Rundt Kvitnykja

Godt turvêr denne dagen. Opplett, litt sol, turt, og rolege vindtilhøve. Lett bris frå søraust eller aust i skaret mellom Kjersemsetra og Eirsdalen. Men isete ved elvar og våte stader. Bilde 1: Ser tilbake mot Storfjorden. Bilde 2: Sørvatnet. Fjella er frå høgre. Lauparlægda, Lauparen og Brudefølgjet. Bilde 3: Lauparen og Lauparlægda (Sunnmørslauparen). Bilde 4: Kvitnykja. Bilde 5: Eirsdalen, Tresfjorden og Romsdalsfjorden med Molde på utsida. Bilde 6: Rimfrost i låglandet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppå Geitnibba

Føremiddag med solstreif gjennom skyene, og her og der litt regn langt borte, helst i sør. Tre varmegrader og lett eller laber bris frå sørsørvest på toppen. Ser vestover mot Storfjorden.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Hausttur på Lauparlægda

 

Gjekk på Lauparlægda 30. september. Opp frå vest og ned på nordsida. Vått i marka og noko sleipt. På øvste partiet isete med eit tynt frose lag nedbør på steinane. Glatt og ikkje godt å gå, særleg på nedatturen. På toppen var det null grader, laber bris frå sør eller sør-søraust, og  sol det meste av tida. Lunare nede i nordsida, men ikkje sol der. Bilde 1 retta ut Tresfjorden, bilde 2 retta vest mot Vaksvika og Storfjorden, bilde 3 zoomar mot Sandfjellet til høgre, og Prosten, Øspetinden, Svartevasstinden og Mjelthaugen til venstre for dette. Bilde 4: Lite blomster att i marka no. Nokre forseinka blåknappar nede i myrlendet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Kveld på Sætrefjellet

Ser vestover mot m. a. Auskjeret og Storfjellet til venstre, Sandvikfjellet til høgre for midten og Liafjellet heilt til høgre. Det var regn i omegna, og sørleg laber bris på Sætrefjellet denne kvelden.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Ned frå Heimste Blåhornet

 

Zoomar mot Brekketindane på bildet til venstre. Ser tilbake mot nordryggen på Heimste Blåhornet på bildet til høgre. Gjekk ned denne ryggen, som i turre tilhøve er ein grei tur. I dag var der  snø og rim å passe seg for. Ruta går frå høgda oppe til høgre og ned mot venstre og utav dette bildet, og helst på baksida sett herifrå.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Over Heimste Blåhornet

 

Bilde 1: Grøtet med gardane Smoge og Smogelia. Bilde 2: Zoomar mot søraust. Av fjella langt borte er Liafjellet det spisse litt til venstre, og Holtafjellet ligg litt til høgre. Bilde 3: Ser attende mot Fremste Blåhornet. Bilde 4: Utsyn mot Vassetvatnet med Lievarden til høgre og Skrenakken lengre til høgre.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn sørover frå Fremste Blåhornet

Zoomar inn fjell i denne serien. Bilde 1 mot Skorene med Kupenibba stikkande opp bakafor og i mellom. Bilde 2 zoomar lett mot Stolshyrna midt i bildet, og Lodalskåpa stikkane sovidt opp til høgre bakom. Geitfjellet heilt til venstre. Bilde 3 viser Smørskredtindane, Slogen, Leirvasshornet og Brekketindane. Bilde 4 zoomar kraftig inn Brekketindane, Kolåstinden, Elsandtinden og Vellesæterhornet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Utsyn nordover frå Fremste Blåhornet

Zoomar fire motiv. Bilde 1 er retta utover mot Heimste Blåhornet i framgrunnen. Utafor ligg Roaldshornet med vegen, og lengre ute Auskjeret. Langt ute ligg Storfjellet ved Vatne. Den tette busetnaden som stikk fram litt til høgre er Skodje. Bilde 2 viser Storfjorden med Skotet. Brustinden, Ytstetinden, Sprovstinden og Næremstindane til høgre og langt ute. Bilde 3 viser Liabygda, og i himmelsjå i bakgrunnen ligg Lauparen, Brudefølgjet, Rollsbotnskorkja, Sandfjellet, Storbua, Trollvasstinden, Lissjevasstinden og Nonstinden. Bilde 4 viser Muldalsegga, Illstigfjellet, Pyttegga og Høgstolen i bakgrunnen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Blåhornet

Oppe på toppen var der sol, +1 grad og svak vind frå sør. Ganske komfortabelt å stoppe ei stund. Bilde 1 viser Skrenakken til høgre, Liabygda midt i bildet, og fjellryggen med Lievarden til venstre. Vassetvatnet enda lengre til venstre. Bilde 2 viser Grøtet. Bilde 3 viser Tretindanibba nærast, Eidshornet bakom, Skorene til venstre og Geitfjellet til høgre. Bilde 4 viser Kvitegga på andre sida av Strandadalen, og lengre borte m. a. Jakta, Skårtindane, Smørskredtindane, Leirvasshornet, Brekketindane, Vellesæterhornet, Brunstadhornet, Råna, Skophornet og Urdfjellet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur til Blåhornet

Var på turlagstur 23. september. Komne opp på Lievarden er der eit fint tilbakesyn mot Stranda og Storfjorden på bilde 1.  Bilde 2 er teke same staden og viser Skrenakken til høgre, Liabygda midt i bildet og Jolgrøhornet til venstre. Oppe i skaret mellom dei to Blåhorna opnar utsynet seg mot Sunnmørsalpane (bilde 3), med Emdalstindane, Skruven, Risenosa, Jakta, Smørskredtindane, Leirvasshornet, Brekketindane, Vellesæterhornet, Brunstadhornet og Råna. På bilde 4 er Vellesæterhornet, Brunstadhornet og Råna med, og vidare Dalmannshornet og Urdfjellet. Heimste Blåhornet til høgre og mykje nærare.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget