På Aurdalsnebba V

Fjella i bakgrunnen er m.a. Blåskjerdingen til venstre, Brustinden og Ytstetinden litt til høgre, vidare Sprovstinden, og heilt til høgre går Høgsvora og Næremstindane i eitt med kvarandre. Langt borte blånar nokre fjell nord for Molde. Bygda som ligg nær til høgre er ein del av Ramstaddalen. Bortom fjorden viser noko av bebyggelsen i Ørskog.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Aurdalsnebba IV

Ser vestover mot Sykkylvsfjorden og ein bit av Storfjorden ut mot Hareid. Skophornet til venstre. Vidare utover ligg Romestrandhornet/Festøykollen, Hareidlandet, Nerlandsøya og Skorpa. I midten ligg Sula og Godøya og heilt til høgre Gamlemsveten.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Aurdalsnebba III

Mot horisonten stikk Jakta, Vellesæterhornet, Regndalstindane, Blåbretindane, Tungremtindane, Synnavindsnipa og Hundatinden opp. Til høgre og enda lengre bak syner nokre fjell vestom Hjørundfjorden. Det er Sætretindane, Kolåstinden, Åvasstinden, Fossholtinden og rada av toppar frå Ytstenestinden til Ramoen/Jønshornet. Hammarsettindane og Urdfjellet ligg mykje nærare og litt til venstre. Den jamne grøne fjellryggen bak første dal er Langfjella.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Aurdalsnebba II

Ser inn mot Urdfjellet og Hammarsettindane til høgre. Lengre til høgre og bak ligg Råna og Hjelledalstinden. Til venstre Dalmannshornet og lengre til venstre Blåhornet. Smørskredtinden og Slogen er så vidt synlege på bildet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Aurdalsnebba med Sunnmørsposten

Var på fjelltur 21. august. Greit terreng i ein rundtur over Aurdalsnebba. Noko sol først, sidan skya det over. Lett bris oppe på fjellet. Nokon skremde opp ein flokk på minst femten ryper. Regnet kom først på fjell langt sør. Kom vel ned i dalen før det byrja regne i Sykkylven.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Lauparen IX

Zoomar søraustover mot Pyttegga, Illstigfjellet, Høgstolen, Trollkyrkja, Muldalsegga og Torsnosa. Seljebottinden mykje nærare og heilt til høgre.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Lauparen VIII

Ser aust-nordaustover mot Vengetindane, Kongen i Isterdalstindane, Trolltindane og Finnan i himmelsjå. Nærare ligg Skjervan og enda nærare Trollvasstinden på rett line mot Vengetindane. Til høgre for desse ligg Lissjevasstinden ikkje langt borte, og bak denne stikk Nonstinden og Middagstinden opp. Heilt til venstre nokre fjell på vestsida av Eikesdalsvatnet langt borte.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Lauparen VII

Zooma inn fjell i nordaust. Næraste rada er Brurefølgjet, bortafor ligg Sandfjellet og Storbuen, og langt borte Klauva, Kirketaket, Kjøvskartinden og Skjorta.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Lauparen VI

Zoomar inn nordaustover, mot fjella mellom Molde, Fræna, Batnfjorden og Eide.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Lauparen V

Ser nordover ut Tresfjorden og mot Molde.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget