Skogfiol

23. april er dei tidlegaste skogfiolane å finne i sørvende skråningar i låglandet. Her frå Vaksvika.

Posta under Planter og dyr | Kommenter innlegget

Aprilkveld på Vaksvikfjellet

Nordausten blæs lett forbi, og det har klarna. I dette kvite landskapet er det mykje fuglesong å høyre, også frå flyttfuglar. Og vipa kom hit dagen etter.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Skitur forbi Grytalia

Gjekk i gode preparerte løyper til Grytalia, derifrå godt føre i laussnø som bar bra. Oppover mot Blåfjellet var snøen laus og tung å gå i på smale ski, og her, eit stykke lågare enn toppen, snudde eg. Stilt i vêret til eg kom hit opp. Flau eller svak sørleg vind her. Lett overskya og eit lett snøvêr i fjella. Utsikta her er vestover mot Vaksvika. Grytalia kan sjåast nærast under fjellet. Det er vinterleg i fjella, men nede ved sjøen var første linerla koma i går.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Hestehov

Massevis med hestehov like ved riksvegen på Kleivaneset. Her er nokre av dei med sjøen som bakgrunn.

Posta under Planter og dyr | Kommenter innlegget

Vestreelva

Stoppar ved riksvegen og zoomar litt for å kome inn på motivet nedanfor vegen. Vestreelva har bra med vatn i dag som det er snøsmelting.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Geitsymre

Mars har vore mild i år, vårblomstane har kome tidleg, og med sol faldar geitsymra (kvitveisen) seg ut. Her frå turen ned mot Sjøholt frå Vêrahornet.

Posta under Planter og dyr | Kommenter innlegget

På Vêrahornet i mars

Delvis berrt på Vêrahornet, og det er tidleg. Svak vind som bles opp solsida. Turen hit gjekk gjennom litt snø, men mest var det berrt. Lite vindfallen skog ved løypa, og greit å gå. Ser bort på Giskemonibba og Snaufjellet. Høgsvora bakafor mellom dei.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Vartdal sett frå Lissje-Sandfjellet

Ser vest gjennom Vartdalsfjorden. Bygda Vartdal nærast.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Ved Vartdalsfjorden

Ser ut mot Hjørneset og Sula. Morgonen er grå med skoddedottar. Her oppe på den utstikkande fjellskuldra Lissje-Sandfjellet er vinden lett bris frå søraust. Retninga er eit godt teikn, og nokre timar etter letta det og sola skein mykje av dagen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Barstadskaret igjen

Bilde 1: Fossholtinden (litt til høgre) sett frå Høgebakken. Brotkanten på breen er etter ei fonn som har gått siste veke og ned på Åvatnet. Bilde 2: Ramoen og Molladalen sett frå eit stykke oppom Barstadskaret. Gjekk hit til fots siste stykket. Sørleg frisk bris og litt kjølig trass høg lufttemperatur her oppe. Bilde 3: Romestrandhornet med sol på og Barstadvika under. Gamlemsveten og Hildrehesten langt ute.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget