Over Skurfjellet og Halvardsfjellet II

Over Skurfjellet og Halvardsfjellet II

Komen til Halvardsfjellet. Her er det sju kuldegrader og minst svak vind frå sør. Ser tilbake mot Skurfjellet som ligg bortanfor Bolleberget. Kvitnykja, Lauparen, Grytavasstinden, Fremste og Heimste Skorkja og Sandegga ruvar bakanfor. Turen vidare gjekk på vestsida av Halvardsfjellet ned mot Dektene. Såg to granmeiser i skogen. Det var alt av fugleliv på turen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Over Skurfjellet og Halvardsfjellet I

Over Skurfjellet og Halvardsfjellet I

Ser frå Skurfjellet vestover mot Bolleberget og Halvardsfjellet. Åtte kuldegrader og flau vind frå sør her oppe. Nede i dalen nedafor Hjellesætra var det ti-elleve kuldegrader. Turen opp gjekk over frosne markar og hardfrosen snø. Sume stader så mykje is at eg måtte gå omvegar inni krattet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tur til Geitnibba i januar II

Tur til Geitnibba i januar II

Komen til topps på Geitnibba. Sju kuldegrader, sørleg flau vind og solskin gjer det godt å stoppe her. Ser vestetter, med Skarbøbotnen og Snaufjellet i framgrunnen. Eit tynt lag av nyare snø i øvre delen, men snøen stort sett hard og fast å gå på, steinane berre for snø.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur til Geitnibba i januar

Tur til Geitnibba i januar

Går oppetter fjellryggen mellom Grønnykjen og Sætrefjellet. Ein del berre parti, og snøen er hard å gå på. Ein del blank is i terrenget. Ser vestetter Storfjorden.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Januarkveld på Halvardsfjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Det byrjar smått å skymest, og er eigentleg mørkare enn det ser ut til på bildet. Grått i vêret, opplett etter ein dag med skoddeskyer og småregn. Det er varmegrader her oppe, vått i krattet og ein svak vind frå sørvest. Gjekk dels på berr mark og dels på snøflekkar på turen opp. Mykje is og tele i marka. Såg seks rjuper på turen, og nokre (to?) granmeiser i skogen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Sætrefjellet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Ser tilbake mot Geitnibba, som gjer lite av seg med Høgsvora ruvande bakom. Geitnibba ligg litt til venstre. Fjellskuldra rett bakafor er Steingardstinden.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Geitnibba i desember

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På toppen av Geitnibba. Måler -12 grader og svak vind (i middel) frå nordaust. Vinden er ujamn, og det er sol, men kaldt her oppe. Litt nede mot Sætrefjellet er det lunare å stoppe for ein matpause. Turen opp gjekk fint. Hardfrose myrlende som det var lengre nede er godt å gå på, men blankisen måtte eg passe meg for. Høgare oppe var det god skare å gå på. Denne var lite glatt, og der det ikkje var for bratt var det godt å gå.

Ser utover mot kysten. Blåskjerdingen stikk sovidt opp over skyene. Nærare til venstre ligg Snaufjellet. I dag var det klart unnateke dei litt lågtliggande skyene på kysten. Og kanskje inne i fjordane.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Middagshornet

 

Bilde 1: Åvasstinden til venstre og Fossholtinden til høgre. Bilde 2: Ser ut mot Nordre Vartdal, Hareid, Godøya og Breisundet. Bilde 3: Frå Middagshornet mot Middagshornet. Det større og meir kjende Middagshornet til høgre i bildet og knapt i himmelsjå med Ramoen bakom. Trongegga til venstre og Barstadskaret midt i bildet. Bilde 4: Tilbakesyn mot Middagshornet. Bra å gå dit denne dagen med for det meste turt på denne sida av fjellet, og ein søraustleg lett bris oppå egga.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Ved Årskogfjellet

Komen opp på fjellsenden av Årskogfjellet. Sør-søraust lett bris og isete på steinane, men fint å gå i lyngen. Ser ut mot Liavågen, Sula, Godøya og Breisundet.

Ser nordover mot Vartdalhornet (til høgre), Sula, og lengre nord  Gamlemsveten, Hildrehesten, Storfjellet og  enda lengre nord ligg Blåskjerdingen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Skurfjellet

Mild haustdag med sørleg svak vind på Skurfjellet. Ser sørvestover mot terrenget ovanfor Dyrkorn. Borte i Sykkylvsfjella skin sola i snøen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget