Oppe på Snaufjellet

Oppe på Snaufjellet. Her bles det sørleg liten kuling. I vest regnar det. Vêret er lysare innover Storfjorden. Fjella i bakgrunnen er m.a. Heimste Skorkja, Torvløysa, Skorene, Jolgrøhornet, Tretindanibba, Blåhornet og Smørskredtindane.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Over Snaufjellet

Kråvatnet ligg på nordsida av Snaufjellet. Rett bak stikk Steingardstinden fram bak ein fjellrygg.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Halvardfjellet ein grå haustdag

Ser ut over Storfjorden. Eit tynt snølag på toppen. Måler vinden til stiv kuling frå sør. Det kjem nokre regndropar, men held seg stort sett turt ei stund enno.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppom Lisetsætra 8. oktober

Midtvegs mellom Lisetsætra og Snaufjellet er snødjupna over fem cm. Inne i fjella ligg snøen tjukk. Ser inn mot fjella innafor Vaksvika, og heilt til høgre fjell innafor Stordalen. Her er nesten vindstille denne ettermiddagen, og marka er våt etter mykje regn. På ettermiddagen har det danna seg haugskyer som gir spreidde regnbyer.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Kvitnykja

Sandfjellet og Storbuen midt i bildet i himmelsjå. Til høgre for Storbuen ligg Vengetindane og Trolltindane langt borte og med noko skodde på seg. Til venstre for Sandfjellet ligg der nokre fjell langt borte. Det er nokre fjell nordafor Isfjorden. Det fjernaste er truleg Skjorta.

Lauparen med Brudefølgjet til venstre.
Fint utsyn mot Tresfjorden. Molde rett utom på andre sida av Romsdalsfjorden.
Nordvestsida av Kvitnykja. Oppstiginga her er tung, men elles grei. Beste ruta går opp sørvestryggen (utafor bildet).
Haustfargar på det myrlende terrenget mellom Kjersemdalen og Vaksvika. Ser vestover med litt av Storfjorden i bakgrunnen.
Høgsvora og Næremstindane.

Gjekk på Kvitnykja 2. oktober. Etter mykje regn om natta vart dagen fin med ein god del sol. Det laga seg fort skoddedottar rundt fjelltoppane, men det var lite av dei på Kvitnykja, og dei bles vekk i vinden. På toppen bles det lett bris frå sør. Fann litt god blåbær nesten oppe ved toppen. Ein del trast oppe på fjellet. Såg også ein hare.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Blåfjellet

Laurdag 1. oktober var vêret fint og disig. Det skya fort over, og midt på dag kom det nokre få dropar, men det heldt seg opplett lenge etterpå. Gjekk på Blåfjellet, 744 m.o.h. Sørsørvest laber bris oppå. Såg noko trast og meiser, elles stilt for fuglar. Med denne varme lufta var det ventande at ein kaldfront kunne gi mykje regn, og det gjorde det også natta etterpå.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn frå Grøtet

Zoomar mot Storbotnshornet, Lauparen, Brurefølgjet, Rollsbotnskorkja, Ørastolen, Sandfjellet og Storbuen.

Zoomar inn sørover. Det spisse fjellet med bre under midt i bildet er truleg Lianibba. Eit fjell som er nærare, litt til venstre, og ikkje i himmelsjå, er Nokkenibba.
Skorene og Eidsvatnet.
Inn Sunnylvsfjorden.
Storfjorden ved Stranda. Nokre av fjella i synsranda er frå venstre mot høgre: Hundatinden, Skophornet, Aurdalsnebba, Auskjeret, Storfjellet, Blåskjerdingen, Brustinden og Ytstetinden. Jolgrøhornet ligg mykje nærare og til høgre i bildet.
Sunnmørsalpane. Det spisse fjellet med den største breen er Brekketinden.
Norddalsfjorden og Valldalen. Trollkyrkja og Muldalsegga ligg noko til høgre i bildet.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Grøtet

Reiste på tur med Stordal turlag søndag 25. september. Bil og ferje til Eidsdalen og opp til nesten 500 m høgde ved Kilsti. Gjekk i skog og langs eit vatn, kom opp om tregrensa nord for Grøtet.  Til dels vått i marka så langt. Turrare høgare oppe. Etter kvart ur og litt berg, opp til toppen. Dagen var overskya og opplett, kjølig så høgt til fjells, og ein lett sørsøraust bris på kanten, litt lunare inne ved varden. Berre nokre små flekkar att av nysnøen. Godt utsyn med skoddefrie fjell i alle retningar. Gjekk ned på vestsida av fjellet, ei smal egg første biten, noko blåsande lengre nede på vestryggen, der det bles liten kuling. Runda etter kvart heia på nordsida tilbake til startpunktet. Ein flokk på knapt ti heiloar, elles stilt for fuglar i dette terrenget. Nedom tregrensa var der m.a. ein flokk raudvengetrast.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Til Grøtet

Ein kort avstikkar frå råsa og ned på kanten mot Verpesdalen. Liabygda i bakgrunnen.

Kring Grøtet er der eit lett skråande heilandskap. Her ser vi bort på Skrenakken og ut Storfjorden ved Stranda.
Komne ned til Grøtdalsvatnet vest for Grøtet.
Nesten oppe på Grøtet får ein dette synet av Skorene, med Torvløysa til venstre og lengre vekk, og den karakteristiske Kupenibba stikkande opp i mellom desse fjella.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Litleskorkja

Utsikt ut Tresfjorden. Det låge fjellet i framgrunnen er Storskorkja. Namnet kjem av at det ligg nær bygda og er dominerande.

Rollsbotnskorkja til høgre og Ørastolen til venstre. Auskjeret stikk opp i mellom dei.
Ser bort i skaret mellom Øvstedalen i Tresfjorden og Jasvollbotnen i Stordalen. Fjella er Rollsbotnskorkja til venstre og Brurefølgjet til høgre. Grytavasstinden i midten og litt lengre bak.
Posta under Friluftsliv | Éin kommentar