Januardag på Barstadskaret

8. januar 2012. Ein av dei flottare dagane så tidleg på året. Aust-nordaust flau vind og bra skiføre. Ser bort i Grøthornet og Klovetinden.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Desemberdag på Halvardfjellet

Ser vestover frå toppen. Det er fint her oppe denne stunda, vinden har minka til lett bris, og det er avblese nok til at det var bra å gå heile vegen. Sjeldan meir enn tjue cm snø å vade i. Uti er ei byge på veg.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

I nysnø på Halvardfjellet II

Gjekk på Halvardfjellet 27. november. Starta nede ved Halvardvatnet. Snødekt mark heile vegen. Opp mot toppen vart snøen djup, men på slutten kom eg opp i meir avblese terreng, og då heldt eg fram til toppen. Lett snøvêr. På toppen truleg frisk bris frå nordvest. Og ti-tjue cm snø å trakke i. Ute på nordkanten var vinden sterkare, kanskje stiv kuling og rennefok. Eit stykke nedom toppen låg det ein halv meter snø, ujamt fordelt med djupare snødriver. Snøtilhøva med fokksnø oppå lett pulversnø viste at det er fonnfare i bratte fjellsider. Ved to høve sprakk snøen eg trakka i og sakk litt i hop. Nedom 450 m.o.h. minka snødjupna og vinden, og det vart greit å gå. Såg elles ei orrhøne på turen opp.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

I nysnø på Halvardfjellet

Nede på 400 m.o.h. er snødjupna femten cm. Ser utover mot nordvest.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Rundskuet frå Kvitnykja

Frå Kvitnykja er der i nord utsikt til busetnaden rundt Tresfjorden, Molde by og på Aukra. I vest ser ein Vaksvika, litt av Ørskog, og sume bygder i Skodje.

Av fjell og øyar er dette å sjå horisonten rundt (her er sikkert ein del feil i lista):

Jendemsfjellet, Såtfjellet, Stordalstinden, Urdfjellet, Kvannfjellet, Luten, Tussan, Harstadfjellet, Tustna, Stabblandet, Reinsfjellet, Skåla, Mjelthaugen, Trolltinden, Svartevasstinden, Åbittinden?, Prosten, Øspetinden, Klauva, Kyrkjetaket, Skjorta, Kjøvskartinden, Sandfjellet, Vengetindane, Store og Litle Trolltind, Storbuen, Finnan, Nonstinden, Litlevasstinden, Trollvasstinden, Hesten, Sjøboltinden, Brudefølgjet, Ådalstinden, Ørastolen, Trollkyrkja, Lauparen, Seljebotnstinden, Grytavasstinden, Torvløysa, Storbotnshornet, Sandegga, Heimste Skorkja, Breifonna?, Blåhornet, Blåfjellnibba, Emdalstindane, Sætredalsfjellet, Kvitegga, Skruven, Hornindalsrokken?, Leirvasshornet, Smørskredtinden, Risenosa, Brekketinden, Dalmannshornet, Brunstadhornet, Vellesæterhornet, Regndalstindane, Hjelledalstinden, Blåbretindane, Trollkyrkja, Tungremtindane, Sætretindane, Kolåstinden, Synnavindsnipa, Romedalstinden, Storkopptindane, Saudehornet, Hundatinden, Jønshornet, Skophornet, Ramotinden, Svinetinden, Vartdalhornet, Romestrandhornet, Melshornet, Sandvikhornet, Sulafjellet, Yksnøya, Sukkertoppen, Godøya, Gamlemsveten, Hildrehesten, Urdfjellet i Haram, Storfjellet, Keipen, Høgsvora, Blåskjerdingen, Mælen?, Næremstindane, Brustinden, Ytstetinden, Sprovstinden og Remmemstinden.

I tillegg kjem nære fjell som ikkje er i himmelsjå. Nokre av desse er: Jolgrøhornet, Auskjeret, Aurdalsnebba og Søvikhornet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Berrmarkstur til Kvitnykja i november

Zoomar inn Høgsvora (til høgre) og Storfjellet (i midten). Skodda sig innover og oppover. Sju timar etter dette skya det over her inne.

Vaksvika, Storfjorden, Ørskog og Skodje. Høgsvora til høgre. Ute i vest ligg skoddebankar som er i ferd med å gøyme sikta til Sula, Godøya og Gamlemsveten.
Zoomar inn Store og Litle Klauva, Kyrkjetaket, Skjorta (lengst bak) og Kjøvskartinden.
F.v: Reinsfjellet og Skåla (langt borte), Mjelthaugen, Trolltinden, Svartevasstinden, Prosten, Øspetinden, Klauva (langt borte), Sandfjellet (nært), Vengetindane og Store og Litle Trolltind (langt borte), Storbuen (nær), Finnan, Nonstinden, Litlevasstinden.
Lauparen litt til høgre. Elles: Litlevasstinden, Hesten, Sjøboltinden, Brudefølgjet, Ådalstinden, Ørastolen og Trollkyrkja til venstre for L. Seljebotnstinden, Grytavasstinden, Geitbotnstinden og Trollkyrkja til høgre for L.
Ser ned på Tresfjorden og mot Molde.

Gjekk frå Kjersemsætra opp på Kvitnykja 12. november. Turt i marka. Litt frose nede i dalen. Ved elvar litt blank is. Opp ryggen frå sørvest. Denne er god å gå. Og der var sol. Øvst på ryggen og langs sørkanten bles der ein laber bris frå sørvest. Inne på toppen lett bris og +6 grader. Nokre snøflekkar oppå. Desse var harde så eg ikkje sette spor. Gjekk ned nordvestsida. Der var det vindstilt nedover og sola kom til sume plassar. Bratt ur i mykje av denne fjellsida. Flata ut og godt terreng lengre nede.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Lauparlægda i november

Hestesprengen bleiknar.

Ser vest mot Vaksvika, Storfjorden og Ørskogvika. Fjell og øyar i himmelsjå er frå høgre m.a: Blåskjerdingen, Storfjellet, Gamlemsveten, Godøya, Sula, Melshornet, Romestrandhornet/Festøykollen, Skophornet og Ramoen/Jønshornet (med skodde på toppen).
På veg opp nordryggen på Lauparlægda. Lauparen i midten og Brudefylgjet til venstre.

Mildt vêr og turt i marka laurdag 5. november. Gjekk frå Grytalia og opp nordryggen på Lauparlægda. Der er eit parti med bratt ur på slutten, elles er dette ei grei rute. På toppen var det ca. +6 grader, og laber bris frå sør. Opplett på heile turen. Regn i omegna fleire stader, spesielt i sørvest. Skodde på mange fjell, både i midtre og indre strok. Skodde og regn på toppane i Sunnmørsalpane. På Råna og Jønshornet skodde ned til 1300 m.o.h. Innafor låg skodda høgare, og Skruven var utan skodde. Enda lengre inne låg skodda høgare. Trollkyrkja og Muldalsegga var utan skodde, Torvløysa også, stort sett. Innafor desse var det skodde på dei høgaste fjella. I aust var fjella skoddefrie, både Sandfjellet, Lauparen, Ørastolen og Grønfonnfjellet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Geitnibba seint i oktober II

Var på Geitnibba 29. oktober. Vêret var overskya og opplett, med teikn til opptrekk. Og ein sørleg bris i låglandet. Turen gjekk på berr mark til topps, med små snøklattar i terrenget. Oppe på toppen var utsikta god, ikkje noko fjell med skodde på, men grått med høgare skyer som dekte himmelen. Målte temperaturen til ca. +6 grader, og vinden til liten kuling frå sør. Som venta var vinden minst like sterk ned mot skaret i Kvanndalen. Halvvegs nede viste målaren sterk kuling, men berre på det mest framstikkande punktet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Geitnibba seint i oktober

Ser vest mot Storfjorden. Ein solstreif ute på Glomset. Frå Geitnibba er lite busetnad synleg innafor ei mils omkrins. Det næraste er litt av Amdam. Snaufjellet til høgre i bildet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Snaufjellet ein fin haustdag

Fin utsikt vestover mot Storfjorden, Ørskog, Skodje, Borgund, Sula , Godøya, Gamlemsveten og Storfjellet. Her oppe på toppen bles ein mild sør-søraustleg frisk bris, og snøen er blaut. Elles turt omkring. Venta med matpausen til eg var nede ved skoggrensa, der det knapt bles.

Ser sørvestover. Frå venstre: Blåhornet, Skruven, Leirvasshornet, Kvitegga, Smørskredtinden, Dalmannshornet, Slogen, Brunstadhornet, Vellesæterhornet, Auskjeret, Midtre Regndalstinden, Råna, Hjelledalstinden, Aurdalsnebba, Blåbretindane, Tungremtindane, Synnavindsnipa, Hundatinden, Romedalstinden, Skophornet, Jønshornet/Ramoen, Rametinden, Sandvikhornet, Vartdalhornet og Romestrandhornet.

Ser nordover. Sprovstinden til venstre og Høgsvora til høgre. Litt av Romsdalsfjorden i mellom. Skåla langt borte og midt i bildet.
Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget