Oppe på Kvitnykja

Utsyn mot sørvest. Heimste og Fremste Skorkja nærast og fjella i Stranda og Sykkylven lengre borte. Vinden kjem frå sør eller kanskje sørvest, truleg lett bris her og litt sterkare på dei utsette ryggane. Brukar eit lite termometer til å måle +11 grader kl 8.30. Det er høg temperatur til å vere om morgonen til fjells og med mykje snø i omgjevnadane.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Maimorgon på Kvitnykja

Nordenden av Kvitnykja endar i eit stup. Turen opp går rundt til høgre. Lauparen i bakgrunnen.

Posta under Friluftsliv, Uncategorized | Kommenter innlegget

På Blåfelden

Nedattur med indre del av Syvdsfjorden i bildet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

I synnavind på Halvardsfjellet

Ein «haustleg» maiførmiddag med sørleg liten kuling oppå Halvardsfjellet. Lengre sør er det nedbør, men frålandsvinden gjer at det er opplett her og utover mot kysten. Ser mot nordvest i bildet. Vêrsituasjonen i augneblinken er at ein varmfront gir nedbør lengre sør der fjella ikkje gir le, men heller heving av lufta. Litt seinare denne dagen sprakk skydekket litegrann, og temperaturen vart bra.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Grønnykjen

Ser vestover frå Grønnykjen/Grynykjen. Ein kjølig kveld med nordvest svak vind her oppe. Turen opp gjekk for det meste på berr mark, nokre små snøparti å passere på slutten.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Maimorgon på Halvardsfjellet

Ein kald morgon på toppen. Frisk bris frå sør-sørvest, kring null grader. Snøpartia er harde og faste å gå på. Ser over fjorden mot Storfjellet som ligg i solskin i augneblinken.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Maimorgon på Vestrefjellet

Ei rjupe tett nedafor toppen av Vestrefjellet.

To harar ved vegen på Vaksvikfjellet.

Tur til Vestrefjellet på skaresnøen om morgonen. Lite sol, men berre svak vind oppå. Ser vestover mot Liafjellet med sol på.
Posta under Friluftsliv, Fugler | Éin kommentar

Maikveld på Halvardsfjellet

Ein kald og fin kveld på toppen. Vinden er nord-nordaustleg frisk bris, og temperaturen kring eller litt over null. Ser mot Høgsvora til høgre og Snaufjellet til venstre. I motsett retning er det noko gråare i skydekket.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Morgontur ved gamlevegen

Ved gamlevegen innafor Viset tek skogen og «villmarka» terrenget tilbake. Om morgonen er her skugge, på hi sida av fjorden skin sola.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Kvite fjell

Frå Valle opnar utsynet seg mot rada av fjell med Høgsvora til venstre og Heimste Skorkja til høgre. Storfjorden går innover til høgre og Ørskogvika litt til venstre. Fjella står kvite etter snøvêret i går.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget