Utsyn frå Fremste Skorkja VII

Storbotnshornet med den karakteristiske todelte toppen ligg aust for Sandfjellet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn frå Fremste Skorkja VI

Ser utover mot vest. Det lave fjellet som teiknar horisont mot Storfjorden er Hallvardfjellet. Til høgre viser busetnaden i Vaksvika, Skarbøen og Ørskog som lysegrøne flekkar. Langt ute stikk Godøya opp heilt til venstre, vidare mot høgre ligg Gamlemsveten, Storfjellet og Blåskjerdingen. Heilt til høgre og ikkje så langt ute ligg Høgsvora.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn frå Fremste Skorkja V

Ser ned på Grytavatnet med Lauparlægda bakom i midten, og Lauperen og Brurefølgjet til høgre. Kvitnykja litt til venstre. Lengre bak til venstre ligg Næremstindane, og bakom dei ligg Brustinden, Ytstetinden og Remmemstinden på ei rad. Bakom ligg Romsdalsfjorden, og langt borte fjella mellom Molde, Fræna, Eide og Gjemnes.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn frå Fremste Skorkja IV

Ser ned på Grytavatnet t.v. og Isvatnet t.h. Grytavasstinden rett bakafor. Heilt til høgre Storbotnshornet, og t.v. litt av Lauparen med Brurefølgjet. Namn på fjella i bakgrunnen er f.v. Sandfjellet, Storbuen, Trollvasstinden, Skjervan, Lissjevasstinden og Nonstinden. Deretter Ørastolen som ligg nærare. T.h. for denne nokre fjell innafor Innfjorddalen. Trur det er Hesten, Sjøboltinden og Grønfonnfjellet. T.v. for desse og enda lengre borte nokre fjell aust for Berdalen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn frå Fremste Skorkja III

Høgaste Sandegga er kvit av nysnø etter nedbøren.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn frå Fremste Skorkja II

Mellom dei to næraste toppane stikk det opp eit fjell rett sør for Stordalen. Lengre bak ligg m.a. Blåhornet, Kvitegga, Skruven og Smørskredtinden.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Utsyn frå Fremste Skorkja I

Ser bort på Heimste Skorkja midt i bildet. I Stordalen vert fjellpartiet i midten og til venstre kalla Sandegga. I bakgrunnen til venstre ligg m.a. Kvitegga, Skruven, Leirvasshornet, Smørskredtindane og Risenosa. Til høgre i bakgrunnen ligg Regndalstindane med Råna, Hjelledalstinden, Blåbretindane og Skophornet, og enda lengre borte Skårasalen, Saudehornet, Romedalstinden, Ramoen/Jønshornet og Ramotinden.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Til Fremste Skorkja

Grønvieren har sett frø som kan fyke med den lette planteulla.

Dei skarpaste haustfargane til fjells finn ein på dei turre rabbane.

17. september 2011 var ein klarvêrsdag og fin for fjelltur. Gjekk frå Grytalia på førmiddagen og nådde Fremste Skorkja midt på dag. Opp gjennom bratta frå Lissjebotn var det turt. Siste stykket mot toppen var der snø, på toppen ti cm litt ihoppakka snø. Det bles ujamnt frå sør eller søraust, i middel lett bris. Godt å site ved varden og sole seg.

Skremde opp fire skogarjuper i krattet vest for Grytavatnet. To vaksne og to kyllingar. Desse var ikkje heilt utvaksne. Det tyder på eit omlagt kull. Rypebærlyngen stod med fine raude fargar. Nokre få røsslyng og blålyng stod i blomst, elles er blomstringstida forbi til fjells.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Aurdalsnebba VII

Rada av fjell er: Dalmannshornet, Brekketinden, Brunstadhornet, Slogen, Risenosa, Jakta, Vellesæterhornet, Urdfjellet, Hammarsettindane, Regndalstindane, Hjelledalstinden og Blåbretindane.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Aurdalsnebba VI

Ser bort på Auskjeret til høgre i bildet. Til venstre fjella mellom Storfjorden og Romsdalsfjorden. Heilt til høgre ligg Illstigfjellet, Pyttegga og Høgstolen langt inne. På Høgstolen er der skodde.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget