, gjerdevikke og tviskjeggveronika er nokre av dei nye blomstrane for året.
Å sykle innover om morgonen og utover om ettermiddagen på ein soldag om føresommaren har den ulempa at det vert motvind på tilbaketuren. I fjorden ved Stordalstunnelen bles det frisk eller i det minste laber bris. Inne i tunnelen slapp eg vinden, men trafikken er heller ikkje komfortabel. Må stoppe i blant.