
Mot Ramoen og Molladalstindane.

Romedalstinden ruver over på andre sida av Lissjekoppen. Storkopptindane til høgre og Åvasstinden bak til venstre.

Lissjehornet midt i bildet. Kolåstinden stikk opp til venstre. Storegjyltinden stikk opp tett til høgre for Lissjehornet. Vassdalstinden og Saudehornet i bakgrunnen til høgre. Lengst til høgre ser ein først fjellryggen mellom Lissjekoppen og Romedalen, bakafor Romedalen ligg Svædalstinden og Fremste Raudfonndalstinden, og bak i himmelsjå fjella vest for Skorgedalen.

Komen opp på Nøre Snarhornet. Søraust bris og god temperatur. Nøre Sætretinden ruvar midt i bildet.

28. juli. Midt i Fladalen. Dei mørke fjella er Søre Sætretinden til venstre og Søre Snarhornet til høgre. I mellom ligg Nøre Sætretinden med breen nesten til topps.

På overgangen mellom Måsvassbu og Isfjorden. Ser tilbake. Måsvatnet ligg hitom fjella i bakgrunnen.

Utsyn nordvestover. Måsvatnet litt til høgre.

Ser sørover og ned mot Isfjorden og Åndalsnes. I himmelsjå frå venstre m.a. Trolltindane, Finnan, Taskedalstinden, Skjervan og Middagstinden (midt i bildet), Storbua, Sandfjellet, Sprovstinden og Brustinden. Det næraste fjellet med mørk skuggeside er Skarven.

Ser mot aust. Kyrkjetaket til høgre, Kjøvskartinden til venstre for midten. Lengre bak stikk Gjuratinden opp midt i linja mellom dei to førstnemnde fjella, og ser tverr ut i forma herifrå. Til venstre for denne og lengre bak stikk Hauduken opp spiss i forma. Vikesaksa bak til venstre for Kjøvskartinden.