
Ser nordover mot Klovetinden og m.a. Gamlemsveten og deler av Lepsøya og Haramsøya lengre borte. Grøthornet nærast Trongegga.

Ser nordover mot Klovetinden og m.a. Gamlemsveten og deler av Lepsøya og Haramsøya lengre borte. Grøthornet nærast Trongegga.

Laber bris frå sør oppe på toppen. Ser utover mot Masdalhornet/Vartdalhornet til høgre og Årskogfjellet til venstre. Utafor Hareidlandet ligg Skorpa, Nerlandsøya og Runde.

Ser motsett veg; mot Middagshornet, Hallehornet (det mørke) og Romedalstinden.

På tur opp mot Trongegga. Egga er høgare og smalare lengre bak og ute av syne herifrå. Grøthornet til høgre.

Sol, fem kuldegrader og flau vind. Det er fint vintervêr til fjells. Ser mot Lauparlægda, og Grytavasstinden bakom og til høgre. Bildet viser det ikkje, men der ligg ein dal mellom Blåfjellet og Lauparlægda.

Fint til fjells i dag. Sol og nesten stilt. Ser tilbake mot Halvardsfjellet.

Svak vind frå aust-søraust, og fire kuldegrader her på toppen. Ser mot hi sida av fjorden. Den frosne fossen på Skotet viser godt til venstre i bildet.

Lengre ute er det svært lite snø i fjella. Zoomar frå Geitnibba mot fjella utafor Svartløken og Tomrefjorden.

Innpå Sætrefjellet. Ser mot Geitnibba til venstre og Høgsvora midt i bildet og lengre bak. Her innpå flata bles det lite i dag, og på lunaste staden var det stilt det meste av tida og godt å ta ein rast på nedatturen. På toppen av Geitnibba var det kaldt i dag, -9 grader og frisk bris frå sør. Målte ni meter pr sekund i vindhastigheit. Men sidan det berre bles på utsette stader var kulden overkomeleg.